< 瑪拉基書 3 >
1 看,我要派遺我的使者,在我前面預備道路。你們所尋求的主宰,必要忽然進入衪的殿內;你們所想望盟約的使者,看,他來了──萬軍的上主說。
Sjå, eg sender mitt bod, og han skal brøyta veg for meg. Og brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter, og paktengelen som de stundar på, sjå, han kjem, segjer Herren, allhers drott.
2 但是衪來臨之日,有誰能支得住﹖衪顯現時,有誰能站立得住﹖因為衪像煉金者用的爐火,又像漂布者用的滷汁
Men kven kann herda den dagen han kjem? Og kven kann standa når han syner seg? For han er som smeltar-eld og tvættar-lut.
3 衪必要坐下,像個溶化和煉淨銀子的人,煉淨肋未的子孫,精煉他們像精煉金銀一像,使他們能懷著虔誠,向上主奉獻祭品:
Han sit og smeltar og reinsar sylvet, han reinsar Levi-sønerne og skirar deim som gull og sylv, so dei kann bera fram for Herren offergåvor i rettferd.
4 那時,猶大和耶路撒冷所獻的祭品,必能悅樂上主,有如昔日和往年。
Då vert offergåvorne i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren som i gamle dagar og i framfarne år.
5 那時,我必前來你們接近,執行審判,迅速作證反對術士、犯奸和發虛誓的人,反對欺壓傭工,寡婦和孤兒的人,反對侵害外方人的權利,而不敬畏我的人──萬軍的上主說。
Eg kjem til dykk og held dom og vert eit snøgt vitne mot deim som fer med trolldom, som bryt egteskapet, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den faderlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers drott.
6 是的,我是上主,決不改變;但你們總是雅各伯的子孫!
For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje til ende komne.
7 自從你們祖先的日子以來,你們就離棄了我的法令,而不遵守。現在你們轉向我吧! 我必轉向你們──萬軍的上主說。你們卻說:「我們應怎樣轉向你呢﹖」
Alt ifrå fedre-dagarne hev de vike av frå loverne mine og ikkje halde deim. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott. De spør: «Kva skal me venda um ifrå?»
8 人豈能欺騙天主﹖可是你們卻欺騙了我! 你們卻說:「我們在什麼事上欺騙了你﹖」即在什一和應獻的祭物上。
Skal eit menneskje rana frå Gud, sidan de hev rana frå meg? Og de spør: «Kva hev me rana frå deg?» Jau, tiendi og reidorne.
9 他們全體人民! 你們必要遭受嚴厲的詛咒,因為你們都欺騙了我。
Forbanningi hev råka dykk, og frå meg ranar de, ja, heile folket.
10 你們應把什一之物送入府庫,好使卜殿宇存有食糧。你們就在這事上試試我吧! ──萬軍的上主說──看我是否給你們開啟天閘,將祝福傾注在你們身上,直到你們心意滿足。
Kom med heile tiendi til forrådshuset mitt, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers drott, um eg ikkje let upp himmellukorne åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål.
11 我必要為你們嚇走那舌食者,不容牠再損害你們的田產,也不讓你們田間的葡萄樹不結果實──萬軍的上主說。
Eg skal truga etaren for dykk, so han ikkje tyner grøda på jordi for dykk, og ikkje heller skal de hava vanheppa med vintreet på marki, segjer Herren, allhers drott.
12 萬民都要稱你們有福,因為你們將成為一片樂土──萬軍的上主說。
Alle folki skal prisa dykk sæle, for det vert eit herlegt land, segjer Herren, allhers drott.
13 上主說:「你們竟然敢用言語頂撞我。你們卻說:「我們在什麼話上頂撞了你﹖」
De hev bruka sterke ord imot meg, segjer Herren. Og de spør: «Kva hev me tala med kvarandre imot deg?»
14 即在你們說:「事奉天主只是徒然! 遵守衪的誡命,在萬軍的上主面前,穿苦衣而行,有什麼好處﹖
Jau, de segjer: «Det er fåfengt å tena Gud. Kva bate hev me av at me agtar på hans krav og gjeng syrgjeklædde for Herren, allhers drott?
15 現在我們該稱驕傲人有福;作惡的人,居然順利,試探天主的人居然免罰! 」
Nei, no prisar me dei ovmodige sæle; dei hev medgang når dei liver i gudløysa, dei freistar Gud og slepp vel ifrå det.»
16 這是敬畏上主的人彼此談論的。但上主都加以注意而聽見了,並且在衪面前的記錄簿上,為那些敬畏上主和投靠衪名號的人予以記錄了。
Då tala dei med kvarandre, dei som ottast Herren, og Herren lydde og høyrde på, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn um deim som ottast Herren og tenkjer på hans namn.
17 在我行事的時日──萬軍的上主說──他們必是屬於我的產業,我要憐愛他們,有如人憐愛服事自己的兒子。
Og dei skal vera min eigedom, segjer Herren, allhers drott, på den dagen som eg skaper, og eg skal spara deim liksom ein mann sparer son sin som tener honom.
18 你們將要重新看出義人和惡人,服事天主和不服事天主的人的區別。
Då skal de atter sjå skil på den rettferdige og den gudlause, den som tener Gud og den som ikkje tener honom.