< Isaiæ 24 >

1 Ecce Dominus dissipabit terram, et nudabit eam, et affliget faciem eius, et disperget habitatores eius.
Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne.
2 Et erit sicut populus, sic sacerdos: et sicut servus, sic dominus eius: sicut ancilla, sic domina eius: sicut emens, sic ille qui vendit: sicut fœnerator, sic is qui mutuum accipit: sicut qui repetit, sic qui debet.
Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans.
3 Dissipatione dissipabitur terra, et direptione prædabitur. Dominus enim locutus est verbum hoc.
Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette.
4 Luxit, et defluxit terra, et infirmata est: defluxit orbis, infirmata est altitudo populi terræ.
Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast.
5 Et terra infecta est ab habitatoribus suis: quia transgressi sunt leges, mutaverunt ius, dissipaverunt fœdus sempiternum.
Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti.
6 Propter hoc maledictio vorabit terram, et peccabunt habitatores eius: ideoque insanient cultores eius, et relinquentur homines pauci.
Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.
7 Luxit vindemia, infirmata est vitis, ingemuerunt omnes qui lætabantur corde.
Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.
8 Cessavit gaudium tympanorum, quievit sonitus lætantium, conticuit dulcedo citharæ.
Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither.
9 Cum cantico non bibent vinum: amara erit potio bibentibus illam.
Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk.
10 Attrita est civitas vanitatis, clausa est omnis domus nullo introeunte.
Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.
11 Clamor erit super vino in plateis: deserta est omnia lætitia: translatum est gaudium terræ.
Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.
12 Relicta est in urbe solitudo, et calamitas opprimet portas.
Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.
13 Quia hæc erunt in medio terræ, in medio populorum: quomodo si paucæ olivæ, quæ remanserunt, excutiantur ex olea: et racemi, cum fuerit finita vindemia.
For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.
14 Hi levabunt vocem suam, atque laudabunt: cum glorificatus fuerit Dominus, hinnient de mari.
Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.
15 Propter hoc in doctrinis glorificate Dominum: in insulis maris nomen Domini Dei Israel.
«Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.»
16 A finibus terræ laudes audivimus, gloriam Iusti. Et dixi: Secretum meum mihi, secretum meum mihi, væ mihi: prævaricantes prævaricati sunt, et prævaricatione transgressorum prævaricati sunt.
Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran.
17 Formido, et fovea, et laqueus super te, qui habitator es terræ.
Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi!
18 Et erit: Qui fugerit a voce formidinis, cadet in foveam: et qui se explicaverit de fovea, tenebitur laqueo: quia cataractæ de excelsis apertæ sunt, et concutientur fundamenta terræ.
Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv.
19 Confractione confringetur terra, contritione conteretur terra, commotione commovebitur terra,
Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.
20 agitatione agitabitur terra sicut ebrius, et auferetur quasi tabernaculum unius noctis: et gravabit eam iniquitas sua, et corruet, et non adiiciet ut resurgat.
Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.
21 Et erit: In die illa visitabit Dominus super militiam cæli in excelso: et super reges terræ, qui sunt super terram.
Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi,
22 Et congregabuntur in congregatione unius fascis in lacum, et claudentur ibi in carcere: et post multos dies visitabuntur.
og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff.
23 Et erubescet luna, et confundetur sol, cum regnaverit Dominus exercituum in monte Sion, et in Ierusalem, et in conspectu senum suorum fuerit glorificatus.
Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.

< Isaiæ 24 >