< ١ أخبار 22 >
فَقَالَ دَاوُدُ: «هَذَا هُوَ بَيْتُ ٱلرَّبِّ ٱلْإِلَهِ، وَهَذَا هُوَ مَذْبَحُ ٱلْمُحْرَقَةِ لِإِسْرَائِيلَ». | ١ 1 |
Og David sagde: «Her skal huset åt Herren Gud standa, og her skal altaret for Israels brennoffer vera.»
وَأَمَرَ دَاوُدُ بِجَمْعِ ٱلْأَجْنَبِيِّينَ ٱلَّذِينَ فِي أَرْضِ إِسْرَائِيلَ، وَأَقَامَ نَحَّاتِينَ لِنَحْتِ حِجَارَةٍ مُرَبَّعَةٍ لِبِنَاءِ بَيْتِ ٱللهِ. | ٢ 2 |
Og David sende bod at dei skulde samla dei framande som var i Israels land, og han sette steinhoggarar til å hogga steinar til byggjevyrke åt Guds hus.
وَهَيَّأَ دَاوُدُ حَدِيدًا كَثِيرًا لِلْمَسَامِيرِ لِمَصَارِيعِ ٱلْأَبْوَابِ وَلِلْوُصَلِ، وَنُحَاسًا كَثِيرًا بِلَا وَزْنٍ، | ٣ 3 |
Og David rådde seg nøgdi av jarn til spikar i portdørerne og til kjengar, og ei slik ovmengd med kopar at han var uvegande,
وَخَشَبَ أَرْزٍ لَمْ يَكُنْ لَهُ عَدَدٌ لِأَنَّ ٱلصِّيدُونِيِّينَ وَٱلصُّورِيِّينَ أَتَوْا بِخَشَبِ أَرْزٍ كَثِيرٍ إِلَى دَاوُدَ. | ٤ 4 |
og cedertre i uteljande mengd; for Sidon- og Tyrus-buarne førde nøgdi av cedertre til David.
وَقَالَ دَاوُدُ: «إِنَّ سُلَيْمَانَ ٱبْنِي صَغِيرٌ وَغَضٌّ، وَٱلْبَيْتُ ٱلَّذِي يُبْنَى لِلرَّبِّ يَكُونُ عَظِيمًا جِدًّا فِي ٱلِٱسْمِ وَٱلْمَجْدِ فِي جَمِيعِ ٱلْأَرَاضِي، فَأَنَا أُهَيِّئُ لَهُ». فَهَيَّأَ دَاوُدُ كَثِيرًا قَبْلَ وَفَاتِهِ. | ٥ 5 |
For David tenkte: «Salomo, son min, er ung og kløkk; men huset som skal byggjast åt Herren, bør vera ovstort, so det kann verta til gjetord og æra i alle land. Difor vil eg få til vegar vyrke åt honom.» So rådde David seg ei nøgd med vyrke fyrr han døydde.
وَدَعَا سُلَيْمَانَ ٱبْنَهُ وَأَوْصَاهُ أَنْ يَبْنِيَ بَيْتًا لِلرَّبِّ إِلَهِ إِسْرَائِيلَ. | ٦ 6 |
So kalla han til seg Salomo, son sin, og bad honom byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
وَقَالَ دَاوُدُ لِسُلَيْمَانَ: «يَا ٱبْنِي، قَدْ كَانَ فِي قَلْبِي أَنْ أَبْنِيَ بَيْتًا لِٱسْمِ ٱلرَّبِّ إِلَهِي. | ٧ 7 |
Og David sagde til Salomo, son sin: «Eg hadde sjølv tenkt meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud.
فَكَانَ إِلَيَّ كَلَامُ ٱلرَّبِّ قَائِلًا: قَدْ سَفَكْتَ دَمًا كَثِيرًا وَعَمِلْتَ حُرُوبًا عَظِيمَةً، فَلَا تَبْنِي بَيْتًا لِٱسْمِي لِأَنَّكَ سَفَكْتَ دِمَاءً كَثِيرَةً عَلَى ٱلْأَرْضِ أَمَامِي. | ٨ 8 |
Men Herrens ord kom til meg soleis: «Du hev rent ut mykje blod og gjort store herferder; du skal ikkje byggja eit hus åt namnet mitt; for du hev rent ut so mykje blod på jordi for mi åsyn.
هُوَذَا يُولَدُ لَكَ ٱبْنٌ يَكُونُ صَاحِبَ رَاحَةٍ، وَأُرِيحُهُ مِنْ جَمِيعِ أَعْدَائِهِ حَوَالَيْهِ، لِأَنَّ ٱسْمَهُ يَكُونُ سُلَيْمَانَ. فَأَجْعَلُ سَلَامًا وَسَكِينَةً فِي إِسْرَائِيلَ فِي أَيَّامِهِ. | ٩ 9 |
Men du skal få ein son; han skal verta ein fredsæl mann; og eg skal lata honom få fred for alle fiendarne sine rundt ikring; for Salomo skal vera namnet hans, og eg skal lata fred og ro liggja yver Israel i hans dagar.
هُوَ يَبْنِي بَيْتًا لِٱسْمِي، وَهُوَ يَكُونُ لِيَ ٱبْنًا، وَأَنَا لَهُ أَبًا وَأُثَبِّتُ كُرْسِيَّ مُلْكِهِ عَلَى إِسْرَائِيلَ إِلَى ٱلْأَبَدِ. | ١٠ 10 |
Han skal byggja eit hus åt namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans. Og eg skal grunnfesta kongsstolen hans yver Israel i all æva.»
ٱلْآنَ يَا ٱبْنِي، لِيَكُنِ ٱلرَّبُّ مَعَكَ فَتُفْلِحَ وَتَبْنِيَ بَيْتَ ٱلرَّبِّ إِلَهِكَ كَمَا تَكَلَّمَ عَنْكَ. | ١١ 11 |
Herren vere no med deg, son min! Du have lukka med deg, so du fær byggja huset åt Herren din Gud, soleis som han hev tala um deg.
إِنَّمَا يُعْطِيكَ ٱلرَّبُّ فِطْنَةً وَفَهْمًا وَيُوصِيكَ بِإِسْرَائِيلَ لِحِفْظِ شَرِيعَةِ ٱلرَّبِّ إِلَهِكَ. | ١٢ 12 |
Berre Herren vil gjeva deg visdom og skyndsemd, når han set deg yver Israel, og hjelpa deg til å halda lovi frå Herren, din Gud,
حِينَئِذٍ تُفْلِحُ إِذَا تَحَفَّظْتَ لِعَمَلِ ٱلْفَرَائِضِ وَٱلْأَحْكَامِ ٱلَّتِي أَمَرَ بِهَا ٱلرَّبُّ مُوسَى لِأَجْلِ إِسْرَائِيلَ. تَشَدَّدْ وَتَشَجَّعْ لَا تَخَفْ وَلَا تَرْتَعِبْ. | ١٣ 13 |
so skal du hava lukka med deg, um du kjem i hug å liva etter dei bodi og loverne som Herren hev bode Moses leggja på Israel. Ver sterk og stød; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla.
هَأَنَذَا فِي مَذَلَّتِي هَيَّأْتُ لِبَيْتِ ٱلرَّبِّ ذَهَبًا مِئَةَ أَلْفِ وَزْنَةٍ، وَفِضَّةً أَلْفَ أَلْفِ وَزْنَةٍ، وَنُحَاسًا وَحَدِيدًا بِلَا وَزْنٍ لِأَنَّهُ كَثِيرٌ. وَقَدْ هَيَّأْتُ خَشَبًا وَحِجَارَةً فَتَزِيدُ عَلَيْهَا. | ١٤ 14 |
Og trass i all mi naud hev eg no fenge fram til Herrens hus eit hundrad tusund talent gull og tusund gonger tusund talent sylv, og dertil meir kopar og jarn enn ein kann vega; so mykje er det; trevyrke og stein hev eg og rådt meg, og meir må du sjølv leggja attåt.
وَعِنْدَكَ كَثِيرُونَ مِنْ عَامِلِي ٱلشُّغْلِ: نَحَّاتِينَ وَبَنَّائِينَ وَنَجَّارِينَ وَكُلُّ حَكِيمٍ فِي كُلِّ عَمَلٍ. | ١٥ 15 |
Arbeidsfolk hev du og nøgdi av, håndverkarar, steinhoggarar og timbremenner, og dertil allslags folk som er hage til alt anna arbeid.
ٱلذَّهَبُ وَٱلْفِضَّةُ وَٱلنُّحَاسُ وَٱلْحَدِيدُ لَيْسَ لَهَا عَدَدٌ. قُمْ وَٱعْمَلْ، وَلْيَكُنِ ٱلرَّبُّ مَعَكَ». | ١٦ 16 |
Gullet, sylvet, koparen og jarnet kann ein ikkje halda rekning på. Upp då og tak fatt på verket, og Herren vere med deg!»
وَأَمَرَ دَاوُدُ جَمِيعَ رُؤَسَاءِ إِسْرَائِيلَ أَنْ يُسَاعِدُوا سُلَيْمَانَ ٱبْنَهُ: | ١٧ 17 |
Deretter baud David alle hovdingarne i Israel hjelpa Salomo, son hans, og sagde:
«أَلَيْسَ ٱلرَّبُّ إِلَهُكُمْ مَعَكُمْ، وَقَدْ أَرَاحَكُمْ مِنْ كُلِّ نَاحِيَةٍ، لِأَنَّهُ دَفَعَ لِيَدِي سُكَّانَ ٱلْأَرْضِ فَخَضَعَتِ ٱلْأَرْضُ أَمَامَ ٱلرَّبِّ وَأَمَامَ شَعْبِهِ؟ | ١٨ 18 |
«Herren, dykkar Gud, er då med dykk og hev gjeve dykk ro på alle sidor; for han hev gjeve i mi hand deim som fyrr budde i landet, og det er lagt under Herren og hans folk.
فَٱلْآنَ ٱجْعَلُوا قُلُوبَكُمْ وَأَنْفُسَكُمْ لِطَلَبِ ٱلرَّبِّ إِلَهِكُمْ، وَقُومُوا وَٱبْنُوا مَقْدِسَ ٱلرَّبِّ ٱلْإِلَهِ، لِيُؤْتَى بِتَابُوتِ عَهْدِ ٱلرَّبِّ وَبِآنِيَةِ قُدْسِ ٱللهِ إِلَى ٱلْبَيْتِ ٱلَّذِي يُبْنَى لِٱسْمِ ٱلرَّبِّ». | ١٩ 19 |
So vend no dykkar hjarta og hug til å søkja Herren dykkar Gud, og tak til og bygg Herren Guds heilagdom, so de kann få føra Herrens sambandskista og alt det andre som høyrer til Guds heilagdom, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn.»