< 申命記 20 >
1 當你出征進攻你的仇敵,見到戰馬戰車和比你更多的群眾時,你不必害怕,因為領你出埃及地的上主你的天主與你在一起。
Når du fer ut i strid mot fienden, og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje rædd deim! Herren, din Gud, er med deg, han som førde deg ut or Egyptarlandet.
Når de bur dykk til strid, skal presten stiga fram og tala til folket
3 向他們說:「以色列,請聽! 你們今天就要上陣攻打你們的仇敵,你們不要灰心,不要害怕,不要恐慌,不要在他們面前戰慄,
og segja til deim: «Høyr, Israel, i dag bur de dykk til strid mot fienden! Tap ikkje modet! Ver ikkje rædde eller hugfalne eller forstøkte!
4 因為上主你們的天主與你們同去,幫助你們攻打你們的仇敵,使你們勝利。」
For Herren, dykkar Gud, gjeng med dykk, og vil strida for dykk mot fienden og hjelpa dykk.»
5 然後長官對民眾說:「誰若蓋了新房屋,還沒有祝聖,他可回家去,免得他死在戰場,別人來替他祝聖。
So skal formennerne tala til folket og segja: «Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset.
6 誰若栽種了葡萄園,還沒有享用過,他可回家去,免得他死在戰場,別人來替他收穫。
Og er her nokon som hev stelt seg til ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av honom, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen.
7 誰若與女人訂了婚,還沒有迎娶,他可回家去,免得他死在戰場,別人來娶她。」
Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå ikkje halde brudlaup, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan få bruri.»
8 長官再繼續對民眾致辭說:「誰若害怕灰心,他可回家去,免得他使兄弟的心,如他的一樣沮喪。」
Dette skal og formennerne segja til folket: «Er her nokon som er rædd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han.»
Og når formennerne er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren.
Når du gjeng fram mot ein by og vil taka honom, skal du fyrst bjoda fred.
11 若那地給你和平的答覆,給你開門,城內所有的人民就臣服於你,給你服役。
Tek dei då imot tilbodet, og opnar portarne for deg, so skal alt folket i byen vera dine tenarar og arbeida for deg.
Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen;
13 幾時上主你的天主將城交在你手中,你應用利刃殺盡所有的男人;
og når Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner;
14 至於婦女、嬰兒、牲畜和在城內所有的一切,算是你奪得的勝利品,你可享用你由仇人奪得的勝利品,因為是上主你的天主賜給你的。
men kvinnor og born og bufe og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg; du kann nøyta herfanget du tek frå fiendarne, og som Herren, din Gud, hev gjeve deg.
15 這是你對於離你很遠,且不屬於這些民族的城市的作法。
Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte, og ikkje høyrer desse folki til.
16 但是在上主你的天主賜給你作產業的這些人民的城市內,你不可讓任何生靈生活,
Men i dei byarne som høyrer desse folki til, og som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv.
17 應將他們:即赫特人、阿摩黎人。客納罕人、培黎齊人、希威人和耶步斯人,盡行毀滅,如上主你的天主吩咐你的,
Du skal bannstøyta deim og rydja deim ut, både hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, soleis som Herren, din Gud, hev sagt deg;
18 免得他們教你學習他們對自己的神所行的一切可惡之事,使你們得罪上主你們的天主。
elles kunde dei læra dykk å gjera alt det stygge dei sjølve gjer til æra for gudarne sine, og då vilde de synda mot Herren, dykkar Gud.
19 若你圍攻一座城,需要多日纔能攻取佔領,你不可用斧頭砍伐那裏的樹木;你可以吃樹上的果子,卻不可砍倒樹;難道田間的樹可當作你圍攻的敵人看待﹖
Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge fyrr du fær teke honom, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og setja øks i deim. Du kann eta av deim, men du skal ikkje skadehogga deim. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med deim?
20 只是那些你不知道不結實的樹木,你可毀壞砍伐,用來建築圍攻的設備,為進攻與你交戰的城市,直到將城攻下。
Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, deim kann du øyda og hogga ned, og byggja kringsetjingsverk mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.