< 出埃及記 3 >

1 那時梅瑟為他的岳父,米德楊的司祭耶特洛放羊;一次他趕羊往曠野裏去,到了天主的山曷勒布。
Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb.
2 上主的使者叢荊棘叢火焰中顯現給他;他遠遠看見那荊棘為火焚燒,而荊棘卻沒有燒毀。
Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.
3 梅瑟心裏說:「我要到那邊看看這個奇異的現象,為什麼荊棘燒不毀﹖」
Då tenkte Moses med seg: «Eg vil ganga innåt og sjå dette store underet, kvifor klungeren ikkje brenn upp.»
4 上主見他走來觀看,天主便由荊棘叢中叫他說:「梅瑟! 梅瑟! 」他答說:「我在這裏。」
Då Herren såg at han kom innåt og vilde sjå, so ropa Gud til honom utor klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
5 天主說:「不可到這邊來! 將你腳上的鞋脫下,因為你所站的地方是聖地。」
Då sagde han: «Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.»
6 又說:「我是你父親的天主,亞巴郎的天主,依撒格的天主,雅各伯的天主。」梅瑟因為怕看見天主,就把臉遮起來。
Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.
7 上主說:「我看見我的百姓在埃及所受的痛苦,聽見她們因工頭的壓迫而發出的哀號;我以注意到他們的痛苦。
Og Herren sagde: «Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futarne; eg veit kva dei lid.
8 所以我要下去整救百姓脫離埃及人的手,領他們離開那地方,到一個美麗寬闊的地方,流奶流蜜的地方,就是客納罕人、赫特人、阿摩黎人、培黎齊人、希威人和耶步斯人的地方。
Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
9 現在以色列子民的哀號已達於我前,我也親自看見埃及人加於他們的壓迫。
For no hev naudropet frå Israels-borni nått upp til meg, og eg hev og set korleis egyptarane trugar og plågar deim.
10 所以你來,我要派你到法朗那裏,率領我的百姓以色列出離埃及。」
Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!»
11 梅瑟對天主說:「我是誰,竟敢去見法朗,率領以色列子民出離埃及﹖」
Då sagde Moses til Gud: «Er eg den mann, at eg kann ganga til Farao, og kann eg føra Israels-borni ut or Egyptarland?»
12 上主回答說:「我必與你同在;幾時你將我的百姓由埃及領出來,你們要在這座山上崇拜天主,你要以此作為我派你的憑據。」啟示上主的名字
Og han sagde: «Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet.»
13 梅瑟對天主說:「當我到以色列子民那裏,向他們說:你們主先的天主打﹖我到你們這裏來時,他們必要問我:他叫什麼名字﹖我要回答他們什麼呢﹖」
Då sagde Moses til Gud: «Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer med deim: «Fedreguden dykkar hev sendt meg til dykk, » og dei so spør: «Kva er namnet hans?» kva skal eg då svara deim?»
14 天主向梅瑟說:「我是自有者。」又說:「你要這樣對以色列子民說:那「自有者」打發我到你們這裏來。」
Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni, » sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.»
15 天主又對梅瑟說:「你要這樣對以色列子民說:上主,你們祖先的天主,亞巴郎的天主,依撒格的天主和雅各伯的天主,打發我到你們這裏來,這是我的名字,直到永遠;這是我的稱號,直到萬世。
Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.»
16 你去召集以色列的長老,對他們說:上主,你們祖先的天主,亞巴郎的天主,依撒格的天主和雅各伯的天主顯現給我說:我實在注意到你們和你們在埃及所遭遇到的一切。
Gakk no du, og samla i hop dei øvste i Israel, og seg med deim: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland.
17 因此我決意領你們擺脫埃及人的壓迫,到客納罕人,赫特人,阿摩黎人,培黎齊人,希威人和耶步斯人的地方,即流奶流蜜的地方。
Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
18 他們必會聽你的話。你要同以色列的長老去見埃及王,對他說:上主,希伯來人的天主遇見了我們;現今請讓我們走三天的路程,到曠野裏向上主我們的天主舉行祭獻。
Og dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja med honom: «Herren, Hebræarguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud!»
19 但是我知道,若不用強硬的手段,埃及王決不會讓你們走。
Men eg veit at kongen i Egyptarland ikkje gjev dykk lov til å fara, ikkje um han so fær kjenna ei sterk hand yver seg.
20 因此,我要在埃及顯各種奇蹟,打擊那地;以後他才放你們走。
So vil eg då lyfta handi mi, og slå egyptarane med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom deim, og då skal dei sleppa dykk.
21 我必要使這百姓在埃及人眼中蒙恩,因此,你們離去時不致空手而走。
Og eg vil gjera det so at egyptarane fær godvilje for dette folket, so de ikkje skal fara tomhendte, når de fer;
22 各個婦人應向鄰舍的婦女,向住在自己家中的女人索取金鉓、銀飾和 衣服,穿戴在你們子女身上:這樣你們就剝奪人埃及人。」
men kvar kona skal beda grannekona si, eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønerne og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.»»

< 出埃及記 3 >