< 여호수아 6 >
1 이스라엘 자손들로 인하여 여리고는 굳게 닫혔고 출입하는 자 없더라
I Jeriko læste dei portarne og stengde seg inne for Israels-sønerne skuld; ingen gjekk ut, og ingen kom inn.
2 여호와께서 여호수아에게 이르시되 보라 내가 여리고와 그 왕과 용사들을 네 손에 붙였으니
Men Herren sagde til Josva: «Sjå no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og kjemporne hans!
3 너희 모든 군사는 성을 둘러 성 주위를 매일 한 번씩 돌되 엿새 동안을 그리하라
Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar;
4 제사장 일곱은 일곱 양각나팔을 잡고 언약궤 앞에서 행할 것이요 제칠일에는 성을 일곱 번 돌며 제사장들은 나팔을 불 것이며
og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre sambandskista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju vendor kring byen, og prestarne skal blåsa i lurarne.
5 제사장들이 양각나팔을 길게 울려 불어서 그 나팔 소리가 너희에게 들릴 때에는 백성은 다 큰 소리로 외쳐 부를 것이라 그리하면그 성벽이 무너져 내리리니 백성은 각기 앞으로 올라갈지니라 하시매
Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.»
6 눈의 아들 여호수아가 제사장들을 불러서 그들에게 이르되 너희는 언약궤를 메고 일곱 제사장은 일곱 양각나팔을 잡고 여호와의 궤 앞에서 행하라 하고
Då kalla Josva Nunsson på prestarne og sagde til deim: «No skal de taka sambandskista og bera henne, og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre Herrens kista.»
7 또 백성에게 이르되 나아가서 성을 돌되 무장한 자들이 여호와의 궤 앞에 행할지니라
Og til folket sagde han: «Tak no i veg og gakk kringum byen! Dei herbudde skal ganga framfyre Herrens kista!»
8 여호수아가 백성에게 이르기를 마치매 제사장 일곱이 일곱 양각 나팔을 잡고 여호와 앞에서 진행하며 나팔을 불고 여호와의 언약궤는 그 뒤를 따르며
Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei i vegen dei sju prestarne som bar dei sju stridslurarne for Herrens åsyn; dei bles i lurarne, og Herrens sambandskista fylgde etter deim.
9 무장한 자들은 나팔 부는 제사장들 앞에서 진행하며 후군은 궤 뒤에 행하고 제사장들은 나팔을 불며 행하더라
Dei herbudde gjekk fyre prestarne som bles i lurarne, og dei som var attarst i ferdi, gjekk etter sambandskista, og lurarne ljoma i eino.
10 여호수아가 백성에게 명하여 가로되 너희는 외치지 말며 너희 음성을 들레지 말며 너희 입에서 아무 말도 내지 말라 그리하다가 내가 너희에게 명하여 외치라 하는 날에 외칠지니라 하고
Men Josva sagde til folket: «De må ikkje ropa, og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar, fyrr den dagen eg segjer til dykk: «Ropa no!» Då skal de ropa.»
11 여호와의 궤로 성을 한 번 돌게 하니라 무리가 진에 돌아와서 진에서 자니라
So for Herrens kista heilt ikring byen ei venda; sidan drog dei inn i lægret og var der um natti.
12 여호수아가 아침에 일찍이 일어나니라 제사장들이 여호와의 궤를 메고
Morgonen etter var Josva tidleg uppe, og prestarne tok og bar Herrens kista.
13 일곱 제사장은 일곱 양각나팔을 잡고 여호와의 궤 앞에서 계속 진행하며 나팔을 불고 무장한 자들은 그 앞에 행하며 후군은 여호와의 궤 뒤에 행하고 제사장들은 나팔을 불며 행하니라
Og dei sju prestarne bar dei sju stridslurarne framfyre Herrens kista og bles alt i eitt i lurarne. Dei herbudde gjekk fyre deim, og dei som attarst var, gjekk etter Herrens kista, medan lurarne ljoma i eino.
14 그 제이일에도 성을 한번 돌고 진에 돌아오니라 엿새 동안을 이같이 행하니라
Soleis for dei den andre dagen ei venda kring byen og gjekk so attende til lægret. So gjorde dei i seks dagar.
15 제칠일 새벽에 그들이 일찍이 일어나서 여전한 방식으로 성을 일곱 번 도니 성을 일곱 번 돌기는 그 날뿐이었더라
Den sjuande dagen reis dei upp med same det tok til å dagast, og gjekk sju vendor kring byen; dei for like eins åt som fyrr, berre at dei den dagen gjekk sju vendor kring byen.
16 일곱 번째에 제사장들이 나팔을 불 때에 여호수아가 백성에게 이르되 외치라 여호와께서 너희에게 이 성을 주셨느니라
Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.
17 이 성과 그 가운데 모든 물건은 여호와께 바치되 기생 라합과 무릇 그 집에 동거하는 자는 살리라 이는 그가 우리의 보낸 사자를 숨겼음이니라
Og byen med alt det som i honom er, skal vera vigd til Herren og bannstøytt. Berre Rahab, skjøkja, og alle som er i huset hjå henne, skal få liva, for di ho løynde dei mennerne me sende ut.
18 너희는 바칠 물건을 스스로 삼가라 너희가 그것을 바친 후에 그 바친 어느 것이든지 취하면 이스라엘 진으로 바침이 되어 화를 당케 할까 두려워하노라
Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret.
19 은금과 동철 기구들은 다 여호와께 구별될 것이니 그것을 여호와의 곳간에 들일지니라
Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.»
20 이에 백성은 외치고 제사장들은 나팔을 불매 백성이 나팔 소리를 듣는 동시에 크게 소리질러 외치니 성벽이 무너져 내린지라 백성이 각기 앞으로 나아가 성에 들어가서 그 성을 취하고
So tok folket til å ropa, og dei bles i lurarne; og då folket høyrde lurljoden, sette dei i med eit øgjeleg herskrik; då ramla muren ned, og folket steig beint inn i byen, og då dei hadde teke honom,
21 성 중에 있는 것을 다 멸하되 남녀 노유와 우양과 나귀를 칼날로 멸하니라
bannstøytte dei alt som fanst der; både menner og kvinnor, både unge og gamle, både uksar og sauer og asen hogg dei ned.
22 여호수아가 그 땅을 정탐한 두 사람에게 이르되 그 기생의 집에 들어 가서 너희가 그 여인에게 맹세한 대로 그와 그에게 속한 모든 것을 이끌어내라 하매
Men Josva sagde til dei tvo mennerne som hadde njosna der i landet: «Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!»
23 정탐한 소년들이 들어가서 라합과 그 부모와 그 형제와 그에게 속한 모든 것을 이끌어 내고 또 그 친족도 다 이끌어 내어 그들을 이스라엘 진 밖에 두고
So gjekk dei inn, dei unge mennerne som hadde vore der og njosna, og dei henta Rahab og foreldri og brørne hennar og alle andre som høyrde til ætti: alt skyldfolket hennar henta dei ut og fann deim ein verestad utanfor Israels-lægret.
24 무리가 불로 성읍과 그 가운데 있는 모든 것을 사르고 은금과 동철 기구는 여호와의 집 곳간에 두었더라
Byen brende dei upp med alt som i honom var; men sylvet og gullet og alle ting som var av kopar eller jarn, lagde dei ned i skattkammeret i Herrens hus.
25 여호수아가 기생 라합과 그 아비의 가족과 그에게 속한 모든 것을 살렸으므로 그가 오늘날까지 이스라엘 중에 거하였으니 이는 여호수아가 여리고를 탐지하려고 보낸 사자를 숨겼음이었더라
Josva let Rahab, skjøkja, få liva, og heile huslyden og alt skyldfolket hennar, og sidan hev ho og ætti hennar fenge bu millom Israels-folket alt til denne dag, for di ho løynde dei mennerne som Josva hadde sendt av stad til å njosna i Jeriko.
26 여호수아가 그 때에 맹세로 무리를 경계하여 가로되 이 여리고 성을 누구든지 일어나서 건축하는 자는 여호와 앞에서 저주를 받을 것이라 그 기초를 쌓을 때에 장자를 잃을 것이요 문을 세울 때에 계자를 잃으리라 하였더라
Den gongen lyste Josva ei våbøn, og kvad: «Til vå og våde vere vigd den mannen som vågar byggja upp av nyom byen Jeriko! Når han hev tufta, tape han den fyrste sonen, som han fekk! Og når han set inn portarne, misse han yngste sonen sin!»
27 여호와께서 여호수아와 함께 하시니 여호수아의 명성이 그 온 땅에 퍼지니라
Soleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord um honom yver heile landet.