< תְהִלִּים 103 >
לְדָוִ֨ד ׀ בָּרֲכִ֣י נַ֭פְשִׁי אֶת־יְהוָ֑ה וְכָל־קְ֝רָבַ֗י אֶת־שֵׁ֥ם קָדְשֽׁוֹ׃ | 1 |
Av David. Lova Herren, mi sjæl, og alt som i meg er, love hans heilage hamn!
בָּרֲכִ֣י נַ֭פְשִׁי אֶת־יְהוָ֑ה וְאַל־תִּ֝שְׁכְּחִ֗י כָּל־גְּמוּלָֽיו׃ | 2 |
Lova Herren, mi sjæl, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!
הַסֹּלֵ֥חַ לְכָל־עֲוֹנֵ֑כִי הָ֝רֹפֵ֗א לְכָל־תַּחֲלֻאָֽיְכִי׃ | 3 |
Han som tilgjev all di skuld, han som lækjer alle dine brester,
הַגּוֹאֵ֣ל מִשַּׁ֣חַת חַיָּ֑יְכִי הַֽ֝מְעַטְּרֵ֗כִי חֶ֣סֶד וְרַחֲמִֽים׃ | 4 |
han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn,
הַמַּשְׂבִּ֣יַע בַּטּ֣וֹב עֶדְיֵ֑ךְ תִּתְחַדֵּ֖שׁ כַּנֶּ֣שֶׁר נְעוּרָֽיְכִי׃ | 5 |
han som mettar din prydnad med godt, so du vert ung att som ørnen.
עֹשֵׂ֣ה צְדָק֣וֹת יְהוָ֑ה וּ֝מִשְׁפָּטִ֗ים לְכָל־עֲשׁוּקִֽים׃ | 6 |
Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er under trykk.
יוֹדִ֣יעַ דְּרָכָ֣יו לְמֹשֶׁ֑ה לִבְנֵ֥י יִ֝שְׂרָאֵ֗ל עֲלִילֽוֹתָיו׃ | 7 |
Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born.
רַח֣וּם וְחַנּ֣וּן יְהוָ֑ה אֶ֖רֶךְ אַפַּ֣יִם וְרַב־חָֽסֶד׃ | 8 |
Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.
לֹֽא־לָנֶ֥צַח יָרִ֑יב וְלֹ֖א לְעוֹלָ֣ם יִטּֽוֹר׃ | 9 |
Han trættar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide.
לֹ֣א כַ֭חֲטָאֵינוּ עָ֣שָׂה לָ֑נוּ וְלֹ֥א כַ֝עֲוֹנֹתֵ֗ינוּ גָּמַ֥ל עָלֵֽינוּ׃ | 10 |
Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje lika for våre misgjerningar.
כִּ֤י כִגְבֹ֣הַּ שָׁ֭מַיִם עַל־הָאָ֑רֶץ גָּבַ֥ר חַ֝סְדּ֗וֹ עַל־יְרֵאָֽיו׃ | 11 |
For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldug yver deim som ottast honom.
כִּרְחֹ֣ק מִ֭זְרָח מִֽמַּֽעֲרָ֑ב הִֽרְחִ֥יק מִ֝מֶּ֗נּוּ אֶת־פְּשָׁעֵֽינוּ׃ | 12 |
So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.
כְּרַחֵ֣ם אָ֭ב עַל־בָּנִ֑ים רִחַ֥ם יְ֝הוָ֗ה עַל־יְרֵאָֽיו׃ | 13 |
Som ein far miskunnar borni, so miskunnar Herren deim som ottast honom.
כִּי־ה֖וּא יָדַ֣ע יִצְרֵ֑נוּ זָ֝כ֗וּר כִּי־עָפָ֥ר אֲנָֽחְנוּ׃ | 14 |
For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust.
אֱ֭נוֹשׁ כֶּחָצִ֣יר יָמָ֑יו כְּצִ֥יץ הַ֝שָּׂדֶ֗ה כֵּ֣ן יָצִֽיץ׃ | 15 |
Eit menneskje, som gras er hans dagar, som blomen på marki, soleis blømer han.
כִּ֤י ר֣וּחַ עָֽבְרָה־בּ֣וֹ וְאֵינֶ֑נּוּ וְלֹא־יַכִּירֶ֖נּוּ ע֣וֹד מְקוֹמֽוֹ׃ | 16 |
Når vinden fer yver honom, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av honom.
וְחֶ֤סֶד יְהוָ֨ה ׀ מֵעוֹלָ֣ם וְעַד־ע֭וֹלָם עַל־יְרֵאָ֑יו וְ֝צִדְקָת֗וֹ לִבְנֵ֥י בָנִֽים׃ | 17 |
Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver deim som ottast honom, og hans rettferd er mot barneborn,
לְשֹׁמְרֵ֥י בְרִית֑וֹ וּלְזֹכְרֵ֥י פִ֝קֻּדָ֗יו לַעֲשׂוֹתָֽם׃ | 18 |
mot deim som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner og liver etter deim.
יְֽהוָ֗ה בַּ֭שָּׁמַיִם הֵכִ֣ין כִּסְא֑וֹ וּ֝מַלְכוּת֗וֹ בַּכֹּ֥ל מָשָֽׁלָה׃ | 19 |
Herren hev sett sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting.
בָּרֲכ֥וּ יְהוָ֗ה מַלְאָ֫כָ֥יו גִּבֹּ֣רֵי כֹ֭חַ עֹשֵׂ֣י דְבָר֑וֹ לִ֝שְׁמֹ֗עַ בְּק֣וֹל דְּבָרֽוֹ׃ | 20 |
Lova Herren, de hans englar, de velduge kjempor som set hans ord i verk, med di de lyder på røysti av hans ord!
בָּרֲכ֣וּ יְ֭הוָה כָּל־צְבָאָ֑יו מְ֝שָׁרְתָ֗יו עֹשֵׂ֥י רְצוֹנֽוֹ׃ | 21 |
Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje!
בָּרֲכ֤וּ יְהוָ֨ה ׀ כָּֽל־מַעֲשָׂ֗יו בְּכָל־מְקֹמ֥וֹת מֶמְשַׁלְתּ֑וֹ בָּרֲכִ֥י נַ֝פְשִׁ֗י אֶת־יְהוָֽה׃ | 22 |
Lova Herren alle hans verk på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjæl!