< Esekiel 29 >
1 I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg; han sagde:
第十年十月十二日,耶和华的话临到我说:
2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot honom og imot alt Egyptarland!
“人子啊,你要向埃及王法老预言攻击他和埃及全地,
3 Tala og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Farao, egyptarkonge, du, den store draken som ligg midt uti elvarne sine, og som segjer: «Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.»
说主耶和华如此说: 埃及王法老啊, 我与你这卧在自己河中的大鱼为敌。 你曾说:这河是我的, 是我为自己造的。
4 Og eg vil setja krokar i kjakarne dine, og fiskarne i elvarne dine vil eg festa i reisti dine, so dreg eg deg upp utor elvarne dine med alle fiskarne i elvarne dine, dei som er feste i reisti dine.
我—耶和华必用钩子钩住你的腮颊, 又使江河中的鱼贴住你的鳞甲; 我必将你和所有贴住你鳞甲的鱼, 从江河中拉上来,
5 Og eg skal kasta deg ut i øydemarki, deg og kvar ein fisk i elvarne dine. På berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla, dyri på jordi og fuglarne under himmelen skal få deg til mat.
把你并江河中的鱼都抛在旷野; 你必倒在田间, 不被收殓,不被掩埋。 我已将你给地上野兽、空中飞鸟作食物。
6 Og alle som bur i Egyptarland, skal sanna at eg er Herren, for di at dei vart ein røyrstav åt Israels-lyden;
“埃及一切的居民,因向以色列家成了芦苇的杖,就知道我是耶和华。
7 når dei grip um deg med handi, brotnar du og flengjer deim alle i herdi, og når dei styd seg på deg, ryk du i sund og fær deim alle til å sviga i lenderne.
他们用手持住你,你就断折,伤了他们的肩;他们倚靠你,你就断折,闪了他们的腰。
8 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg let sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg folk og fe.
所以主耶和华如此说:我必使刀剑临到你,从你中间将人与牲畜剪除。
9 Og Egyptarlandet skal verta til audn og øyda - og dei skal sanna at eg er Herren - for di han sagde: «Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.»
埃及地必荒废凄凉,他们就知道我是耶和华。 “因为法老说:‘这河是我的,是我所造的’,
10 Difor, sjå, eg vil finna deg og elvarne dine, og eg vil gjera Egyptarlandet til øydemarker, ei audn lagd i øyde, frå Midgol til Syene og alt til landskilet mot Ætiopia.
所以我必与你并你的江河为敌,使埃及地,从色弗尼塔直到古实境界,全然荒废凄凉。
11 Igjenom det skal ikkje mannefot ganga, og fefot skal ikkje ganga gjenom det, og det skal vera ubygt i fyrti år.
人的脚、兽的蹄都不经过,四十年之久并无人居住。
12 Og eg vil leggja Egyptarlandet i øyde midt ibland øydeland, og i byarne - midt ibland øydestader - skal det vera audt i fyrti år. Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå deim kringum i landi.
我必使埃及地在荒凉的国中成为荒凉,使埃及城在荒废的城中变为荒废,共有四十年。我必将埃及人分散在列国,四散在列邦。”
13 For so segjer Herren, Herren: Når fyrti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde.
主耶和华如此说:“满了四十年,我必招聚分散在各国民中的埃及人。
14 Og eg vil venda Egyptarlands lagnad og føra deim attende til Patroslandet, til det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike.
我必叫埃及被掳的人回来,使他们归回本地巴忒罗。在那里必成为低微的国,
15 Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata deim smogna i hop, so dei ikkje skal rikja yver folki.
必为列国中最低微的,也不再自高于列国之上。我必减少他们,以致不再辖制列国。
16 Og aldri meir skal Israels-lyden der søkja seg livd og soleis minna meg um deira misgjerning, med di dei snur seg etter deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.
埃及必不再作以色列家所倚靠的;以色列家仰望埃及人的时候,便思念罪孽。他们就知道我是主耶和华。”
17 So hende det i det sju og tjugande året, den fyrste dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
二十七年正月初一日,耶和华的话临到我说:
18 Menneskjeson! Nebukadressar, Babel-kongen, hev late heren sin stræva hardt mot Tyrus; kvart eit hovud er fleinskalla, og kvar ei herd avgnura. Men løn hev han og heren hans ikkje fenge av Tyrus for alt sitt stræv imot det.
“人子啊,巴比伦王尼布甲尼撒使他的军兵大大效劳,攻打泰尔,以致头都光秃,肩都磨破;然而他和他的军兵攻打泰尔,并没有从那里得什么酬劳。
19 Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev Nebukadressar, Babel-kongen, Egyptarland, og han skal taka rikdomen der og rana ranet og hertaka herfanget, og det skal vera løn åt heren hans.
所以主耶和华如此说:我必将埃及地赐给巴比伦王尼布甲尼撒;他必掳掠埃及群众,抢其中的财为掳物,夺其中的货为掠物,这就可以作他军兵的酬劳。
20 Til løn åt honom for strævet gjev eg honom Egyptarland; for dei hev arbeidt for meg, segjer Herren, Herren.
我将埃及地赐给他,酬他所效的劳,因王与军兵是为我勤劳。这是主耶和华说的。
21 Den same dagen vil eg lata eit horn veksa upp åt Israels-lyden; og du skal få lata upp din munn midt ibland deim, og dei skal sanna at eg er Herren.
“当那日,我必使以色列家的角发生,又必使你—以西结在他们中间得以开口;他们就知道我是耶和华。”