< 1 Samuel 28 >
1 Hate tueng dawk Filistinnaw ni a ransanaw hah Isarelnaw tuk hanelah a pâkhueng. Akhish ni Devit koevah nama hoi na taminaw hah ransanaw koe cei van han tie hah kamcengcalah panuek atipouh.
I dei dagarne fylkte filistarane krigsherane sine til strid mot Israel. Og Akis sagde med David: «Det skal du vita for visst, at du og kararne dine lyt fara i herferd med meg!»
2 Devit ni Akhish koevah a san ni bangmaw a sak thai tie hah panuek atipouh. Akhish ni Devit koevah, hatdawkvah ka tengo lah na ta han atipouh.
David svara Akis: «Ja vel, då skal du ogso røyna kva tenaren din duger til!» Akis sagde med David: «Ja vel, so set eg deg til livvakt hjå meg alle dagar.»
3 Samuel teh a due toung dawkvah, Isarelnaw pueng ni a khuika awh teh, amae kho Ramah vah a pakawp awh toe. Sawl ni khueyue hoi tonghmanaw pueng hai a ram thung hoi koung a pâlei toe.
Samuel var dåen. Heile Israel hadde gråte yver honom. Og dei hadde gravlagt honom heime i Rama. Og Saul hadde rudt ut or landet deim som mana fram draugar og spåvette.
4 Filistinnaw teh a kamkhueng awh teh Shunem kho vah a tungpup awh. Sawl ni Isarelnaw a pâkhueng teh Gilboa khovah a tungpup awh.
Filistarane fylgte seg og lagde seg i læger attmed Sunem. Då fylkte ogso Saul heile Israel, og dei lægra seg ved Gilboa.
5 Sawl ni Filistin ransanaw a hmu toteh a taki dawkvah, puenghoi a lung thung a pâyaw.
Då Saul såg filistarlægret, vart han so rædd at hjarta hans skalv.
6 Sawl ni BAWIPA a pacei navah, BAWIPA ni a mang hoi hai, Urim hoi hai, profet hoi hai pato hoeh toe.
Og Saul spurde Herren. Men Herren svara honom ikkje, antan gjenom draumar eller gjenom urim eller gjenom profetar.
7 Sawl ni a sannaw koe khueyue koe pouknae kahei thai nahanlah na tawng pouh awh atipouh. A sannaw ni khenhaw! Endor kho vah khueyue napui buet touh ao kaima atipouh awh.
Då sagde Saul med tenarane sine: «Leita upp for meg ei som manar fram draugar, so gjeng eg åt henne og gjer spursmål til henne.» Tenarane svara: «I En-Dor er ei kona som manar fram draugar.»
8 Sawl teh a mei loukcalah a kamthoup teh, khohna alouke a kho teh alouke tami kahni touh hoi tangminlah hote napui koe a cei teh, na kamyawngkhai e kahrai kângue lahoi kai ni ka dei hane tami hah na kaw pouh haw atipouh.
Saul gjorde seg ukjenneleg, tok på seg andre klæde, og gjekk avstad med tvo fylgjesveinar. Dei kom til kona nattars tid. Og han sagde: «Få ein draug til å spå meg! Mana fram åt meg den eg nemner for deg!»
9 Napui ni khenhaw. Sawl ni a sak e na panue. A ram thung e khueyue hoi tonghma pueng hah koung a raphoe toe. Bangkongmaw ka due nahanelah kahringnae karap na patung atipouh.
Kona svara: «Du veit då sjølv kva Saul hev gjort, at han hev rudt ut or landet deim som manar fram draugar og spåvette. Kvifor vil du då leggja ut snaror for meg, so eg må lata livet?»
10 Sawl ni BAWIPA min thoebo laihoi, BAWIPA a hring e patetlah hete hno kecu dawk maw nang dawk reknae phat mahoeh telah ahni koe lawk a kam.
Saul svor ein eid til henne ved Herren og sagde: «So sant Herren liver: ingi skuld skal råka deg for denne saki!»
11 Napui ni apimaw na kaw pouh han telah a pacei. Ahni ni Samuel na kaw pouh haw atipouh.
Kona spurde: «Kven vil du eg skal mana for deg?» Han svara: «Mana fram åt meg Samuel!»
12 Napui ni Samuel a hmu navah kacaipounglah a hram. Napui ni Sawl koe bangkongmaw na dum. Nang teh Sawl nahoehmaw atipouh.
Då kona fekk sjå Samuel, sette ho i eit høgt skrik. Og ho sagde med Saul: «Kvifor hev du svike meg? Du er Saul!»
13 Siangpahrang ni napui koevah, taket hanh, bangmaw na hmu atipouh. Napui ni talai thung hoi muitha buet touh a tâco e ka hmu atipouh.
Kongen svara: «Ver hugheil! Kva er det du ser?» Kona sagde: «Eg ser ein gud koma upp or jordi.»
14 Ahni ni napui koevah Bangpatete a meilam lah maw ao atipouh. Napui ni tongpa matawng poung e a tâco teh angkidung a kho atipouh. Sawl ni Samuel doeh tie a panue teh talai dawk a tabo.
«Korleis ser han ut?» spurde han. Ho svara: «Det er ein gamall mann som kjem upp, sveipt i ei kåpa.» Då skyna Saul det var Samuel, og lutte andlitet mot jordi og bøygde seg for honom.
15 Hahoi Samuel ni Sawl koevah, bang kecu dawk maw kai hah runae na poe atipouh. Sawl ni ka kângai hroung a ru dawk doeh. Bangkongtetpawiteh, Filistinnaw ni na tuk teh Cathut ni na ceitakhai toe. Profet lahoi hai mang lahoi hai na pato hoeh toe. Hatdawkvah, ka tawk hane na ka dei pouh hanelah, na kaw e doeh atipouh.
Og Samuel spurde Saul: «Kvi uroar du meg og manar meg fram?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud hev vike frå meg og svarar meg ikkje, anten gjenom profetar eller gjenom draumar. Difor kalla eg på deg, so eg fær vita kva eg skal gjera.»
16 Samuel ni BAWIPA ni hnamthun takhai teh na taran lah a coung toe tie hah na panue nalaihoi bangkongmaw lawk na pacei.
Samuel svara: «Kvi spør du meg, når Herren hev vike frå deg og hev vorte uvenen din?
17 Kai hno lahoi lawk ouk a dei e patetlah BAWIPA ni nang dawkvah a sak toe. Uknaeram teh BAWIPA ni na kut dawk e na lawp teh na imri Devit koe roeroe a poe toe.
Herren hev no gjort med deg som han sagde gjenom min munn: Herren hev rive riket ut or di hand og gjeve det åt ein annan, åt David.
18 BAWIPA e lawk na ngâi hoeh dawkvah, Amaleknaw dawk puenghoi a lungkhuek e patetlah na sak hoeh kecu dawk atu nang dawk hete hno heh a pha toe.
Av di du ikkje lydde Herren og ikkje let den brennande harmen hans råka Amalek, difor hev Herren gjort dette mot deg no.
19 Hathloilah, BAWIPA ni nang hoi Isarelnaw hai Filistinnaw e kut dawk na poe awh han. Hahoi tangtho vah nama hoi na capa teh kai koe na o roi han. BAWIPA ni Isarel ransanaw hai Filistinnaw e kut dawk a poe awh han atipouh.
Herren vil gjeva både deg og Israel i filistarmagt. I morgon skal du og sønerne dine vera hjå meg. Og jamvel Israels-lægret vil Herren gjeva i filistarmagt.»
20 Hottelah Samuel ni a dei e lawk hah Sawl ni a takipoung teh, talai dawk a rawp, a thayung khoeroe awm hoeh, karum khodai banghai catnet hoeh.
Då datt Saul brått til jordi so lang han var; so forfærd vart han for ordi frå Samuel. Magtløysa tok honom; for han hadde ikkje smaka matbiten eit heilt døger.
21 Napui teh Sawl koe a cei teh, kângai hroung ka ru poung lah ao e hah a panue dawkvah, khenhaw! na san ni na dei e hah ka yuem teh due hai due tihoi kai koe na dei e hah ka tarawi toe.
Kona gjekk fram åt Saul. Og då ho såg kor reint forstøkt han var, sagde ho med honom: «Sjå terna di lydde deg, og eg våga livet og rette meg etter dei ordi du tala åt meg.
22 Hatdawkvah, nang ni hai na sannu ni a dei e hah tarawi van haw, bu youn touh na poe han, na ban navah na thayung bet ao nahanelah na ca han atipouh.
So lyd no du terna di, so vil eg setja fram litevetta mat åt deg, og du må eta, so du kann magtast att fyrr du fer din veg.»
23 Hateiteh, ka cat mahoeh ati. A sannaw ni napui hoi ngangngang a pasawt awh teh ahnimae lawk hah a tarawi pouh dawkvah a thaw teh ikhun dawk a tahung.
Han vilde ikkje: «Eg vil ikkje eta», sagde han. Men då både tenarane og kona naubad honom, so let han seg segja, reis upp, og sette seg på sengi.
24 Hahoi napui ni maitotan ka thaw poung e a tawn e hah karanglah a thei pouh teh, tavai hoi kanawk e tawn phuen hoeh e vaiyei a sak.
Kona hadde ein gjødkalv heime. Ho skunda seg, fekk slagta honom. So tok ho mjøl, knoda og baka søtebrød.
25 Hottelah Sawl hoi a sannaw e a hmalah a pâtoum pouh teh a ca awh. Hahoi a thaw awh teh tangminlah a cei awh.
So bar ho det fram for Saul og tenarane. Og då dei hadde ete, reis dei upp, og gjekk av stad same natti.