< Liber Numeri 2 >
1 Locutusque est Dominus ad Moysen et Aaron, dicens:
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
2 Singuli per turmas, signa, atque vexilla, et domos cognationum suarum castrametabuntur filii Israel, per gyrum tabernaculi fœderis.
«Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.
3 Ad Orientem Iudas figet tentoria per turmas exercitus sui: eritque princeps filiorum eius Nahasson filius Aminadab.
På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;
4 Et omnis de stirpe eius summa pugnantium, septuaginta quattuor millia sexcenti.
og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
5 Iuxta eum castrametati sunt de tribu Issachar, quorum princeps fuit Nathanael filius Suar.
Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;
6 Et omnis numerus pugnatorum eius quinquaginta quattuor millia quadringenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.
7 In tribu Zabulon princeps fuit Eliab filius Helon.
Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;
8 Omnis de stirpe eius exercitus pugnatorum, quinquaginta septem millia quadringenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.
9 Universi qui in castris Iudæ annumerati sunt, fuerunt centum octoginta sex millia quadringenti: et per turmas suas primi egredientur.
Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.
10 In castris filiorum Ruben ad meridianam plagam erit princeps Elisur filius Sedeur:
Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;
11 et cunctus exercitus pugnatorum eius qui numerati sunt, quadraginta sex millia quingenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
12 Iuxta eum castrametati sunt de tribu Simeon: quorum princeps fuit Salamiel filius Surisaddai.
Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;
13 Et cunctus exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, quinquaginta novem millia trecenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.
14 In tribu Gad princeps fuit Eliasaph filius Duel.
Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;
15 Et cunctus exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, quadraginta quinque millia sexcenti quinquaginta.
og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
16 Omnes qui recensiti sunt in castris Ruben, centum quinquaginta millia et mille quadringenti quinquaginta per turmas suas: in secundo loco proficiscentur.
Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.
17 Levabitur autem tabernaculum testimonii per officia Levitarum et turmas eorum. Quomodo erigetur, ita et deponetur. Singuli per loca et ordines suos proficiscentur.
Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
18 Ad occidentalem plagam erunt castra filiorum Ephraim, quorum princeps fuit Elisama filius Ammiud.
Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;
19 Cunctus exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, quadraginta millia quingenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.
20 Et cum eis tribus filiorum Manasse, quorum princeps fuit Gamaliel filius Phadassur.
Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;
21 Cunctusque exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, triginta duo millia ducenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
22 In tribu filiorum Beniamin princeps fuit Abidan filius Gedeonis.
Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;
23 Et cunctus exercitus pugnatorum eius, qui recensiti sunt, triginta quinque millia quadringenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
24 Omnes qui numerati sunt in castris Ephraim, centum octo millia centum per turmas suas: tertii proficiscentur.
Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.
25 Ad Aquilonis partem castrametati sunt filii Dan: quorum princeps fuit Ahiezer filius Ammisaddai.
Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;
26 Cunctus exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, sexaginta duo millia septingenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
27 Iuxta eum fixere tentoria de tribu Aser: quorum princeps fuit Phegiel filius Ochran.
Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;
28 Cunctus exercitus pugnatorum eius, qui numerati sunt, quadraginta millia et mille quingenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
29 De tribu filiorum Nephthali princeps fuit Ahira filius Enan.
Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;
30 Cunctus exercitus pugnatorum eius, quinquaginta tria millia quadringenti.
og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.
31 Omnes, qui numerati sunt in castris Dan, fuerunt centum quinquaginta septem millia sexcenti: et novissimi proficiscentur.
Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»
32 Hic numerus filiorum Israel, per domos cognationum suarum et turmas divisi exercitus, sexcenta tria millia quingenti quinquaginta.
Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.
33 Levitæ autem non sunt numerati inter filios Israel: sic enim præceperat Dominus Moysi.
Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.
34 Feceruntque filii Israel iuxta omnia quæ mandaverat Dominus. Castrametati sunt per turmas suas, et profecti per familias ac domos patrum suorum.
Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.