< 但以理書 11 >

1 瑪待人達理阿王元年,他前來堅固我,協助我。
Og eg stod og ved hans sida til hjelp og til vern det fyrste styringsåret åt medaren Darius.»
2 現在我要把真事告訴你:看,在波斯還要興起三位君王,第四位要擁有大量的財富,遠遠超過以前所有的君王;他因財富而強盛,於是煽動萬國對抗雅汪國。
Og no skal eg kunngjera deg det som visst er. Sjå, endå skal tri kongar standa fram i Persia, og den fjorde skal vinna seg større rikdom enn nokon av dei andre, og når han er vorten sterk ved rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Javanriket.
3 以後要興起一位英勇的君王,他獨掌大權,統治一切,為所欲為。
Sidan skal det standa fram ein veldug konge, og han skal rikja med stor magt og gjera som han vil.
4 但當他極盛的時候,他的國必要瓦解,他的天下必要四分五裂,而不歸於他的後裔;也沒有相似他所有的統治權,他的國必要滅亡,歸屬不是他後裔的外人。
Men han skal ikkje for vel vera komen, fyrr riket hans skal rivna og verta sundbytt etter dei fire himmelætterne; og det skal ikkje falla hans ætt til eller verta so megtigt som det var då han rådde; for riket hans skal rivast og falla andre til enn deim.
5 南方的君王要強盛起來,但他的將領中,有一個比他更強的要獲得政權;他王國的勢力非常強大。
Og kongen i Sudlandet skal verta veldug, og ein av hovdingarne hans og; ja, denne hovdingen skal verta ein endå veldugare hovding enn han sjølv er, og veldet hans skal verta stort.
6 幾年以後他們要締結同盟,南方君王的公主要嫁給北方的君王,以求修好;但是她得不到勢力,她和她所生的也不能久存;她和她的侍從,她的兒子以及輔助她的都要被殺害。到那時,
Og um nokre år skal dei gjera ei semja seg imillom, og dotter åt Sudlands-kongen skal draga avstad til kongen i Norderlandet og freista å få deim forlikte. Men magti ho vinn, skal ho ikkje eiga lenge, ikkje heller skal han og hans magt verta varande; men ho skal verta gjevi til pris, ho tilliks med deim som let henne draga dit, både far hennar og den mannen som i si tid tok henne til seg.
7 必從她根上出生一個嫩枝,繼承父位;他必興師出征,進入北方君王的保壘,將他們擊敗,獲得勝利;
Men av renningar frå hennar rot skal ein stiga upp i hans stad. Han skal fara fram imot heren åt kongen i Norderlandet og brotja inn i festningarne hans og gjera med deim som han vil, og han fær yvermagt.
8 並將他們的神像、鑄像和金銀寶器劫往埃及,從此數年之久與北方的君王對峙;
Gudarne deira og bilæti og dei dyrverdige kjeraldi deira, både sylv og gull, skal han føra til herfang til Egyptarland. Sidan skal han i nokre år lata kongen i Norderlandet vera i fred.
9 但北方的君王終要侵入南方君王的國土,事後仍返回本國。
Men han skal trengja inn i riket åt Sudlands-kongen; men han skal venda heim att til landet sitt.
10 他的兒子必要備戰,招募強大的勁旅,親自出征;衝過時,相似洪水氾濫;他必猛攻,直逼敵軍的保壘。
Og sønerne hans skal bu seg til strid og samla velduge herar; og ein av deim skal fara fram og fløyma yver og breida seg ut; og han skal koma att, og striden skal dei føra fram alt til festingi hans.
11 南方的君王必然大怒,出師與北方的君王交戰,北方的君王也必調集大軍,但這支大軍必被交在敵方手中。
Då skal kongen i Sudlandet reisa seg i harm og draga ut og strida mot kongen i Norderlandet, og han skal fylkja ein stor her; men den heren skal verta gjeven i hans hender.
12 這支大軍被擄去以後,南方的君王便心高氣傲,不過他雖擊斃千萬大軍,仍不能強盛,
Når so heren er sprengd, aukar ovmodet hans; men um han so hev felt titusund, fær han då ikkje magti.
13 因為北方君王必再調集大軍,比以前更為龐大,數年以後,再率領大軍,帶著大量的輜重,出征南下。
Kongen i Norderlandet skal fylkja ein ny her, større enn hin; og um nokre års tid skal han koma med ein stor krigsher og stort træn.
14 那時,將有許多人起來攻擊南方君王,你百姓中的匪徒也要起來,為應驗異象,但他們終必失敗。
På same tid skal mange reisa seg mot kongen i Sudlandet; og valdsmenner av ditt eige folk skal og reisa seg, so syni skal sanna seg.
15 北方的君王就前來,興建壁壘,攻取堅城,南方的軍隊不能抵抗,連精銳的部隊也無力抵禦。
Og kongen i Norderlandet skal fara fram og setja upp vollar og taka ein borgby, og Sudlands-magti skal ikkje kunna standa seg, og det utvalde herfolket hans skal ikkje eiga magt til motstand.
16 來攻南方君王的,必任意而行,沒有人能抵抗;他還要立足在華麗之地,破壞之權操在他手中。
Han som fer imot honom, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot honom; han skal setja seg fast i det herlege landet, og øyding skal handi hans valda.
17 他企圖征服整個南國,遂與南方君王立約通婚,將自己的女兒嫁給他,好傾覆他的國,但是他的企圖沒有成功,也沒有見效。
Og han skal etla seg til å koma med heile magti i riket sitt; like vel er han huga på semja, og det skal han og få til. Ei av døtterne sine skal han gjeva honom til kona, til tjon for landet. Men det skal ikkje koma i stand og ikkje verta av.
18 此後,他要轉向各島嶼,佔據了許多島嶼;但有一個將官要阻止他的蠻橫,使他的蠻橫害了自己。
Etterpå skal han snu seg mot øylandi og taka mange; men ein herførar skal gjera ende på svivyrdingi hans, ja, lata svivyrdingi hans koma yver honom sjølv.
19 他遂轉身回到他國內的保壘裏,終於一蹶不振,從此消失不見。
Då skal han snu seg mot borgerne i sitt eige land; men han skal snåva og falla og sidan ikkje verta funnen att meir.
20 以後另有一人代他興起,他要派橫徵暴歛的人遍行國內華麗之地,但他沒有過幾天,就喪了命,不是由於叛變,也不是由於作戰。
Og i hans stad skal det standa fram ein annan, og han skal lata ein skattefut fara gjenom riksens prydnad, men um nokre dagar skal han verta tynt, men ikkje i vreide, ei heller i krig.
21 這以後將有一個下賤的人代他興起;原來人沒有將治國的權力授給他,他卻乘人不備,以陰謀篡奪了王位。
Og i hans stad skal det standa fram ein stakar, som det ikkje var etla kongedøme åt; uventande skal han koma og eigna til seg riket med meinråder.
22 來進攻他的大軍要被他完全擊潰,同盟之君也要被擊敗。
Og yverfløymde herar skal skolast burt framfyre honom og krasast, og sambandsfyrsten sameleis.
23 有人與他聯合,他即施行騙術;他借助少數的人民,就漸漸強大起來。
Frå den stund dei gjer samband med honom, skal han fara med svik. Og han skal fara fram og få yvermagti med lite folk.
24 他又乘人不備,侵入省內肥沃之區,實行他祖先及他祖先的祖先所未行過的事,將戰利品、掠奪物和財產分給自己的黨羽;又策劃陰謀進攻保壘,但只到某一限期。
Uventande skal han koma inn i dei grøderikaste bygder av landet og gjera ting som korkje far hans eller forfederne hans hev gjort; herfang og rov og gods skal han strå ut til folket sitt; og mot borgerne skal han hava rådgjerder fyre, til ei viss tid.
25 他要竭盡自己的精力,鼓起勇氣,率領大軍進攻南方君王;南方君王亦率領極強大的勁旅奮起迎戰,但無法抵禦,因為有人籌劃陰謀陷害他;
All si magt og alt sitt mod skal han bruka mot Sudlands-kongen og koma med ein stor her; men Sudlands-kongen skal og bu seg til strid med ein ovleg stor og mannsterk her; like vel skal han ikkje kunna standa seg, for det vert lagt meinråder mot honom.
26 那些破壞他的,正是吃他飯的人;他的勁旅將潰不成軍,傷亡的極多。
Dei som er i bordsamlag med honom, skal fella honom. Og heren hans skal fløyma utyver, og mange skal verta slegne og falla.
27 兩位君王都存心不良,同坐一桌,各說謊話,而毫無成就,因為必須到所定的時期,纔有結局。
Båe kongarne skal vera meinte på vondt; der dei sit ved same bord, skal dei tala lygn; men det skal ingen framgang hava; for endå dryger det med enden, til den fastsette tidi kjem.
28 北方的君王卻要帶著大量的財物返回本國;他既存心與聖約作對,也必採取行動,然後纔回國。
Han skal venda heim att til landet sitt med stort herfang, og han skal leggja upp råder mot det heilage sambandet; og når han hev fullført deim, skal han snu heim att til landet sitt.
29 到了預定的時期,他必再度南征,但是第二次卻不如第一次,
Til fastsett tid skal han fara imot Sudlandet; men det skal ikkje ganga denne gongen som det gjekk gongen fyrr.
30 因為此次基廷的船必來攻擊他,他只得驚慌而歸。他遂遷怒於聖約,任意妄為;回去以後,他必重用那些背棄聖約的人士。
For skip frå Kittim skal koma imot honom, og modet skal han missa. Då skal han snu um og venda vreiden sin mot det heilage sambandet og sleppa sinnet sitt laust. Og når han er heimkomen, skal han merka seg deim som vender seg ifrå det heilage sambandet.
31 那些迎合他意思的軍隊,也去褻瀆聖所的保壘,廢除日常祭,在那裏設立了那招致荒涼的可憎之物。
Og herar som han sender ut, skal koma og skamfara heilagdomsborgi og taka burt det daglege offeret, og den øydande styggedomen skal dei setja upp.
32 至於那些作惡違犯聖約的人士,他要用詐術使他們更加敗壞,但那認識自己天主的人民必也更加堅強有力。
Og deim som hev krenkt sambandet, skal han med håle ord få gjort heilt ut til heidningar; men dei av folket som kjenner sin Gud, skal standa støduge og halda ut.
33 民間賢明之士必要訓誨民眾,但他們有很多日子要受刀劍、烈火、充軍和劫掠的迫害。
Og dei vituge millom folket skal læra mange; men ei tid skal dei verta heimsøkte med sverd og bål, med fangekår og herjing.
34 在他們受迫害時,稍微得到一些援助,但是有許多人卻懷著奸詐的心與他們聯合。
Like vel skal dei i si heimsøkjing få ei liti hjelp, og mange skal då fylkja seg til flokken deira på skrymt.
35 有些賢明之士要受迫害,是為鍛鍊、洗滌和潔淨他們,直到時期結束,因為預定的時期尚未來到。
Heimsøkjingi skal råma sume av dei vituge, so det kann verta ei skiring millom deim, so dei vert reinsa og tvegne til endetidi; for endå drygjer det med den til den fastsette tidi kjem.
36 這位君王要任意妄為,妄自尊大,高舉自己在眾神之上,要發出怪謬的言論,反抗萬神之神,他暫時行事順利,直到天主的義怒洩盡,因為天主決定的事必要應驗。
Og kongen skal fara åt som han vil, hevja og briska seg mot alt som Gud er; ja, mot Gud yver gudarne skal han tala utruleg kaute ord. Og alt skal lukkast honom vel, til dess vreidetidi er ute, då det hev hendt som er urikkeleg avgjort.
37 他不尊重自己祖先的神,也不尊重婦女們所愛的神,他不尊重任何神明,因為他將自己高舉在一切之上;
På fedregudarne sine skal han ikkje agta, ikkje heller skal han agta grumguden åt kvinnorne, ikkje heller på nokon annan gud; men han skal ovmoda seg imot deim alle.
38 卻去敬拜保壘之神,以金銀、寶石和珍品恭奉他祖先所不認識的神。
Men borgguden skal han æra i staden; ein gud som federne hans ikkje hev kjent, skal han heidra med gull og sylv og dyrverdige steinar og andre kostnadting.
39 他要憑藉外神的助佑,攻擊堅固的保壘;凡附和他的,他必增加他們的光榮,使他們治理民眾,分封土地,做為賞報。
Og mot sterke borger skal han med ein framand guds hjelp gjera som han lyster; deim som kannar denne guden, skal han syna stor æra; han skal setja deim til å råda yver mange, og han skal skifta ut jord åt deim til løn.
40 到末期,南方的君王將要與他交戰;北方的君王也要率領戰車、騎兵和許多戰艦,像旋風般向他還擊,侵入他的國土;所經之地,有如洪水破堤。
Men i endetidi skal kongen i Sudlandet til å stangast med honom; og kongen i Norderlandet skal storma fram mot honom med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma yver og breida seg ut.
41 他要侵入華麗之地,千萬人要喪亡,但是厄東、摩阿布和大部分阿孟子民,卻要逃脫他的手。
Han skal og draga inn i det herlege landet, og mange andre land skal verta heimsøkte; men desse skal koma seg undan henderne hans: Edom og Moab og storluten av ammonitarne.
42 他又要伸手攻擊各國,埃及地亦不能幸免;
Ja, han skal retta handi ut mot framande land, og Egyptarland skal sleppa undan.
43 他要佔有金銀府庫和埃及的一切寶物。利比亞和雇士人也要來與他聯合。
Han skal eigna til seg skattar av gull og sylv og alle slag kostnadting i Egyptarlandet; og libyarar og ætiopar skal fylgja i hans far.
44 但是來自東方和北方的消息要使他震驚;他遂懷著盛怒去討伐,要許多人殺盡滅絕。
Då skal han frå aust og nord høyra tidender som støkkjer honom; og han skal draga ut i stor vreide til å øyda og tyna mange.
45 他要在海洋和美麗聖山之間,支搭他堂皇的帳幕,但此時已到了他的末日,已沒有任何人能援助他。
Og slottstjeldi sine skal han setja upp millom havet og det herlege heilagdoms-fjellet. Men so ber det til enden med honom, og ingen skal hjelpa honom.

< 但以理書 11 >