< 列王紀上 20 >

1 [本哈達得進攻阿哈布]阿蘭王本哈達得召集了自己所有的軍隊,帶同三十二個王子,乘坐戰馬戰車,前去圍攻撒瑪黎雅。
Benhadad, kongen i Syria, samla heile heren sin, og han hadde med seg tvo og tretti kongar, og hestar og vogner; han drog upp og kringsette Samaria og gjorde åtak på byen.
2 他先派使者進城,來見以色列王阿哈布,
Og han sende bod inn i byen til Ahab, Israels-kongen,
3 對他說:「本哈達得這樣說:你的金銀全應歸我,只是你的妻子兒女,仍歸於你。」
med dei ordi: «So segjer Benhadad: «Sylvet ditt og gullet ditt høyrer meg til, og dei vænaste av konorne og borni dine, høyrer meg til.»»
4 以色列王回答說:「我主大王,就依照你的話,我和我的一切都歸於你。」
Israels-kongen svara og sagde: «Det er som du segjer, herre konge. Eg høyrer deg til med alt som mitt er.»
5 不料,使者們又回答說:「本哈達得這樣說:我已派人通知你:將你的金銀和你的妻子兒女全交給我。
Men sendebodi kom att og sagde: «So segjer Benhadad: «Eg sende bod til deg med dei ordi: «Sylvet ditt og gullet ditt og konorne og borni dine skal du gjeva meg.»
6 須知,明天這時,我必派我的僕人到你這裏來,搜索你和你僕人的房屋,凡他們看中的東西,都要隨手拿去。」
I morgon ved dette bilet sender eg tenarane mine til deg, og dei skal ransaka ditt hus og husi åt tenarane dine, og alt det augo dine hev likar best, skal dei taka med seg og føra burt.»»
7 以色列王將國內所有長老召來,說:「你們想想看:這人要求是多麼無理! 他先派人要我的金銀,我沒有拒絕他;現在竟又派人來我這裏,要我的妻子兒女。」
Då kalla Israels-kongen til seg alle styresmennerne i landet og sagde: «De må skyna og sjå at han vil oss vondt. For han sende bod til meg um konorne og borni mine og um sylvet og gullet mitt, og eg neitta ikkje å gjeva honom det.»
8 眾長老和全體人民對他說:「你不要聽從,也不要應允! 」
Då sagde alle styresmennerne og alt folket: «Du må ikkje høyra på honom og ikkje gjera honom til viljes.»
9 因此,他對本哈達得的使者說:「你們回去告訴我主大王說:你第一次派人向你僕人所要求的,我必全照辦;至於這另一要求,我卻不能照辦。」使者遂回去,向本哈達得回話。
Då sagde han til sendebodi frå Benhadad: «Seg til min herre kongen: «Eg skal gjera alt det som du fyrste gongen sende bod um til tenaren din; men dette kann eg ikkje gjera.»» So gjekk sendebodi burt og bar svaret fram.
10 本哈達得於是派人對阿哈布說:「如果撒瑪黎雅的塵土,足夠跟隨我的人每人抓一把,願眾神明嚴厲,且加倍嚴厲地懲罰我! 」
Då sende Benhadad bod til honom med dei ordi: «Gudarne late meg bøta no og sidan, um gruset i Samaria skal rekka til å fylla nevarne på alt det folket som eg hev med meg.»
11 以色列王回答說:「有句俗話說:佩帶武器的人,不可像卸去了武器的人那樣自負。」
Men Israels-kongen svara og sagde: «So skal de segja: «Ei rose seg den som bind sverdet um seg, som den som løyser det av seg!»»
12 本哈達得和眾王正在帳內飲酒,一聽見這話,就對他的臣僕說:「列隊進攻! 」他們即刻列隊攻城。阿哈布賴主獲勝
Då Benhadad høyrde det svaret, medan han og kongarne sat og drakk i lauvhyttorne, sagde han til tenarane sine: «Ferdig til åtak!» Og dei gjorde seg ferdige til å setja inn på byen.
13 這時,忽然有一個先知,來見以色列王阿哈布說:「上主這樣說:你不是看見這支強大的軍隊嗎﹖今天,我要將他們交在你手中,叫你知道我是上主。」
Med same kom det ein profet burt til Ahab, Israels-kongen, og sagde: «So segjer Herren: «Ser du heile denne store hopen? I dag skal du sjå eg gjev honom i di hand, so du skal skyna at eg er Herren.»»
14 阿哈布問說:「藉著誰﹖」先知回答說:「上主這樣說:藉著眾省長的少年軍人。」阿哈布又問說:「誰指揮作戰﹖」先知回答說:「你自己。」
Men Ahab spurde: «Kven skal vera reidskap?» Han svara: «So segjer Herren: «Jarlesveinarne.»» Og han spurde: «Kven skal taka til med striden?» Og han svara: «Det skal du.»
15 於是阿哈布檢閱了眾省長的少年人,計有二百三十二人;然後又檢閱了所有軍人,即全體以色列子民,共七千人。
So mynstra han jarlesveinarne, og dei var tvo hundrad og tvo og tretti, og etter deim mynstra han heile folket, alle Israels-sønerne, sju tusund i talet.
16 到了中午,他們出發,那時,本哈達得正和協助他的三十二個王子在帳中飲酒。
Dei drog ut ved middagsbil, medan Benhadad drakk seg eit rus i lauvhyttorne saman med dei tvo og tretti kongarne som skulde hjelpa honom.
17 眾省長的少年軍人首先出發,本哈達得派出的探子回報他說:「有人從撒瑪黎雅出來了。」
Fyrst drog jarlesveinar ut, og dei bodi Benhadad sende, melde honom at det kom folk ut frå Samaria.
18 他遂吩咐說:「如果他們前來,是為求和,將他們活活捉住;如果他們前來,是為交戰,也將他們活活捉住。」
Då sagde han: «Hev dei drege ut til fred, so grip deim livande, og hev dei drege ut til strid, so grip deim livande!»
19 眾省長的少年軍人和跟隨他們的軍隊衝出城來,
Men dei drog ut or byen, jarlesveinarne og heren som fylgde deim,
20 個個見人便殺,阿蘭人逃走,以色列人在後面乘勝追趕;阿蘭王本哈達得急速上馬與騎兵一起逃走。
og dei hogg ned kvar sin mann, og syrarane rømde, og Israel sette etter deim, og Benhadad, syrarkongen, slapp undan på ein hest saman med nokre riddarar.
21 那時,以色列王出來,擄掠了許多戰馬和戰車,使阿蘭人大敗。
So drog Israels-kongen ut og slo hestfolket og vognheren, so syrarane leid stor usiger.
22 那為先知前來對以色列王說:「你要發奮圖強,留心認清你當作的事,因為明年春季,阿蘭王必要再來攻擊你。」阿蘭王整軍再戰
Då steig profeten fram for Israels-kongen og sagde til honom: «Gakk og samla krafti di, og tenk vel etter kva du vil gjera! For næste år dreg syrarkongen upp i mot deg att.»
23 阿蘭王的臣僕對阿蘭王說:「以色列的神是山神,所以他們必我們強;但如果我們在平原上與他們交戰,我們必會得勝。
Men tenarane åt syrarkongen sagde til honom: «Guden deira er ein fjellgud, difor vann dei yver oss, lat oss strida imot deim på sletta, so skal me visseleg vinna yver deim.
24 這是大王應該作的事:廢除眾王子各人的職位,另立軍長代替,
Og dette skal du gjera: Set kvar og ein av kongarne av frå hans post, og set jarlar i staden deira.
25 召募新軍,補充所損失的軍隊,照數補充戰馬戰車;然後在平原上與他們會戰,我們定能戰勝他們。」阿蘭王聽從了他們的建議,就這樣進行。本哈達得在戰再敗
Få deg so sjølv ein her, likso stor som den du hev mist, og likso mange hestar og vogner, og lat oss so strida imot deim på sletta, då skal me visseleg vinna yver deim.» Han høyrde på det dei sagde, og gjorde so.
26 過年以後,本哈達得檢閱了阿蘭人上到阿費克,進攻以色列。
Året etter mynstra Benhadad syrarane og drog upp til Afek, til strid imot Israel.
27 以色列子民也動員起來,攜帶軍糧,出來迎戰;以色列子民在他們對面紮營,好像兩群山羊;至於阿蘭人卻遍地皆是。
Og Israels-sønerne vart mynstra og utnista, og dei drog imot deim; og Israels-sønerne lægra seg midt imot deim som tvo små geiteflokkar, men syrarane fyllte landet.
28 天主的人又前來對以色列王說:「上主這樣說:既然阿蘭人說:上主是山神而不是平原神,所以我必將這支龐大的軍隊交在你手中,叫你們知道我是上主。」
Då steig gudsmannen fram og sagde til Israels-kongen: «So segjer Herren: «For di syrarane hev sagt at Herren er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, so vil eg gjeva heile denne store hopen i henderne dine, og de skal skyna at eg er Herren.»»
29 以色列人和阿蘭人相對紮營七天;第七天上,就交戰了;一天之內以色列子民殺死了十萬阿蘭步兵,
So låg dei lægra imot kvarandre i sju dagar; men på den sjuande dagen kom det til strid, og Israels-sønerne hogg ned syrarane, hundrad tusund fotfolk på ein dag.
30 其餘的人都逃入阿費克城內,城牆倒塌,壓死了殘存的兩萬七千人。本哈達得也逃入城內,藏在極嚴密的暗室內。本哈達得投降
Dei som var att, rømde inn i byen Afek, men bymuren ramla ned yver dei sju og tjuge tusund mann som var att. Og Benhadad rømde og kom inn i byen og sprang frå kove til kove.
31 本哈達得的臣僕對本哈達得說:「看,我們聽說以色列家的君王,都是仁慈的君王,請你讓我們腰裏束上麻布,頭上繫上繩索,去見以色列王,或者他會保全你的性命。」
Då sagde mennerne hans til honom: «Høyr no her!» Me hev frett at kongarne av Israels hus er milde kongar; lat oss binda sekkjety um lenderne og reip um hovudet og ganga ut til Israels-kongen! Kann henda han let deg få liva.
32 於是他們腰裏束上麻布,頭上繫上繩索,去見以色列王說:「你的僕人本哈達得說:求你保全我的性命! 」阿哈布問說:「他還活著麼﹖他是我的兄弟。」
So batt dei sekkjety um lenderne og reip um hovudet og gjekk til Israels-kongen, og sagde: «Tenaren din Benhadad segjer: «Lat meg få liva!»» Og han svara: «Er han endå i live? Han er bror min.»
33 這些人認為這話是個吉兆,急忙抓住他的話說:「本哈達得確是陛下的兄弟。」阿哈布說:「你們去領他來! 」本哈達得便出來參見君王;阿哈布請他上了自己的車。
Og mennerne tok det for eit godt varsel, og dei skunda seg og tok honom på ordet og sagde: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sagde han: «Gakk og henta honom!» Og Benhadad kom ut til honom, og han let honom stiga upp på vogni.
34 本哈達得對君王說:「我父親從你父親手中搶去的城市,我都要歸還給你;並且你可在大馬士革設立市場,如同我父親在撒瑪黎雅所設立的一樣。」阿哈布說:「我就根據這條約放你走。」這樣,君王與他訂立了條約,放他走了。阿哈布失策受責
Då sagde Benhadad til honom: «Dei byarne som far min tok frå far din, skal eg gjeva deg att, og du kann gjera deg gator i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» «Ja vel, » (svara Ahab) «på dei vilkåri skal eg gjeva deg fri». So gjorde han samband med honom og let honom fara.
35 那時,有個先知的弟子奉上主的命,對自己的同伴說:「請你打我! 」那人卻拒絕打他。
Men ein av profetsveinarne sagde til ein annan etter Herrens fyresegn: «Slå meg!» Men mannen vilde ikkje slå honom.
36 他就對那人說:「既然你不聽上主的命,看,你一離開我,就有一個獅子把你咬死。」那人一離開他,果然路上遇見一隻獅子,把他咬死了。
Då sagde han til honom: «Av di du ikkje lydde Herrens røyst, so skal ei løva slå deg når du gjeng burt ifrå meg.» Og då han gjekk ifrå honom, råka ei løva på honom og slo honom ned.
37 以後,先知的弟子有遇見一個人,對他說:「請你打我! 」那人就動手打他,將他打傷了。
Sidan råka han ein annan mann og sagde: «Slå meg!» Og mannen slo honom so han fekk ei flengja.
38 先知便站在路旁,用頭巾遮住自己的眼睛,等候君王。
So gjekk profeten og stelte seg på vegen der kongen skulde koma; men han batt eitt plagg for augo, so ingen kunde kjenna honom.
39 君王從那裏經過時,他便對君王呼喊說:「你的僕人出來交戰,忽有一個人轉來,給我帶來一個人說:你要看守這個人,倘若失蹤了,定要你替他償命,或賠償一「塔冷通」銀子。
Då kongen so kom framum der, ropa han til kongen: «Tenaren din hadde gjeve seg inn i striden; då kom det ein mann ut or fylkingi og førde til meg ein mann og sagde: «Tak vare på denne mannen! Slepp han burt, skal du svara for honom med ditt liv eller vega ut tvo og ei halv våg sylv.»
40 你的僕人正在東忙西亂時,那人不見了。」以色列王對他說:「這就是你的定案,你已經自下判決。」
Men medan tenaren din hadde eitt og anna å gjera her og der, so slapp han burt.» Israels-kongen sagde til honom: «So hev du domen som du sjølv hev felt.»
41 他於是急忙拉下他遮眼的頭巾,以色列王纔認出他原是一位先知。
Då skunda han seg og tok plagget burt frå augo sine, og Israels-kongen kjende honom, at han var ein av profetarne.
42 先知對君王說:「上主這樣說:你既然親手放走了我所要消滅的人,所以你要替他償命,你的人民必意抵償他的人民。」
Han sagde til honom: «So segjer Herren: «Sidan du hev slept or henderne den mannen som eg hev bannstøytt, so skal ditt liv svara for hans liv, og ditt folk for hans folk.»»
43 以色列王悶悶不樂地回了撒瑪黎雅,進了自己的宮殿。
Og Israels-kongen for heim, mismodig og harm, og kom til Samaria.

< 列王紀上 20 >