< أَمْثَالٌ 23 >
إِذَا جَلَسْتَ تَأْكُلُ مَعَ مُتَسَلِّطٍ، فَتَأَمَّلْ مَا هُوَ أَمَامَكَ تَأَمُّلًا، | ١ 1 |
Når du sit til bords hjå ein hovding, so agta vel på kven du hev fyre deg,
وَضَعْ سِكِّينًا لِحَنْجَرَتِكَ إِنْ كُنْتَ شَرِهًا. | ٢ 2 |
og set ein kniv på strupen din, um mathugen din er stor.
لَا تَشْتَهِ أَطَايِبَهُ لِأَنَّهَا خُبْزُ أَكَاذِيبَ. | ٣ 3 |
Fys ikkje etter hans lostemat, for det er dårande føda.
لَا تَتْعَبْ لِكَيْ تَصِيرَ غَنِيًّا. كُفَّ عَنْ فِطْنَتِكَ. | ٤ 4 |
Mød deg ei med å verta rik, lat fara den klokskapen din!
هَلْ تُطَيِّرُ عَيْنَيْكَ نَحْوَهُ وَلَيْسَ هُوَ؟ لِأَنَّهُ إِنَّمَا يَصْنَعُ لِنَفْسِهِ أَجْنِحَةً. كَٱلنَّسْرِ يَطِيرُ نَحْوَ ٱلسَّمَاءِ. | ٥ 5 |
Lat ei augo fljuga til det som kverv, for det gjer seg vengjer, det er visst, som ein ørn som flyg til himmels.
لَا تَأْكُلْ خُبْزَ ذِي عَيْنٍ شِرِّيرَةٍ، وَلَا تَشْتَهِ أَطَايِبَهُ، | ٦ 6 |
Et ikkje brød hjå den som misunner deg, og fys ikkje etter hans lostemat!
لِأَنَّهُ كَمَا شَعَرَ فِي نَفْسِهِ هَكَذَا هُوَ. يَقُولُ لَكَ: «كُلْ وَٱشْرَبْ» وَقَلْبُهُ لَيْسَ مَعَكَ. | ٧ 7 |
For som han reknar ut i sjæli si, soleis er han. «Et og drikk!» han segjer til deg, men hjarta hans er ikkje med deg.
ٱللُّقْمَةُ ٱلَّتِي أَكَلْتَهَا تَتَقَيَّأُهَا، وَتَخْسَرُ كَلِمَاتِكَ ٱلْحُلْوَةَ. | ٨ 8 |
For biten din som du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.
فِي أُذُنَيْ جَاهِلٍ لَا تَتَكَلَّمْ لِأَنَّهُ يَحْتَقِرُ حِكْمَةَ كَلَامِكَ. | ٩ 9 |
For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder visdommen i dine ord.
لَا تَنْقُلِ ٱلتُّخُمَ ٱلْقَدِيمَ، وَلَا تَدْخُلْ حُقُولَ ٱلْأَيْتَامِ، | ١٠ 10 |
Flyt ikkje gamall merkestein, og kom ei inn på åkrane åt faderlause.
لِأَنَّ وَلِيَّهُمْ قَوِيٌّ. هُوَ يُقِيمُ دَعْوَاهُمْ عَلَيْكَ. | ١١ 11 |
For deira målsmann er sterk, han skal føra saki deira imot deg.
وَجِّهْ قَلْبَكَ إِلَى ٱلْأَدَبِ، وَأُذُنَيْكَ إِلَى كَلِمَاتِ ٱلْمَعْرِفَةِ. | ١٢ 12 |
Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!
لَا تَمْنَعِ ٱلتَّأْدِيبَ عَنِ ٱلْوَلَدِ، لِأَنَّكَ إِنْ ضَرَبْتَهُ بِعَصًا لَا يَمُوتُ. | ١٣ 13 |
Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.
تَضْرِبُهُ أَنْتَ بِعَصًا فَتُنْقِذُ نَفْسَهُ مِنَ ٱلْهَاوِيَةِ. (Sheol ) | ١٤ 14 |
Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim. (Sheol )
يَا ٱبْنِي، إِنْ كَانَ قَلْبُكَ حَكِيمًا يَفْرَحُ قَلْبِي أَنَا أَيْضًا، | ١٥ 15 |
Son min, vert hjarta ditt vist, so gled seg og mitt hjarta,
وَتَبْتَهِجُ كِلْيَتَايَ إِذَا تَكَلَّمَتْ شَفَتَاكَ بِٱلْمُسْتَقِيمَاتِ. | ١٦ 16 |
og nyro mine fegnast når lipporn’ dine talar det som rett er.
لَا يَحْسِدَنَّ قَلْبُكَ ٱلْخَاطِئِينَ، بَلْ كُنْ فِي مَخَافَةِ ٱلرَّبِّ ٱلْيَوْمَ كُلَّهُ. | ١٧ 17 |
Lat ikkje hjarta ditt misunna syndarar, men stræva stødt etter gudlegdom.
لِأَنَّهُ لَا بُدَّ مِنْ ثَوَابٍ، وَرَجَاؤُكَ لَا يَخِيبُ. | ١٨ 18 |
For då er du viss på ei framtid, og di von skal ei verta til inkjes.
اِسْمَعْ أَنْتَ يَا ٱبْنِي، وَكُنْ حَكِيمًا، وَأَرْشِدْ قَلْبَكَ فِي ٱلطَّرِيقِ. | ١٩ 19 |
Høyr du, son min, og vert vis, og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen.
لَا تَكُنْ بَيْنَ شِرِّيبِي ٱلْخَمْرِ، بَيْنَ ٱلْمُتْلِفِينَ أَجْسَادَهُمْ، | ٢٠ 20 |
Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom deim som foret seg på kjøt.
لِأَنَّ ٱلسِّكِّيرَ وَٱلْمُسْرِفَ يَفْتَقِرَانِ، وَٱلنَّوْمُ يَكْسُو ٱلْخِرَقَ. | ٢١ 21 |
For drikkar og storetar fatig vert, og svevn gjev fillor for klæde.
اِسْمَعْ لِأَبِيكَ ٱلَّذِي وَلَدَكَ، وَلَا تَحْتَقِرْ أُمَّكَ إِذَا شَاخَتْ. | ٢٢ 22 |
Høyr på far din som avla deg, og vanvyrd ei mor di når ho vert gamall!
اِقْتَنِ ٱلْحَقَّ وَلَا تَبِعْهُ، وَٱلْحِكْمَةَ وَٱلْأَدَبَ وَٱلْفَهْمَ. | ٢٣ 23 |
Kjøp sanning og sel henne ikkje, visdom og age og vit.
أَبُو ٱلصِّدِّيقِ يَبْتَهِجُ ٱبْتِهَاجًا، وَمَنْ وَلَدَ حَكِيمًا يُسَرُّ بِهِ. | ٢٤ 24 |
Storleg fegnast far til den rettferdige, og den som fær ein vis son, skal få gleda av han.
يَفْرَحُ أَبُوكَ وَأُمُّكَ، وَتَبْتَهِجُ ٱلَّتِي وَلَدَتْكَ. | ٢٥ 25 |
Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast.
يَا ٱبْنِي أَعْطِنِي قَلْبَكَ، وَلْتُلَاحِظْ عَيْنَاكَ طُرُقِي. | ٢٦ 26 |
Son min, gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika vegarne mine.
لِأَنَّ ٱلزَّانِيَةَ هُوَّةٌ عَمِيقَةٌ، وَٱلْأَجْنَبِيَّةُ حُفْرَةٌ ضَيِّقَةٌ. | ٢٧ 27 |
For skjøkja er som djupe gravi og den framande kona som tronge brunnen,
هِيَ أَيْضًا كَلِصٍّ تَكْمُنُ وَتَزِيدُ ٱلْغَادِرِينَ بَيْنَ ٱلنَّاسِ. | ٢٨ 28 |
ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.
لِمَنِ ٱلْوَيْلُ؟ لِمَنِ ٱلشَّقَاوَةُ؟ لِمَنِ ٱلْمُخَاصَمَاتُ؟ لِمَنِ ٱلْكَرْبُ؟ لِمَنِ ٱلْجُرُوحُ بِلَا سَبَبٍ؟ لِمَنِ ٱزْمِهْرَارُ ٱلْعَيْنَيْنِ؟ | ٢٩ 29 |
Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev dragsmål? Kven hev klagemål? Kven hev sjølvvalde sår? Kven hev dimsynte augo?
لِلَّذِينَ يُدْمِنُونَ ٱلْخَمْرَ، ٱلَّذِينَ يَدْخُلُونَ فِي طَلَبِ ٱلشَّرَابِ ٱلْمَمْزُوجِ. | ٣٠ 30 |
Dei som drygjer lenge hjå vinen, dei som kjem og smakar på mjøden.
لَا تَنْظُرْ إِلَى ٱلْخَمْرِ إِذَا ٱحْمَرَّتْ حِينَ تُظْهِرُ حِبَابَهَا فِي ٱلْكَأْسِ وَسَاغَتْ مُرَقْرِقَةً. | ٣١ 31 |
Sjå ikkje på vinen kor han raudnar, kor vænt han smiler i staupet! lett renn han ned.
فِي ٱلْآخِرِ تَلْسَعُ كَٱلْحَيَّةِ وَتَلْدَغُ كَٱلْأُفْعُوانِ. | ٣٢ 32 |
Men sidan han sting som ein slange og høgg som ein orm.
عَيْنَاكَ تَنْظُرَانِ ٱلْأَجْنَبِيَّاتِ، وَقَلْبُكَ يَنْطِقُ بِأُمُورٍ مُلْتَوِيَةٍ. | ٣٣ 33 |
Då skal augo dine sjå rare syner, og hjarta ditt talar tull og tøv.
وَتَكُونُ كَمُضْطَجعٍ فِي قَلْبِ ٱلْبَحْرِ، أَوْ كَمُضْطَجعٍ عَلَى رَأْسِ سَارِيَةٍ. | ٣٤ 34 |
Du vert som låg du i havsens djup, eller låg i toppen av mastri.
يَقُولُ: «ضَرَبُونِي وَلَمْ أَتَوَجَّعْ! لَقَدْ لَكَأُونِي وَلَمْ أَعْرِفْ! مَتَى أَسْتَيْقِظُ؟ أَعُودُ أَطْلُبُهَا بَعْدُ!». | ٣٥ 35 |
«Dei slo meg, men det gjorde’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»