< Dommernes 18 >
1 I den tidi fanst det ingen konge i Israel. Og i den tidi leita Dans-ætti etter eit odelsland til å busetja seg i; for det hadde ikkje til den dag falle nokon arvlut på deim, som på dei andre Israels-ætterne.
那时,以色列中没有王。但支派的人仍是寻地居住;因为到那日子,他们还没有在以色列支派中得地为业。
2 Dans-sønerne sende ut fem mann av heile si ætt, djerve karar frå Sora og Estaol, som skulde endefara landet og sjå det vel yver. «Far no i veg, » sagde dei til deim, «og sjå dykk vel um i landet!» Mennerne kom til garden hans Mika i Efraimsheidi, og vart der um natti.
但人从琐拉和以实陶打发本族中的五个勇士,去仔细窥探那地,吩咐他们说:“你们去窥探那地。”他们来到以法莲山地,进了米迦的住宅,就在那里住宿。
3 For då dei for frammed husi hans Mika, kjende dei att målet åt den unge leviten, og so tok dei av vegen, og spurde honom: «Kven hev ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis hev du det?»
他们临近米迦的住宅,听出那少年利未人的口音来,就进去问他说:“谁领你到这里来?你在这里做什么?你在这里得什么?”
4 So sagde han deim kva Mika hadde gjort for honom, og at han hadde leigt honom til prest for seg.
他回答说:“米迦待我如此如此,请我作祭司。”
5 «Kjære deg, » sagde dei då, «spør Gud for oss um den ferdi me hev fyre oss, skal lukkast!»
他们对他说:“请你求问 神,使我们知道所行的道路通达不通达。”
6 «Det kann fara trygt!» svara presten «Herren hev augo med dykk på ferdi dykkar.»
祭司对他们说:“你们可以平平安安地去,你们所行的道路是在耶和华面前的。”
7 Då for dei sin veg, dei fem mennerne, og kom til La’is; og dei såg at folket der i bygdi livde sutlaust, på same vis som sidonarane, roleg og sutlaust; det fanst ingen i landet som gjekk deim for nær i nokon ting, ingen einvaldsherre; langt var dei frå sidonarane, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk.
五人就走了,来到拉亿,见那里的民安居无虑,如同西顿人安居一样。在那地没有人掌权扰乱他们;他们离西顿人也远,与别人没有来往。
8 So kom dei heim att til frendarna sine i Sora og Estaol, og frendarne deira spurde: «Kva tidender kjem de med?»
五人回到琐拉和以实陶,见他们的弟兄;弟兄问他们说:“你们有什么话?”
9 «Kom, lat oss fara i veg og taka på La’is-buarne!» svara dei; «me hev skoda landet; det er eit ovgodt land. Og de sit berre og tegjer? Dryg ikkje med å taka på vegen til det landet og eigna det til dykk!
他们回答说:“起来,我们上去攻击他们吧!我们已经窥探那地,见那地甚好。你们为何静坐不动呢?要急速前往得那地为业,不可迟延。
10 Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje kjem i hug nokon fåre, og landet er vidskått. Gud hev gjeve det i henderne dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdeleg ting!»
你们到了那里,必看见安居无虑的民,地也宽阔。 神已将那地交在你们手中;那地百物俱全,一无所缺。”
11 So for dei i vegen, seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti, frå Sora og Estaol.
于是但族中的六百人,各带兵器,从琐拉和以实陶前往,
12 Då dei var komne upp i høgdi, slo dei læger i Kirjat-Jearim i Judafylket; difor hev den staden vore kalla Dans-lægret alt til denne dag; det er vestanfor Kirjat-Jearim.
上到犹大的基列·耶琳,在基列·耶琳后边安营。因此那地方名叫玛哈尼·但,直到今日。
13 Derifrå for dei yver til Efraimsheidi, og kom til garden hans Mika.
他们从那里往以法莲山地去,来到米迦的住宅。
14 Då tok dei til ords, dei fem mennerne som hadde vore til La’isbygdi og spæja, og dei sagde til landsmennerne sine: «Veit de at i desse husi er det ei gullkåpa og husgudar og eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til? so veit de vel kva de lyt gjera!»
从前窥探拉亿地的五个人对他们的弟兄说:“这宅子里有以弗得和家中的神像,并雕刻的像与铸成的像,你们知道吗?现在你们要想一想当怎样行。”
15 So tok dei av vegen der, og kom til huset åt den unge leviten på garden hans Mika, og helsa på honom.
五人就进入米迦的住宅,到了那少年利未人的房内问他好。
16 Der stod no i portledet seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti;
那六百但人各带兵器,站在门口。
17 og dei fem mennerne som hadde vore der i landet og spæja, gjekk upp på garden og inn i gudshuset, og tok gudsbilætet og gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, med presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennerne.
窥探地的五个人走进去,将雕刻的像、以弗得、家中的神像,并铸成的像,都拿了去。祭司和带兵器的六百人,一同站在门口。
18 Då no desse kararne hadde vore inn i huset hans Mika og teke gudsbilætet med gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, so sagde presten til deim: «Kva er det de gjer!»
那五个人进入米迦的住宅,拿出雕刻的像、以弗得、家中的神像,并铸成的像,祭司就问他们说:“你们做什么呢?”
19 «Teg deg og agta munnen din!» svara dei. «Kom heller med oss, og ver far og prest for oss! Er det’kje mykje betre for deg å vera prest for ei heil ætt og grein av Israel enn for ein huslyd?»
他们回答说:“不要作声,用手捂口,跟我们去吧!我们必以你为父、为祭司。你作一家的祭司好呢?还是作以色列一族一支派的祭司好呢?”
20 Dette lika presten vel. Han tok gullkåpa og husgudarne og gudsbilætet, og gav seg med flokken.
祭司心里喜悦,便拿着以弗得和家中的神像,并雕刻的像,进入他们中间。
21 So snudde dei seg, og for av garde, og let kvinnorne og borni og bufeet og eignaluterne sine vera fremst i ferdi.
他们就转身离开那里,妻子、儿女、牲畜、财物都在前头。
22 Dei var alt komne langt ifrå garden fyrr mennerne i grendi hans Mika fekk samla seg og nådde deim att.
离米迦的住宅已远,米迦的近邻都聚集来,追赶但人,
23 Dei ropa etter Dans-sønerne, og dei vende seg og sagde til Mika: «Kva er tids, med di du hev samla folki dine?»
呼叫但人。但人回头问米迦说:“你聚集这许多人来做什么呢?”
24 «De hev teke gudarne som eg hev gjort meg, og presten, og fare av garde med, » svara han; «kva hev eg so att? Og endå spør de meg kva er tids!»
米迦说:“你们将我所做的神像和祭司都带了去,我还有所剩的吗?怎么还问我说‘做什么’呢?”
25 Då sagde dei til honom: «Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, og då kom du til å missa livet både du og dine.»
但人对米迦说:“你不要使我们听见你的声音,恐怕有性暴的人攻击你,以致你和你的全家尽都丧命。”
26 So for dei sin veg, Dans-sønerne, og då Mika såg at dei var honom for sterke, snudde han um, og for heim att.
但人还是走他们的路。米迦见他们的势力比自己强盛,就转身回家去了。
27 Då Dans-sønerne hadde teke alle dei ting som Mika hadde kosta seg, og presten som var hjå honom, kom dei brått yver La’is, yver eit folk som livde roleg og ikkje kom i hug nokon fåre; folket øydde dei med odd og egg, og byen brende dei upp.
但人将米迦所做的神像和他的祭司都带到拉亿,见安居无虑的民,就用刀杀了那民,又放火烧了那城,
28 Og det var ingen som hjelpte; for dei budde langt ifrå Sidon, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. Byen låg i Bet-Rehobdalen. Dans-sønerne bygde honom upp att og vart buande der;
并无人搭救;因为离西顿远,他们又与别人没有来往。城在平原,那平原靠近伯·利合。但人又在那里修城居住,
29 Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son åt Israel; fyrr heitte han La’is.
照着他们始祖以色列之子但的名字,给那城起名叫但;原先那城名叫拉亿。
30 Der sette dei upp att gudsbilætet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses’ son, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt.
但人就为自己设立那雕刻的像。摩西的孙子、革舜的儿子约拿单,和他的子孙作但支派的祭司,直到那地遭掳掠的日子。
31 Gudsbilætet som Mika hadde gjort seg, vart standande hjå deim so lenge Guds hus var i Silo.
神的殿在示罗多少日子,但人为自己设立米迦所雕刻的像也在但多少日子。