< 耶利米書 16 >

1 上主的話傳給說:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 「在這地方,你不要取妻,不要有兒女,
Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få deg søner og døtter på denne staden.
3 因為上主關於生在這地方的子女,和這境內生育他們的母親,以及生養他們的父親這樣說:
For so segjer Herren um dei sønerne og døtterne som vert fødde på denne staden, og um deira møder som føder deim, og um deira feder som fær deim i dette landet:
4 「他們必死於死症,沒有人哀悼,沒有人掩埋,有如地面上的糞土。他們反為戰爭和饑荒所毀滅,他們的屍首,必成為天上飛鳥和地上野獸的食物」。
Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
5 因為上主這樣說:「你不要進入居喪者之家,去舉哀弔唁,因為我已由這人民撤回了我的平安、慈愛和憐憫──上主的斷語──
For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga og barma deg med deim og ikkje ynkast yver deim. For eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn.
6 無論大小都要死在這地方,無人掩埋,
Og dei skal døy, store og små, i dette landet, ingen skal jorda deim; og dei skal ikkje barma seg yver deim og rispa seg i holdet eller raka seg snaude i kruna for deira skuld.
7 沒有人為他們舉喪,沒有人與居喪者分食喪餅,以相弔慰;沒有人與居喪或父母者飲一杯慰唁酒。
Og dei skal ikkje brjota brød åt nokon til trøyst i sorgi etter ein avliden og ikkje gjeva nokon trøystestaupet å drikka yver far han eller mor hans.
8 有宴會的家,你 也不要進去,與他們一同坐下吃喝,
I gjestebod skal du ikkje heller ganga og sitja der og eta og drikka.
9 因為萬軍的上主,以色列的天主這樣說:看,我必在你們眼前,在你們的時日內,使這地方再也聽不到歡和喜樂的聲音,新郎和新娘的聲音。
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, framfor dykkar augo og i dykkar dagar let eg på denne staden kverva burt fagnadrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur.
10 當你把這一切話告訴這人民,他們必問你說:為什麼上主對我們宣佈了這一切大災禍﹖我們有什麼過犯,我們有什麼罪惡干犯了上主我們的天主﹖
Når du då kunngjer for dette folket alle desse ordi, og dei segjer med deg: «Kvi hev Herren varsla all denne store ulukka yver oss, og kva er misgjerningi vår og kva er syndi vår som me hev forsynda oss med mot Herren, vår Gud?»
11 你就答應說:是因為你的祖先離棄了我──上主的斷語──跟隨了別的神祗,事奉朝拜,而背棄了我,沒有遵守我的法律。
då skal du segja med deim: «For di federne dykkar vende seg frå meg, segjer Herren, og gjekk etter andre gudar og tente deim og tilbad deim, men meg vende dei seg ifrå, og lovi mi heldt dei ikkje.
12 至於你們,你們作惡更甚於你的祖先;看,你們各人隨從自己頑固的惡意生活,不聽從我;
Og de for verre åt enn federne dykkar; for sjå, kvar einaste av dykk ferdast etter dykkar vonde harde hjarta og høyrde ikkje på meg.
13 所以我必從這地上將你們驅逐,到你們和你的祖先從不認識的地方去,讓你們在那裏日夜事奉別的神祗;我再也不對你們表示憐愛。
Difor vil eg kasta dykk ut or dette landet til eit land som de ikkje kjenner, korkje de eller federne dykkar. Og der skal de tena andre gudar dag og natt, for eg vil ikkje gjera miskunn med dykk.»
14 [為此,看,時日必將來臨──上主的斷語──人不再發誓說:領以色列子民由埃及地上來的「上主永在」,
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då ein ikkje lenger skal segja: «So visst som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Egyptarlandet, »
15 卻要說:領以色列子民由北方,並由衪驅逐他們所至的各地回來的「上主永在」;因為我必領他們回到我已賜給他們祖先的地方]。
men: «So sant som Herren liver, han som leidde Israels-borni ut or Norderlandet og ut or alle dei landi som han hadde drive deim burt til.» For eg vil leida deim attende til landet deira, det som eg gav federne deira.
16 看,我必派許多漁夫上主的斷語──來捕捉他們;以後,我又派許多獵人來, 8各山上,各丘陵和岩石的裂縫間,獵取他們,
Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, segjer Herren, og dei skal fiska deim. Og sidan sender eg bod etter mange veidemenner, og dei skal veida deim burt frå kvart eit fjell på kvar ein haug og i bergskortorne.
17 因為我的眼注視他們的一切行徑,他們不能由我面前隱藏,他們的過犯在我眼前也不能隱藏。
For eg held auga med alle vegarne deira; dei er ikkje løynde for mi åsyn, og misgjerningarne deira er ikkje dulde for mine augo.
18 我首先先要加倍報復他們的過犯和罪惡,因為他們以死屍般的偶像玷污了我的土地,使我的的基業上滿是醜惡的神像」。
Og fyrst vil eg lata deim bøta tvifelt for deira misgjerning og synd, av di dei vanhelga landet mitt med dei daude skrottarne av styggetingi sine og fyllte odelsjordi mi med ufyseskapen sin.
19 上主,我的力量,我的保障,我憂患之日的避難所,萬民必從地極來到你面前說:「我們的祖先承受的只是虛假、空虛和毫無益處的事」。
Herre, min styrke og mi vern og mi livd på naudar-dagen! Til deg skal heidningfolk koma frå endarne av jordi. Og dei skal segja: «Berre lygn fekk federne våre fenge i arv, fåfenglege avgudar, gagnløysor alle saman.
20 人豈能為自己製造神祗﹖凡製造的,絕不是神!
Kann mannen gjera seg gudar? - slikt er då ikkje gudar.»
21 為此,看,我必叫他們知道,這此我必叫他們體驗我的手和我的能力,使他們知道我的名字是「上主」。
Difor, sjå, eg vil lata deim kjenna det, denne gongen vil eg lata deim kjenna mi hand og mitt velde, so dei skal få vita at namnet mitt er Herren.

< 耶利米書 16 >