< 列王紀下 15 >

1 以色列王雅洛貝罕二十七年,阿瑪責雅的兒子阿匝黎雅登極為猶大王。
I det sju og tjugande styringsåret åt Israels-kongen Jerobeam vart Azarja Amasjason konge i Juda.
2 他登極時十六歲,在耶路撒冷作王凡五十二年;他母親名叫耶苛里雅,是耶路撒冷人。
Sekstan år gamall var han då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekolja, frå Jerusalem.
3 阿匝黎雅行了上主視為正義的事,完全像他父親阿瑪責雅所行的一樣,
Han gjorde det som rett var for Herren, plent som Amasja, far hans, hadde gjort.
4 只是高丘仍沒有廢除,人民仍在高丘上焚香獻祭。
Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; folket held ved å ofra slagtoffer og brenna røykjelse på haugarne.
5 上主打擊了君王,君王即患了癩病,直到他死的那一天,獨自住在一所王宮裡。那時,君王的兒子約堂代理朝事,統治國家的百姓。
Herren hemsøkte kongen, so han vart spillsjuk til sin døydande dag; og han budde i eit hus for seg sjølv. Jotam, kongssonen, stod fyre kongehuset og styrde landslyden.
6 阿匝黎雅其餘的事蹟,他行的一切,都記載在猶大列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Azarja og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
7 阿匝黎雅與祖先同眠,與祖先同葬在達味城;他的兒子約堂繼位為王。
Azarja lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Jotam, son hans, vart konge i staden hans.
8 猶大王阿匝黎雅三十八年,雅洛貝罕的兒子則加黎雅在撒瑪黎雅登極為以色列王,在位六個月;
I det åtte og trettiande styringsåret åt Juda-kongen Azarja vart Zakarja Jerobeamsson konge yver Israel, og rådde i Samaria i seks månader.
9 他行了上主視為惡的事,像他的祖先所行的一樣,沒有離開乃巴特的兒子雅洛貝罕,使以色列陷於罪惡的罪。
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom federne hans; han gav ikkje upp dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
10 雅貝士的兒子沙隆結黨反叛他,在依貝肋罕殺了他,篡位為王。
Sallum Jabesson fekk i stand ei samansverjing mot honom, og slo honom i hel medan folket såg på; so vart han konge i staden hans.
11 則加黎雅其餘的事蹟都記載在以色列列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Zakarja, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
12 這正應驗了上主對耶胡所說的話:「你的子孫要坐以色列王位,直到第四代。」
Uppfyllt vart soleis det ordet som Herren tala til Jehu: «Sønerne dine i fjorde ættleden skal sitja på Israels kongssæte.» So gjekk det.
13 猶大王烏齊雅三十九年,雅貝士的兒子沙隆登極為王,在撒瑪黎雅作王一個月。
Sallum frå Jabes vart konge i det ni og trettiande styringsåret åt Uzzia, Juda-kongen, og rådde ein månads tid i Samaria.
14 那時加狄的兒子默納恆從提爾匝來到撒瑪黎雅,在撒瑪黎雅殺了雅貝士的兒子沙隆,篡位為王。
Då drog Menahem Gadison upp frå Tirsa til Samaria, og slo der i hel Sallum Jabesson og vart so konge i staden hans.
15 沙隆其餘的事蹟和他如何結黨謀反,都記載在以色列列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Sallum, og samansverjingi han fekk i stand, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
16 以後,默納恒從提爾匝出發攻打塔普亞,又攻打其四境,因為人沒有給他開城門,所以攻破以後,屠殺了城中所有的人,剖開了所有的孕婦。
Ved den tid herja Menahem Tifsah og alt folket der i heile landviddi deira, frå Tirsa; han herja deim, av di dei ikkje hadde uppna portarne for honom; alle barnkonorne skar han upp.
17 猶大王阿匝黎雅三十九年,加狄的兒子默納恒登極為以色列王,在撒瑪黎雅作王十年,
I det ni og trettiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Menahem Gadison konge yver Israel. Ti år rådde han i Samaria.
18 行了上主視為惡的事,在他有生之日,始終沒有離開乃巴特的兒子雅洛貝罕,使以色列陷於罪惡的罪。
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo alle sine dagar, og gav ikkje upp synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
19 那時,亞述王普耳前來犯境,默納恒就送給了普耳一千「塔冷通」銀子,要求他扶持自己,鞏固自己的王權。
Då assyrarkongen Pul fall inn i landet, gav Menahem Pul tvo og eit halvt tusund vågar sylv for at han skulde hjelpa honom og tryggja kongedømet hans.
20 默納恒向以色列所有富豪征收銀子,每人應繳納五十「協刻耳,」為進獻給亞述王。亞述王於是回去了,沒有在境內停留。
Dei pengarne Menahem gav assyrarkongen, fekk han inn ved skatt på alle rikmennerne i Israel: femti lodd sylv på kvar og ein. So snudde assyrarkongen att og heldt seg ikkje meir der i landet.
21 默納恒其餘的事蹟,他行的一切,都記載在以色列列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Menahem og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
22 默納恒與祖先同眠後,他的兒子培卡希雅繼位為王。
Menahem lagde seg til kvile hjå federne sine, og Pekahja, son hans, vart konge i staden hans.
23 猶大王阿匝黎雅五十年,默納恒的兒子培卡希雅登極為以色列王,在撒瑪黎雅作王兩年。
I det femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekahja Menahemsson konge yver Israel, og rådde tvo år i Samaria.
24 他行了上主視為惡的事,沒有離開乃巴特的兒子雅洛貝罕,使以色列陷於罪惡的種種罪惡。
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt ved med synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
25 他的軍官,勒瑪里雅的兒子培卡黑結黨反叛他,同阿爾哥布和阿黎厄,以及與他同謀的五十個基肋阿得人,在撒瑪黎雅王宮的堡壘內,將他殺死,篡位為王。
Pekah Remaljason, hovudsmannen hans, fekk i stand ei samansverjing mot honom, og drap honom og Argob og Arje i Samaria, i sjølve kongsborgi. Han hadde femti Gileads-menner med seg; og då han hadde drepe honom, vart han konge i staden hans.
26 培卡希雅其餘的事蹟,他行的一切,都記載在以色列列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Pekahja og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
27 猶大王阿匝黎雅五十二年,勒瑪里雅的兒子培卡黑登極為以色列王,在撒瑪黎雅作王凡二十年。
I det tvo og femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekah Remaljason konge yver Israel, og rådde i Samaria i tjuge år.
28 他行了上主視為惡的事,沒有離開乃巴特的兒子雅洛貝罕,使以色列陷於罪惡的種種罪惡。
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og heldt ved med synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til.
29 以色列王培卡黑在位時,亞述王提革拉特丕肋色爾前來,侵佔了依雍、阿貝耳貝特瑪阿加、雅諾亞、刻德士、哈祚爾、基肋阿得、加里肋亞和納斐塔里全地;並將這些地方的居民都擄往亞述。
I dei dagarne Pekah var konge i Israel, kom assyrarkongen Tiglat-Pileser og hertok Ijon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoah, Kedes, Hasor, Gilead og Galilæa, heile Naftalilandet, og førde folket burt til Assyria.
30 烏齊雅的兒子約堂二十年,厄拉的兒子曷舍亞結黨反叛勒瑪里雅的兒子卡培黑,殺了他,篡位為王。
Hosea Elason fekk i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason og slo honom i hel; so vart han konge i staden hans, i det tjugande styringsåret åt Jotam Uzziason.
31 培卡黑其餘的事蹟,他行的一切,都記載在以色列列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Pekah og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
32 以色列王勒瑪里雅的兒子培卡黑二年,烏齊雅的兒子約堂登極為猶大王。
I det andre styringsåret åt Israels-kongen Pekah Remaljason vart Jotam Uzziason konge i Juda.
33 他登極時二十五歲,在耶路撒冷作王凡十六年;他的母親名叫耶魯沙,是匝多克的女兒。
Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og sekstan år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.
34 約堂行了上主視為正義的事完全像他父親烏齊雅所行的一樣,
Han gjorde det som rett var for Herren liktest i all sin ferd på Uzzia, far sin.
35 只是高丘仍沒有廢除,人民仍在高丘上焚香獻祭;他建築了上主聖殿的北門。
Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; endå ofra folket slagtoffer og brende røykjelse på haugarne. Han var det som bygde øvre porten i Herrens hus.
36 約堂其餘的事蹟,他行的一切,都記載在猶大列王實錄上。
Det som elles er å fortelja um Jotam og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
37 那時,上主已開始派阿蘭王勒斤和勒瑪里雅的兒子培卡黑來攻打猶大。
Ved den tid tok Herren til å senda syrerkongen Resin og Pekah Remaljason inn i Juda.
38 約堂與祖先同眠,與祖先同葬在他祖先達味城內;他的兒子阿哈次繼位為王。
Jotam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.

< 列王紀下 15 >