< 約伯記 41 >
Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum,
2 你豈能以鼻圈穿過牠的鼻子,以鉤子刺透牠的腮骨﹖
Draga snor i gjenom nosi, hogga krok i kjaken hans?
Vil han tigga um nåde, tala mjuke ord til deg?
Tru han vil gjera samband med deg og din træl for alltid verta?
5 你豈能玩弄牠像玩弄小鳥,將牠縛著作你女兒的玩物﹖
Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band?
Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar?
Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar?
8 將你的掌撫在牠身上罷! 若你想到惡鬥,決不敢再撫。
Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje!
Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han.
10 沒有一個勇敢的人敢觸犯牠,有誰還敢站立在牠前面呢﹖
Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa?
Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig.
12 論牠的四體百肢,我不能緘默;論牠的力量,我要說:沒有可與牠相比的。
Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad.
Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard?
Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg.
Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling.
Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim.
Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt.
Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden.
Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå.
Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar.
Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend.
22 牠的力量集中在牠的頸上,在牠面前,沒有不恐怖的。
I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn.
Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg.
Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni.
Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs;
Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil.
Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved.
Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm,
og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar.
Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede.
Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel.
Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår.
Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug.
Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.»