< 列王紀上 7 >
1 [建造宮室]此後,撒羅滿為自己建造宮室,十三年方纔完成。
Men på sitt eige hus bygde Salomo i trettan år fyrr han var ferdig med heile huset sitt.
2 他建造的,有黎巴嫩林宮,長一百肘,寬五十肘,高三十肘;有三行香柏木柱子,柱子上端有香柏木托梁。
Han bygde Libanonskoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader av cederstolpar og med cederbjelkar uppå stolparne.
3 上面蓋上香柏木板;每行十五根柱子,共有四十五根。
Og det var tekt med cedertre uppyver loftsromi på stolparne, fem og fyrti i talet, femtan i kvar rad.
Der var bjelkelag i tri rader, og sjågluggar sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
Og alle dørerne og dørstolparne var firkanta av bjelkar; og sjågluggarne sat midt imot kvarandre i tri umgangar.
6 又造了有圓柱的大廳,長五十肘,寬三十肘;大廳前面另有一個廊子,廊子前面有柱子和頂蓋。
So sette han upp sulehalli, som var femti alner lang og tretti alner breid; og det var ei sval framfyre henne med stolpar og troppar framum.
7 他又造了一廳,中間設有審判的座位,在那裏審案;從地面到梁,都是用香柏木舖蓋的。
Og han sette upp høgsæte-halli, der han sat og dømde, domshalli, og den var tilja med cederbord frå eine enden av golvet til den andre.
8 廳後的另一院內,有君王住的宮室,建築式樣,完全與審判廳相同;為君王所娶的法郎公主,也建造了與審判廳相同的宮室。
Og huset hans, som han budde i, i det andre tunet, innanfor forhalli, var bygt på same vis. Salomo bygde og eit hus, i likskap med denne forhalli, for Farao-dotteri, som han hadde teke til kona.
9 從外院直到大院的這一切建築,從地基到屋頂,都是用按尺寸鑿好,用鋸內外鋸平的寶貴石頭建造的。
Alt dette var av kostesame steinar, tilhogne etter mål, skorne med sag på innsida og utsida, alt, like frå grunnen og til taklisterne: og sameleis alt utanfor like til den store fyregardsmuren.
10 地基也都是用貴重巨大的石頭砌成的,有的十肘長,有的八肘長;
Grunnmuren var lagd med kostesame og store steinar, steinar på ti alner og steinar på åtte alner.
Og ovanpå der var låg prydelege steinar, hogne til etter mål, og cederbjelkar.
12 大院四周的牆有三層鑿好的石頭和一層香柏木板;上主的殿宇的內院和殿廊,都包圍在內。兩根銅柱
Den store fyregardsmuren rundt um var uppsett med tri umfar med tilhogne steinar og eitt umfar med cederbjelkar, på same vis som den indre fyregardsmuren til Herrens hus og forhalli i huset.
Og kong Salomo sende bod og henta Hiram frå Tyrus.
14 希蘭是納斐塔里支派一個寡婦的兒子,他父親是提洛的一個銅匠;他多才多藝,會做一切銅工。他來到撒羅滿前,為他做一切工作,
Han var son åt ei enkja av Naftali-ætti, og far hans var ein mann frå Tyrus, ein koparsmed. Han hadde i fullt mål visdom og vit og kunnskap til å gjera alt slag arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt arbeidet hans.
15 鑄了兩根銅柱:一根高十八肘,周徑十二肘,四指厚,中空;另一根也是這樣。
Han laga dei tvo koparsulorne; attan alner var høgdi på den eine sula og ein snor på tolv alner rakk rundt um den andre sula.
16 製了兩個銅鑄的智頭,安在柱子頂端:一個柱頭五肘,另一個柱頭也高五肘。
So laga han tvo sulehovud, støypte av kopar, til å setja på toppen av sulorne; fem alner var høgdi på det eine sulehovudet og fem alner høgdi på det andre.
17 他又製了兩個銅網,為遮護柱子頂端的柱頭:這一個柱頭有一個銅網,另一個柱頭也有一個銅網。
På sulehovudi, som stod på toppen av sulorne, var der krot, på lag som garnmoskar, kjedor til hengjeprydnad, sju på kvart sulehovud.
18 在網子周圍,又製了兩行石榴,遮住柱頭:兩個柱頭都是如此。
Og han fekk til granateple, tvo rader rundt umkring attmed garnkrotet til å løyna sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet.
Sulehovudi på stolparne inni forhalli var på skap som liljor, fire alner.
20 兩根柱子頂端上的柱頭突起處,網子後面,各有石榴二百個,分行圍繞著。
På båe sulorne var det sulehovud, ovanum og, tett innmed den tjukkare parten på den andre sida av garnkrotet. Og granatepli var tvo hundrad, i rader rundt um på det andre sulehovudet.
21 他將兩根柱子豎立在殿廊的前面:給立在右邊的柱子,起名叫雅津;給立在左邊的柱子,起名叫波阿次:
Og han reiste upp sulorne ved forhalli til templet; den sula som han reiste på høgre sida, kalla han Jakin, og den vinstre sula han reiste upp, kalla han Boaz.
I øvste enden var sulorne som liljor på skap. So vart då arbeidet med stolparne fullført.
23 他又鑄造了一座銅海,圓形,直徑十肘,高五肘,周徑三十肘。
Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det.
24 銅海邊緣下面周圍有匏瓜,每肘十個,四面圍繞著銅海;匏瓜分成兩行,是鑄銅海時鑄上去的。
Under trømen på det rundt ikring var der kolokvintar, ti på kvar aln rundt um havet. Kolokvintarne gjekk i tvo rader, støypte i hop i ei støyping med havet.
25 銅海安放在十二隻銅牛上;三隻向北,三隻向西,三隻向南,三隻向東。銅海安放在牛背上,牛尾朝裏。
Det stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri snudde mot vest, tri snudde mot sud, tri snudde mot aust. Havet låg uppå desse, og alle snudde bakkroppen inn.
26 銅海厚一掌,邊像杯邊,形似百合花,可容兩千「巴特。」盆與盆座
Tjukkleiken på det var ei handbreidd, og kanten på det var laga som på eit staup, liksom ein liljeblom. Det tok tvo tusund anker.
27 又鑄造了十個銅盆座,每個長四肘,寬四肘,高三肘。
So arbeide han dei ti fotstykki, av kopar. Fire alner var lengdi på kvart fotstykki, fire alner var breiddi, og tri alner var høgdi på det.
28 盆座的造法是這樣:盆座有鑲板,鑲板裝入框架內,
Og fotstykki var laga soleis: Dei hadde fyllingar, fyllingar millom hyrnelisterne;
29 在框架中間的鑲板上刻有獅子、牛和革魯賓的形像,在框架上也有雕刻;獅子和牛的形像下,刻有花紋浮雕。
og på fyllingarne - millom hyrnelisterne - var der løvor, uksar og kerubar, og det same på hyrnelisterne uppyver; nedunder løvorne og uksarne var der lauvverk som hekk nedetter.
30 每個盆座有四個銅輪和銅軸;盆底有四腳作支柱,支柱是鑄成的;每邊都刻有花紋。
Kvart fotstykke hadde fire hjul av kopar og åsar av kopar, og dei fire føterne på det hadde berestykke; berestykki var støypte på under balja; kvart hadde lauvverk på den andre sida.
31 盆座的口,從座底至口邊高一肘半;口成圓形,為安放銅盆之用;在口的邊緣上也有雕刻;盆座的鑲板是四方形的,而不是圓形的。
Opningi på henne var inni krunestykket, som lyfte seg upp ei aln; i det var opningi rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det bilæt-utskjeringar, men sidefyllingarne var firkanta, ikkje runde.
32 四個輪子是在鑲板之下,輪軸與座底相接;輪子高一肘半。
Dei fire hjuli sat nedunder fyllingarne, og hjultapparne stod fast i fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.
33 輪子的製法和車輪的製法一樣,輪軸、輪輞、輪輻和輪轂,都是鑄成的。
Hjuli var gjorde som vognhjul elles; og tapparne, falli, tralerne og navi, alt saman var støypt.
34 每個盆座有四根支柱支持四角,支柱與盆座是一塊鑄成的。
Det var fire berestykke på dei fire hyrno på kvart fotstykke; berestykki gjekk i eitt med fotstykke.
35 盆座頂上有一個圓架,高半肘;在座頂上有柄,鑲板與座是一塊鑄成的。
Og uppå fotstykket var der eit anna stykke, som var ei halv aln høg og heilt rundt, og øvst på fotstykket sat handtaket og fyllingarne i eitt med det.
36 鑲板壁上刻有革魯賓、獅子和棕樹;四周空處另刻有花紋。
Og på flatsida av handtaki og på fyllingarne skar han ut kerubar, løvor og palmor etter som der var rom til på deim, og lauvverk rundt umkring.
37 十個盆座都是這樣做的:鑄法、尺寸和式樣完全相同。
Soleis laga han dei ti fotstykki; same støyping, same mål og same skap hadde dei alle.
38 又製了十個銅盆,每個銅盆可容四十「巴特;」每個銅盆高四肘;十個銅盆座上,每個安放一個銅盆。
Han arbeidde so ti koparbaljor; kvar balja rømde fyrti ankar og var fire alner vid. Det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki.
39 他把盆座,五個放在殿的右邊,五個放在殿的左邊;至於銅海,他放在殿右靠東南方。希蘭所製物品
Og han sette fem av fotstykki ved sida av huset til høgre, og fem ved sida huset til vinstre. Havet sette han på høgre sida åt huset, imot sudaust.
40 希蘭又製造了鍋、鏟和盤:這樣,希蘭為撒羅滿作完了上主殿宇的一切工作:
Hiram arbeidde og oskefati, og like eins skuflerne og skålarne, og soleis gjorde då Hiram ifrå seg alt det arbeid han ytte kong Salomo til Herrens hus; det var:
41 計有柱子兩根,柱子頂端球形的柱頭兩個,遮護柱子頂端球形柱頭的網子兩個,
Tvo sulor og dei tvo kulorne på sulehovudi på toppen av sulorne, og dei tvo garnkroti til tekkje yver dei tvo kulerunde sulehovudi, som var på toppen av sulorne,
42 兩個網子上的石榴四百個,─每個網子上有兩行石榴,為遮護柱子頂端的兩個球形柱頭,
og dei fire hundrad granatepli til båe garnkroti, tvo rader granateple til kvart garnkrot til tekkje yver dei kulerunde sulehovudi på sulorne,
og dei ti fotstykki med dei ti baljorne uppå fotstykki,
og so havet - berre eitt - med dei tolv uksarne under havet,
45 鍋鏟和盤:以上一切器皿,都是希蘭給撒羅滿用光滑的銅,為上主的殿製造的,
dessutan oskefati, skuflerne og skålarne. Alle desse ting som Hiram arbeidde åt kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar.
46 是他在約旦平原,穌苛特與匝爾堂之間,用膠泥模鑄成的。
I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan.
47 撒羅滿沒有秤量這一切器皿,因為銅太多,重量無法計算。
Salomo let alle desse tingi vera uvegne, for di det var slik ei ovmengd. Det vart ikkje utrøynt kor mykje koparen vog.
48 以後撒羅滿又製造了上主殿內的一切用具:就是金祭壇,供餅的金桌,
Salomo laga og til alle dei andre ting som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet, som skodebrødi skulde liggja på,
49 內殿前的燈臺,五個在右邊,五個在左邊,都是純金的;還有花蕊、燈盞、燭剪,也是金的。
ljosestakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida framfyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljosesakserne av gull,
50 又有盆、刀、碗、杯、火盤,都是純金的;還有內殿既至聖所,和正殿的門樞,都是金的。
og fati, knivarne, skålarne, kannorne og glodpannorne av skiraste gullet, dessutan gullhengslorne til dørerne inst i huset, til det høgheilage romet, og til husdørerne inn til tempelsalen.
51 撒羅滿就這樣完成了為上主的殿所作的一切工作。撒羅滿將他父親達味所奉獻的銀子、金子和器皿運了來,存放在上主殿宇的府庫內。
Då det no var undangjort alt det arbeid kong Salomo hadde med Herrens hus, so førde Salomo inn der heilaggåvorne åt David, far sin: sylvet, gullet og gognerne; han lagde det inn i skattkammeri i Herrens hus.