< 耶利米書 42 >
1 眾部隊首領與卡勒亞的兒子約哈南和瑪阿色雅的兒子阿匝黎雅及,不分大小,
Då kom alle herhovdingarne fram, likeins Johanan Kareahsson og Jesanja Hosajason, og alt folket, både små og store,
2 前來對耶肋米亞先知說:「願你接受我們對你的請求,請你為我們全體遺民,轉求上主你的天主。我們原來人數眾多,如今只剩下你親眼見的這幾個人了。
og sagde til profeten Jeremia: «Unn oss å leggja bøni vår fram for di åsyn, at du må beda for oss til Herren, din Gud, for all denne leivningen - for berre nokre få er me att av mange, so som du sjølv ser på oss -
3 惟願上主你的天主指示我們該走的路,和當行的事! 」
at Herren, din Gud, vil kunngjera for oss kva veg me skal ganga, og kva me skal gjera.»
4 耶肋米亞先知答覆他們說:「我聽見了! 好,我願依照你們的話,祈求上主你們的天主;但凡上主答覆的話,我必全告訴你們,不對你們隱瞞什麼。」
Profeten Jeremia sagde til deim: «Godt og vel! Sjå, eg vil beda til Herren, dykkar Gud, so som de segjer, og alt det Herren svarar dykk, det skal eg segja dykk. Eg vil ikkje halda noko løynt for dykk.»
5 他們鑽覆耶肋米亞說:「願上主在我們中間作真實和忠信的見證,如果我們不依照上主你的天主叫你傳給我們的一切話去做。
Då sagde dei med Jeremia: «Herren vere eit sant og trufast vitne mot oss, um me ikkje gjer etter kvart det ordet som Herren, din Gud, sender deg med til oss.
6 或好或壞,我們願聽從上主我們天主的話,因為是我們派你去向他祈求;我們聽從了上主我們的天主的話,我們就必順利。」
Anten det er godt eller vondt, so vil me lyda røysti åt Herren, vår Gud, som me sender deg til, so det må ganga oss vel når me lyder røysti åt Herren, vår Gud.»
So hende det ti dagar etterpå, at Herrens ord kom til Jeremia.
8 他便召集卡勒亞的兒子約哈南和隨從他的眾部隊首領以及全體人民,不分大小,
Og han kalla på Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var med honom og alt folket, både små og store,
9 對他們說:「你們派我去向他面陳你們的請求的上主,以色列的天主這樣說:
og sagde med deim: So segjer Herren, Israels Gud, som de sende meg til, so eg skulde leggja bøni dykkar fram for hans åsyn:
10 如果你們決意住在這地方,我必建立你們,決不加以破壞;我必栽培你們,決不予以拔除,因為我已後悔給你們所降的災禍。
Um de vert buande i dette landet, so vil eg byggja dykk upp og ikkje riva ned, og planta dykk og ikkje rykkja upp. For eg angrar det vonde som eg hev gjort dykk.
11 你們不要害怕你們所害怕的巴比倫王;不要害怕他──上主的斷語──因為有我與你們同在,作你們的救援,從他的手中搶救你們。
Ottast ikkje Babel-kongen, som de no ottast, ottast ikkje honom! segjer Herren; for eg er med dykk og til å frelsa dykk ut av hans hand.
12 我必憐恤你們,也叫他憐恤你們,讓你們仍住在你們的國土內。
Og eg vil lata dykk få miskunn, so han miskunnar dykk og snu heim att til landet dykkar.
13 但是,如果你們不聽從上主你們的天主的話,說:我們不願住在這地方;
Men um de segjer: «Me vil ikkje vera i dette landet, » lyder de ikkje røysti åt Herren, dykkar Gud,
14 或說:不,我們要去埃及地,在那裏再見不到戰爭,再聽不到號聲,再不缺乏食糧;我們要去住在那裏!
men segjer: «Nei, men me vil fara til Egyptarlandet, der me slepp å sjå herstrid og høyra omen av stridslur og hungra etter brød, og der vil me bu» -
15 那麼,猶大的遺民! 請你們聽上主的話。萬軍的上主,以色列的天主這樣說:假使你們決意要往埃及去,在那裏寄居,
so høyr no difor Herrens ord, du Juda-leivning! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Um de til røyndar held stemneleidi til Egyptarland, og fer dit og vil bu der,
16 你們害怕的刀劍,必在埃及地襲擊你們;你們憂慮的饑荒,必在埃及跟蹤你們,使你們死在那裏。
då skal sverdet som de ottast nå dykk der i Egyptarlandet, og svolten som de no ræddast, skal elta dykk til Egyptarland, og der skal de døy.
17 凡決意往埃及去,到那裏寄居的人,必要死於刀劍、饑荒和瘟疫,沒有一人能幸免,逃脫我給他們招來的災禍。
Og alle dei menner som held stemneleidi til Egyptarland og vil bu der, dei skal døy for sverd, av svolt og i sott, og ingen av deim skal sleppa frå eller komast undan den ulukka som eg let ganga yver deim.
18 的確,萬軍的上主,以色列的天主這樣說:正如我對耶路撒冷居民曾發怒洩恨;同樣我要對去埃及的你們洩恨,叫你們遭受憎恨、厭惡、詛咒、侮辱,永不再見此地。」
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Likeins som min vreide og harm var utrend yver Jerusalems, so skal min harm og verta utrend yver dykk når de fer til Egyptarland, so de vert til ein eid og til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding, og de skal aldri meir sjå denne staden.
19 「猶大的遺民! 這是上主對你們說的話:不要到埃及去。你們該清楚知道:我今天對你們作證,
Herren hev tala til dykk, du Juda-leivning: Far ikkje til Egyptarland! Vita skal de at eg hev vara dykk i dag.
20 你們實在是自己欺騙自己;原是你們派我去求問上主你天主說:請你為我們轉求上主我們的天主,凡上主我們的天主說的,你要全告訴我們,我們必依照遵行。
For de dårar dykk - og her stend det um livet - for de sende meg til Herren, dykkar Gud, og sagde: «Bed for oss til Herren, vår Gud, og kunngjer oss alt det som Herren, vår Gud, segjer oss, so vil me gjera det.»
21 我今天告訴了你們,你們卻全不聽從上主你們的天主,打發我來告訴你們的話。
Og eg hev kunngjort dykk det i dag, men de hev ikkje lydt på røysti åt Herren, dykkar Gud, i noko av det som han hev sendt meg med til dykk.
22 現在,你們該知道:在你們要去寄居的地方,你們必死於刀劍、饑荒和瘟疫。」
Og vita skal de no, at de lyt døy for sverd, av svolt og i sott på den staden som de stundar etter å koma til so de kunde bu der.