< 이사야 2 >

1 아모스의 아들 이사야가 받은바 유다와 예루살렘에 관한 말씀이라
Det ordet som Jesaja, son åt Amos, såg um Juda og Jerusalem:
2 말일에 여호와의 전의 산이 모든 산 꼭대기에 굳게 설 것이요 모든 작은 산 위에 뛰어나리니 만방이 그리로 모여들 것이라
Og det skal verta soleis i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli, og høgt yver haugarne, og alle folki skal strøyma burt til det.
3 많은 백성이 가며 이르기를 오라 우리가 여호와의 산에 오르며 야곱의 하나님의 전에 이르자 그가 그 도로 우리에게 가르치실 것이라 우리가 그 길로 행하리라 하리니 이는 율법이 시온에서부터 나올 것이요 여호와의 말씀이 예루살렘에서부터 나올 것임이니라
Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.
4 그가 열방 사이에 판단하시며 많은 백성을 판결하시리니 무리가 그 칼을 쳐서 보습을 만들고 그 창을 쳐서 낫을 만들 것이며 이 나라와 저 나라가 다시는 칼을 들고 서로 치지 아니하며 다시는 전쟁을 연습지 아니하리라
Og han skal døma imillom folki og skipa rett åt mange folkeslag. Då skal dei smida plogjarn av sverdi sine, og hagesigdar av spjoti sine. Folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og ikkje lenger temja seg upp til krigsferd.
5 야곱 족속아 오라 우리가 여호와의 빛에 행하자
Jakobs ætt, kom, lat oss ferdast i Herrens ljos!
6 주께서 주의 백성 야곱 족속을 버리셨음은 그들에게 동방 풍속이 가득하며 그들이 블레셋 사람 같이 술객이 되며 이방인으로 더불어 손을 잡아 언약하였음이라
Du hev støytt frå deg folket ditt Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Austerland og driv med spådomskunster som filistarane, og gjer samband med framande folk.
7 그 땅에는 은금이 가득하고 보화가 무한하며 그 땅에는 마필이 가득하고 병거가 무수하며
Landet deira er fullt av sylv og gull, og eignaluterne tryt ikkje. Landet deira er fullt av hestar, og vognerne deira er uteljande.
8 그 땅에는 우상도 가득하므로 그들이 자기 손으로 짓고 자기 손가락으로 만든 것을 공경하여
Landet deira er fullt av avgudar, dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort.
9 천한 자도 절하며 귀한 자도 굴복하오니 그들을 용서하지 마옵소서
Difor vert menneskja bøygd og mannen mykt, du kann ikkje tilgjeva deim.
10 너희는 바위 틈에 들어가며 진토에 숨어 여호와의 위엄과 그 광대하심의 영광을 피하라
Fly inn i fjellet, gøym deg i jordi for Herrens rædsla, for hans høgvelde og herlegdom!
11 그 날에 눈이 높은 자가 낮아지며 교만한 자가 굴복되고 여호와께서 홀로 높임을 받으시리라
Menneskja skal slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod skal bøygjast, og einast Herren standa høg på den dagen.
12 대저 만군의 여호와의 한 날이 모든 교만자와 거만자와 자고한 자에게 임하여 그들로 낮아지게 하고
For ein dag hev Herren, allhers drott, sett, som skal koma yver alt det kaute og keike, og yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og lågt.
13 또 레바논의 높고 높은 모든 백향목과 바산의 모든 상수리 나무와
Yver alle cedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basaneikerne,
14 모든 높은 산과 모든 솟아오른 작은 산과
yver alle høge fjell og stolte høgder,
15 모든 높은 망대와 견고한 성벽과
yver alle høge tårn og alle faste murar,
16 다시스의 모든 배와 보든 아름다운 조각물에 임하리니
yver alle Tarsis-skip og yver alt som er fagert å skoda.
17 그 날에 자고한 자는 굴복되며 교만한 자는 낮아지고 여호와께서 홀로 높임을 받으실 것이요
Då skal ovmodet i menneskja knekkjast og mannsens stormod bøygjast, og einast Herren skal standa høg på den dagen.
18 우상들은 온전히 없어질 것이며
Med avgudarne er det ute for ollo.
19 사람들이 암혈과 토굴로 들어가서 여호와께서 일어나사 땅을 진동시키는 그의 위엄과 그 광대하심의 영광을 피할 것이라
Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.
20 사람이 숭배하려고 만들었던 그 은 우상과 금 우상을 그 날에 두더쥐와 박쥐에게 던지고
På den dag skal menneskja kasta for moldvarpar og skinnvengjor avgudarne sine av sylv og gull, som dei hev gjort seg til å falla på kne for.
21 암혈과 험악한 바위틈에 들어가서 여호와께서 일어나사 땅을 진동시키시는 그의 위엄과 그 광대하심의 영광을 피하리라
Og dei skal fly inn i fjellskortor og skard for Herrens rædsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.
22 너희는 인생을 의지하지 말라 그의 호흡은 코에 있나니 수에 칠 가치가 어디 있느뇨
So set ikkje lenger dykkar lit til menneskja, som berre eig ein liten livspust i nosi si! Kva er ho å bry seg um?

< 이사야 2 >