< 約珥書 2 >
1 你們要在熙雍吹起號角,在我的的聖山下吹起號筒! 叫大地所有的居民戰慄害怕,因為上主的日子來了,且已來近了。
Lat luren ljoma på Sion! Skrik høgt på mitt heilage fjell! Skjelve, alle i mannaheimen! Koma skal Herrens dag, ja, han er nær.
2 那是一個陰霾昏暗的日子,是一個濃雲漆黑的日子! 一個龐大結盛的民族猶如曙光一樣,散布在各山下;像這樣的民族,是亙古以來從未有過,此後歷盡萬世萬代,也不會再有。
Ein dag med myrker og dimma, ein dag med skodda og sky, som ein morgongråe er eit tallaust folk breidt yver fjelli. Du liken aldri ser frå æva som var, og aldri i åri til komande ætter.
3 在這的前面,有吞滅的烈火,後面,有燃燒的火燄;這民族未來以前,大地有如伊甸樂園,既來以後,卻成了荒涼的;什麼也沒有留下。
Framfyre et elden upp; og etter kjem brennande logen. Som Edenshagen var landet framfyre og etterpå snaudaste heidi. Å berga noko nyttar ikkje her.
Som øykjer er dei å sjå til, som stridshestar tråvar dei fram.
5 牠們跳躍,發出有如戰車越過山巔的轔轔聲,發出有如烈火焚燒稻草的爆裂聲,活像一支嚴陣以待的強大軍旅。
Liksom glamrande vogner fer dei yver alle fjell. Det susar og brusar, som når eld sleikjer strå, som ei veldug herfylking samla til strid.
Støkken tek folk ved syni, alle andlit skiftar lit.
7 們們疾進有如勇士,攀登城牆有如戰士,各走自己的路線,從不混亂自己的行列。
Som kjempor rusar dei i veg, liksom stridsmenner stormar dei murar. Kvar ein på si leid sturtar fram, og aldri dei krøkjer sin veg.
8 牠們各不相擠,各循自己的路線進行;既使衝鋒陷陣,仍不散亂。
Ingen trengjer den andre burt, kvar hev si eigi braut, tvert gjenom våpni, og ho brest ikkje rekkja.
9 牠們進攻城邑,奔上城牆壁,攀登屋頂,闖進窗戶,一個盜賊一樣。
Inn i byen dei stormar, stig upp på muren, gjeng inn i husi, og inn gjenom vindaugo bryt dei seg som tjuvar.
10 在牠們面前,大地為之震蕩,諸天為之搖動,星辰為之失光。
Jordi fyre deim skjelv, himlarne bivrar, sol og måne dei svartnar, medan stjernorne løyner sin glans.
11 上主在自己的軍旅散發出了自己的聲音,衪的隊伍極其龐大,執行衪命令的,又是強而有力的;上主的一個子實在偉大,極甚可怕:有誰能抵得住﹖
Og Herren let høyra sitt mål framfyre si fylking, for ovstor er hans herlæger, veldug hans ærendsvein er. Ja, stor er Herrens dag og skræmeleg, kven held honom ut?
12 至少現在,──上主的斷語──你們應全心歸向我,禁食,哭泣,悲哀!
Men no og det gjeld, so mæler Herren, vend um til meg med heile dykkar hjarta, med fasta og gråt og med klaga.
13 應撕裂的,是你們的心,而不是你們的衣服;你們應歸向上主你們的天主.因為衪寬仁慈悲,遲於發怒,富於慈愛,常懊悔降災。
Riv sund dykkar hjarta og ei dykkar klæde, vend um til Herren dykkar Gud! For han er nådig og hugmild er han, hev tolugt sinn, er rik på miskunn, han angrar det vonde.
14 有誰知道,也許衪會轉意後悔,在這場災禍後,給你們留下祝福,好使你們能給上主你們的天主獻上素祭和奠祭。
Ja, kven veit? Han snur og angrar, og han legg etter seg velsigning, grjon- og drykkoffer for Herren, dykkar Gud.
15 你們要在熙雍吹起號角,制定一個齋期,召開一個盛會。
Blås i luren på Sion, haldt fastehelg, lys heilag samling!
16 要召集民眾,制定一個集會。召集老人,集合幼童,既使吃奶的嬰兒;新郎應走出他的洞房,新郎應離開她的閨房。
Samla folket! Vigsle lyden! Få i hop dei gamle, samla dei små, ja, borni på fanget! Brudgomen gange or sitt hus og bruri frå stova si!
17 上主的僕人──司祭,應在殿廊與祭壇之間痛哭,說:「上主,求你憐恤你的百姓,不要讓你的基業遭受侮辱,使異民取笑他們! 為什麼讓人在異民中說:他們的的天主在哪裏﹖」
Millom forhall og altar skal dei gråta prestarne, Herrens tenarar, og segja: «Spar, Herre, folket ditt, og ikkje du gjere din eigen lyd til eit spottord, til eit ordtak millom folki! Kvi skal dei segja millom folki: «Kvar er deira Gud?»»
18 上主對自己的地域又重加妒愛,憐憫了自己的百姓。
Då gløddest Herren upp for sitt land, og han sparde sitt folk.
19 上主答覆衪的百姓說:我必再賜給你們五榖、酒、油,使你們得享飽飫;不再使你們在異民中遭受恥辱。
Herren svara og tala til sitt folk: Sjå, eg vil senda til dykk både korn og saft og olje, so de kann mettast av det. Og ikkje vil eg gjera dykk meir til spott millom folki.
20 我要使從北方來的大軍,遠離你們;要驅逐他們到荒涼不毛地,使他們的先鋒面向東海,使他們的殿軍面向西海;他們的臭氣要上升,他們的腥臭要上騰。「因為他們行了大惡。」
Norderheren driv eg langt burt ifrå dykk. Eg skal støyta honom ut i eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Og vondt skal det dåma, ja ilt skal det tevja. For storverk hev han gjort.
21 田地,你不要害怕,反要歡愉喜樂,因為上主行了大事。
Ikkje ottast, du land, men gled deg og ver sæl! For storverk hev Herren gjort.
22 田間的野獸,你們不要害怕,因為原野的牧場又已發青,樹木已再結果,無花果樹和葡萄樹必再供給出產。
Ikkje ottast, du fe på marki, for no grønast graset på heidi. Og trei ber frukt, fiketre, vintre gjev no si kraft.
23 熙雍的子女! 你們應歡樂,應喜樂於上主你們的天主,因為衪按公義,像昔日一樣,賜給了且給你們時雨,且給你們降下甘霖:秋雨和春雨。
Og Sions søner, fagna og frygda dykk i Herren, dykkar Gud! For han gjev åt dykk læraren til rettferd; so sender han dykk haustregn og vårregn som fyrr.
Og fyllast skal låvarne med korn, og persorne fløyma med vinsaft og olje.
25 我必要補償你們,我對你們派來的大軍:飛蝗、冬斯、蚱蜢和蝻子,連年所吃掉的收成。
Og skadebot gjev eg for grøda som tyntest av grashoppen, bitaren, etaren, gnagaren, min store her, som eg sende imot dykk.
26 你們必得飽食,必要頌揚上主你們的天主的名,因為衪為你們行了奇妙的事。 [我的百姓永不再蒙受羞辱。]
Og de skal få nøgdi eta og mettast. Og då skal de lova namnet åt Herren dykkar Gud, han som hev underleg stelt med dykk, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
27 你們將會知道:我是在以色列中間,我是上主你們的天主,此外再沒有別的神;而我的百姓永不再蒙受羞辱。
Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren, dykkar Gud, og ingen annan, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
28 此後──上主的斷語──我要將我的神傾注在一切有血肉的人身上:你們的兒子們和你們的女兒們要說預言,你們的老人要人要看夢境,你們的青年要見神視;
Og sidan henda det skal: Eg renner min ande yver alt kjøt. Dykkar søner og døtter skal tala profetord; dei gamle hjå dykk skal draumar drøyma, gutarne dykkar skal syner sjå.
29 在那些日裏,既使在奴僕和婢女身上,我也要傾注我的神。
Ja, og yver trælar og trælekvende eg renner min ande i dagarne dei.
30 我要在上天下地顯示奇異的徵兆:血、火和煙柱。
Under eg gjer på himmel og på jord, blod og eld og kvervlande røyk.
31 在上主偉大可畏的日子來臨以前,太陽要變為昏暗,月亮要變成血紅。
Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr han kjem, Herrens dag, den store og skræmelege.
32 將來,凡呼號上主名號的人,必然獲救,因為如上主所說,在熙雍山,在耶路撒冷必有救援,必有上主召選的劫後餘生。
Men kvar ein som kallar på Herrens namn, bergast skal han. For på Sions fjell og i Jerusalem skal finnast ein flokk av frelste som Herren hev sagt, og til den utfria flokken høyrer dei som Herren kallar.