< Matteus 18 >

1 I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?»
这时门徒前来问耶稣:“天国里谁最伟大?”
2 Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim
耶稣叫来一个小孩子站在他们当中,说:
3 og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket.
“实话告诉你们,如果你们不改变思维方式,变成像小孩子一样,一定不能进天国。
4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket;
所以,凡谦卑如这小孩子,在天国里便最伟大。
5 og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg.
凡因我之名接受这样的小孩子,便是接受我。
6 Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet.
但任何人如让这信我的小孩犯罪,最好在他们的脖子上系一块大磨石,把他沉在深海。
7 Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå!
灾祸正在降临这个世界,因为这里有太多让人犯罪的诱惑。诱惑必然降临,但对于带来诱惑之人,这必是一场灾难!
8 Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden. (aiōnios g166)
如果你的手或脚让你犯罪,就把它砍下丢掉。即使缺手缺脚,但你却可以获得永生,总好过手脚齐全坠入永不熄灭之火。 (aiōnios g166)
9 Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden. (Geenna g1067)
如果你的一只眼睛让你犯罪,把它挖出来丢掉。一只眼睛进入永生,总比两眼齐全坠入哥和拿好。 (Geenna g1067)
10 Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen.
你们要小心,不要轻视任何小孩。我告诉你们,他们的天使在天上,常常见到天父的面。
11 For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
12 Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt?
一个人有一百只羊,如果丢了一只,他会不把九十九只留在山上,去寻找迷失的那只?你们认为呢?
13 og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt.
告诉你吧,他若找到了丢失的羊,就只是为这一只羊欢喜,胜过那未迷路的九十九只。
14 Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
同理,你们的天父也不愿意丢失任何一个小孩子。
15 Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din;
如果你的兄弟对你做出罪行,在与他单独相处时,要指出他的过失。如果他肯听,便还是你的兄弟。
16 men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål.
如果他不肯听,就再带一两个人,凭两三个证人之口,就会更加确认真相。
17 Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg.
如果他还是不听,就告诉教会,如果他连教会也不听,就把他看作异教徒和税吏吧。
18 Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.
告诉你们实话吧,你们在地上禁止的,在天上也被禁止,你们在地上允许的,在天上也被允许。
19 Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen.
我还要告诉你们,人间若有两人同心祈求一件事,我的天父必为他们成全。
20 For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»
因为无论在哪里,有两三个人以我之名相聚,我就与他们同在。”
21 Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?»
这时彼得前来问耶稣:“主啊,如果我的兄弟得罪我,我可饶恕他多少次?七次吗?”
22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.»
耶稣对他说:“不是七次,而是七次的七十倍。
23 For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine.
所以天国如一个国王,要和欠其钱财的仆人算账。
24 Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar.
当他开始清算时,一个仆人被带到他面前,此人欠下一万银币。
25 Men han hadde’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast.
他没有钱偿还,主人就下令叫人把他和妻小以及一切统统卖掉,用来偿还。
26 Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!»
那仆人就跪下拜他,说:‘请宽容我,我会把一切偿还于你。’
27 Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi.
主人动了慈悲心,便把那仆人放了,免了他的债。
28 Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!»
但之后,这仆人遇到欠他一百个银币之人,就抓住对方并扼其喉咙,说:‘把你欠我的钱还给我。’
29 Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!»
那人与他都是仆人,跪下求他说:‘请宽容我,我会还给你。’
30 Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd.
他却不肯,反而把另一人押走并关进监牢,等他把所欠的钱财还清。
31 Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt.
其他的仆人见到此景非常沮丧,就去向主人报告这一切。
32 Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg!
于是主人叫他来,对他说:‘你这个恶仆,你求我,我就免了你欠我的一切。
33 Skulde so’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!»
难道你不应像我怜悯你一样,怜悯你的同伴吗?’
34 Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi.
主人大怒,把他送去服刑,等他把所欠的一切还清。
35 So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.
如果你们不从心里饶恕你的兄弟,我的天父也必这样待你们。”

< Matteus 18 >