< Esekiel 27 >

1 Herrens ord kom til meg; han sagde:
The LORD’s word came again to me, saying,
2 Og du, menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!
“You, son of man, take up a lamentation over Tyre;
3 Og du skal segja til Tyrus som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Herren: Tyrus, du segjer: «Storfager er eg og frid.»
and tell Tyre, ‘You who dwell at the entry of the sea, who are the merchant of the peoples to many islands, the Lord GOD says: “You, Tyre, have said, ‘I am perfect in beauty.’
4 I havsens hjarta er dine landskil, dei som bygde deg, gjorde deg storfager.
Your borders are in the heart of the seas. Your builders have perfected your beauty.
5 Av cypresstre frå Senir bygde dei alt plankeverket på deg. Cedertre frå Libanon tok dei og gjorde til mastr på deg.
They have made all your planks of cypress trees from Senir. They have taken a cedar from Lebanon to make a mast for you.
6 Av eik frå Basan gjorde dei årarne dine. Dekket ditt gjorde dei av filsbein, innlagt i buskbom frå Kittim-øyarne.
They have made your oars of the oaks of Bashan. They have made your benches of ivory inlaid in cypress wood from the islands of Kittim.
7 Manglita linty frå Egyptarland hadde du til segl, til å vera ditt merke, blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyarne var ditt soltjeld.
Your sail was of fine linen with embroidered work from Egypt, that it might be to you for a banner. Blue and purple from the islands of Elishah was your awning.
8 Folk frå Sidon og Arvad var roarar åt deg, dei kunnige av dine eigne, Tyrus, dei vart hovudsmennerne dine.
The inhabitants of Sidon and Arvad were your rowers. Your wise men, Tyre, were in you. They were your pilots.
9 Dei øvste og visaste frå Gebal hadde du til å bøta lekarne dine. Alle havskip og deira sjømenner var i deg og handla med deg.
The old men of Gebal and its wise men were your repairers of ship seams in you. All the ships of the sea with their mariners were in you to deal in your merchandise.
10 Menner frå Persia, Lud og Put var i din her, dine stridsmenner. Skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg pryda.
“‘“Persia, Lud, and Put were in your army, your men of war. They hung the shield and helmet in you. They showed your beauty.
11 Arvads søner og din eigen her var på dine murar rundt ikring, og gammaditar var i dine tårn. Sine skjoldar hengde dei på murarne dine rundt ikring; dei gjorde deg fulleleg fager.
The men of Arvad with your army were on your walls all around, and valiant men were in your towers. They hung their shields on your walls all around. They have perfected your beauty.
12 Tarsis handla med deg, av di du hadde so mykje gods. Sylv, jarn, tin og bly gav dei deg for varorne dine.
“‘“Tarshish was your merchant by reason of the multitude of all kinds of riches. They traded for your wares with silver, iron, tin, and lead.
13 Javan, Tubal og Mesek, deim hadde du til kræmarar; menneskje og koparkjerald gav dei deg i varebyte.
“‘“Javan, Tubal, and Meshech were your traders. They traded the persons of men and vessels of bronze for your merchandise.
14 Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varorne dine.
“‘“They of the house of Togarmah traded for your wares with horses, war horses, and mules.
15 Dedans søner var kræmarane dine. Mange havstrender kjøpte av di hand; filsbein og ibenholt gav dei deg i skatt.
“‘“The men of Dedan traded with you. Many islands were the market of your hand. They brought you horns of ivory and ebony in exchange.
16 Syria handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut; karfunkelstein, purpur og manglita ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.
“‘“Syria was your merchant by reason of the multitude of your handiworks. They traded for your wares with emeralds, purple, embroidered work, fine linen, coral, and rubies.
17 Juda og Israelslandet, dei var kræmarane dine; kveite frå Minnit og søt-kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.
“‘“Judah and the land of Israel were your traders. They traded wheat of Minnith, confections, honey, oil, and balm for your merchandise.
18 Damaskus handla med deg, av di du hadde mang ein eignalut, ein ovmengd med allslags gods. Dei gav deg vin frå Hebron og kvit ull.
“‘“Damascus was your merchant for the multitude of your handiworks by reason of the multitude of all kinds of riches, with the wine of Helbon, and white wool.
19 Vedan og Javan frå Uzal gav att for varorne dine; jarnsmide, kassia og kalmus fekk du i varebyte.
“‘“Vedan and Javan traded with yarn for your wares; wrought iron, cassia, and calamus were amongst your merchandise.
20 Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.
“‘“Dedan was your merchant in precious saddle blankets for riding.
21 Arabia og alle fyrstarne i Kedar kjøpte av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.
“‘“Arabia and all the princes of Kedar were your favourite dealers in lambs, rams, and goats. In these, they were your merchants.
22 Kræmarane i Sjeba og Rama, dei var dine kræmarar; krydda av aller gjævaste slag og allslags dyreverdige steinar og gull gav dei for varorne dine.
“‘“The traders of Sheba and Raamah were your traders. They traded for your wares with the best of all spices, all precious stones, and gold.
23 Kharan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur, Kilmad handla med deg.
“‘“Haran, Canneh, Eden, the traders of Sheba, Asshur and Chilmad, were your traders.
24 Dei var dine kræmarar med prydelege eignating, med kåpor av purpurblått og manglita ty og med spriklute tæpe med tvinna sterke snøre på din marknad.
These were your traders in choice wares, in wrappings of blue and embroidered work, and in cedar chests of rich clothing bound with cords, amongst your merchandise.
25 Med Tarsis-skip gjorde du kjøpstemnorne dine. Du vart fyllt og ovende rik - midt i havet.
“‘“The ships of Tarshish were your caravans for your merchandise. You were replenished and made very glorious in the heart of the seas.
26 Utpå storhavet førde dine roarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.
Your rowers have brought you into great waters. The east wind has broken you in the heart of the seas.
27 Ditt gods, dine salsvaror og bytevaror, dine sjøfolk, dine skiprar, dei som bøter lekarne dine, og dei som driv din handel, og kvar ein stridsmann som i deg er, med heile ditt mannskap som er um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.
Your riches, your wares, your merchandise, your mariners, your pilots, your repairers of ship seams, the dealers in your merchandise, and all your men of war who are in you, with all your company which is amongst you, will fall into the heart of the seas in the day of your ruin.
28 For naudropi frå skiprarne dine skal markerne bivra.
At the sound of the cry of your pilots, the pasture lands will shake.
29 Og dei skal stiga utor sine skip alle som med årarne sit, mannskapet og kvar skiper på havet, til land skal dei søkja.
All who handle the oars, the mariners and all the pilots of the sea, will come down from their ships. They will stand on the land,
30 Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt. Og dei skal kasta mold på sine hovud, i oska skal dei velta seg.
and will cause their voice to be heard over you, and will cry bitterly. They will cast up dust on their heads. They will wallow in the ashes.
31 Og dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og gyrda seg med sekk. Og dei skal gråta yver deg med sjælekvida og øya seg sårt.
They will make themselves bald for you, and clothe themselves with sackcloth. They will weep for you in bitterness of soul, with bitter mourning.
32 Og med dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og syrgjande kveda um deg: «Kven er lik Tyrus, som no er tagna midt uti havet?»
In their wailing they will take up a lamentation for you, and lament over you, saying, ‘Who is there like Tyre, like her who is brought to silence in the middle of the sea?’
33 Medan varorne dine kom frå havet, metta du mange folkeslag. Med ovmengdi av ditt gods og med dine bytevaror gjorde du kongarne på jordi rike.
When your wares came from the seas, you filled many peoples. You enriched the kings of the earth with the multitude of your riches and of your merchandise.
34 No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er dine bytevaror og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.
In the time that you were broken by the seas, in the depths of the waters, your merchandise and all your company fell within you.
35 Alle som bur på havstrenderne, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, deira andlit bivra.
All the inhabitants of the islands are astonished at you, and their kings are horribly afraid. They are troubled in their face.
36 Kjøpmennerne ibland folkeslagi hæder deg; Ei skræma er du vorten, du er ikkje til - i all æva.
The merchants amongst the peoples hiss at you. You have come to a terrible end, and you will be no more.”’”

< Esekiel 27 >