< Isaiah 25 >

1 Yahweh namah ni ka Pathen. Namah te kan pomsang vetih na ming ni ka uem eh. Hlamat lamloh oltak uepomnah neh na cilsuep te khobaerhambae la na saii coeng.
Herre, du er min Gud; eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt. For du hev gjort underverk. Dine råd frå forntidi er sanne og trufaste.
2 Khopuei te khaw lungkuk la, khorha cakrhuet khaw imrhong la, khopuei lamkah kholong impuei te kumhal duela khoeng voel mahpawh.
For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, framande slott, so dei ikkje meir er ein by. Aldri meir skal dei verta uppbygde.
3 Te dongah namtom khorha kah hlangtlung pilnam loh nang n'thangpom uh vetih hlanghaeng rhoek loh nang n'rhih uh ni.
Difor skal eit vilt folk æra deg, den illharde heidningbyen ottast deg.
4 Tattloel ham lunghim la, khodaeng ham khaw lunghim la, rhal lakli neh khohli vaengah hlipyingnah, kholing vaengah hlipkhup la, hlanghaeng khohli vaengah hlipuei pangbueng bangla om coeng.
For du hev vore ei vern for vesalmannen, ei vern for fatigmannen i naud, eit skjol mot skolregn, ein skugge for hiten. For valdsmenns frøsing er som skolregn mot veggen.
5 Rhamrhae kah kholing bangla, kholong kah longlonah khaw, kholing khaw khomai hlipkhup neh dup na hnah, hlanghaeng kah laa khaw na paa sak.
Og som hiten i ovturken, soleis døyver du bråket åt dei framande; ja, liksom hiten i skuggen av ei sky, soleis døyver du songen av valdsmenner.
6 caempuei BOEIPA loh pilnam pum ham situi neh buhkoknah, sampa situi neh buhkoknah, hangnaeng a ciil a rhoe te tlang soah a saii pah ni.
Og Herren, allhers drott, skal på dette fjellet bu til eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamall vin, med feite mergfulle retter, med gamall avklåra vin.
7 Pilnam cungkuem soah maelhmai khuprhup aka cun neh namtom cungkuem soah mueihlawn aka khuk tah, hekah tlang ah a dolh ni.
Og han skal på dette fjellet riva sund sløret som sveiper seg ikring alle folki, og det sveipet som ligg yver heidningfolki.
8 Dueknah loh a yoeyah la a yoop ni. Maelhmai tom kah mikphi te, ka Boeipa Yahovah loh a huih vetih a pilnam sokah kokhahnah khaw diklai hman lamloh boeih a khoe ni. BOEIPA loh a thui ngawn coeng.
Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala.
9 Tekah khohnin ah tah, “Mamih kah Pathen la ke, amah la n'lamtawn uh dongah la mamih n'khang he. BOEIPA amah te lamtawn uh coeng dongah omngaih uh sih lamtah amah kah khangnah khuiah kohoe sak uh sih,” a ti ni.
Og den dagen skal dei segja: «Sjå der er vår Gud! Me vona på honom, at han skulde frelsa, dette er Herren som me vona på. Lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans.
10 Hekah tlang soah BOEIPA kah kut loh a om thil ni. Tedae aeknaeng tui dongkah cangkong a til bangla Moab te a hmuila a til ni.
For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet. Moab skal verta nedtrakka der han er, liksom halm vert trakka ned i mykjavatn.
11 Tui aka ya loh tuiya ham a phuel uh bangla a laklung ah a kut a phuel vetih a boeimang neh a kut dongkah kutrham te khaw a kunyun pah ni.
Og han skal breida ut henderne i det liksom ein symjar breider deim ut og vil symja. Men han skal stagga storlætet hans til tråss for sløgdi av hans hender.
12 Na imsang hmuencak vongtung te a kunyun sak vetih diklai laipi a ben duela a ngam sak ni.
Og dei høgmura borgerne dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi so dei ligg i dusti.»

< Isaiah 25 >