< Jeremiah 13 >

1 Thus says YHWH to me, "Go, and buy yourself a linen belt, and put it on your waist, and do not put it in water."
So sagde Herren med meg: Gakk og kjøp deg eit linbelte, og spenn det um lenderne dine, men lat det ikkje koma i vatn!
2 So I bought a belt according to the word of YHWH, and put it on my waist.
Og eg kjøpte beltet etter Herrens ord og spente det um lenderne mine.
3 The word of YHWH came to me the second time, saying,
Då kom Herrens ord til meg andre gongen; han sagde:
4 "Take the belt that you have bought, which is on your waist, and arise, go to the Perath, and hide it there in a cleft of the rock."
Tak beltet som du kjøpte, som er um lenderne dine, og statt upp og gakk til Eufrat, og gøym det der i ei bergriva!
5 So I went, and hid it by the Perath, as YHWH commanded me.
Og eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, so som Herren hadde bode meg.
6 It happened after many days, that YHWH said to me, "Arise, go to the Perath, and take the belt from there, which I commanded you to hide there."
So hende det mange dager etterpå, at Herren sagde med meg: Statt upp og gakk til Eufrat, og tak derifrå det beltet som eg baud deg å gøyma der!
7 Then I went to the Perath, and dug, and took the belt from the place where I had hidden it; and look, the belt was marred, it was profitable for nothing.
Og eg gjekk til Eufrat, og eg grov og tok beltet frå den staden der som eg hadde gøymt det. Og sjå, beltet var øydelagt, det var inkje gagn i det meir.
8 Then the word of YHWH came to me, saying,
Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
9 "Thus says YHWH, 'In this way I will mar the pride of Judah, and the great pride of Jerusalem.
So segjer Herren: Soleis vil eg gjera ende på det store ovmodet i Juda og Jerusalem.
10 This evil people, who refuse to hear my words, who walk in the stubbornness of their heart, and are gone after other gods to serve them, and to worship them, shall even be as this belt, which is profitable for nothing.
Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir.
11 For as the belt clings to the waist of a man, so have I caused to cling to me the whole house of Israel and the whole house of Judah,' says YHWH; 'that they might be my people, for a name, for praise, and for glory. But they would not listen.
For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.
12 Therefore you shall speak to them this word: 'Thus says YHWH, the God of Israel, "Every jar shall be filled with wine."' And if they shall say to you, 'Do we not certainly know that every jar shall be filled with wine?'
Og du skal segja med deim dette ordet: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på. Då skal dei segja med deg: «Veit me ikkje det då, at kvar ei vinkrukka er til å fylla vin på?»
13 Then you shall tell them, 'Thus says YHWH, "Look, I will fill all the inhabitants of this land, even the kings who sit on David's throne, and the priests, and the prophets, and all the inhabitants of Jerusalem, with drunkenness.
Seg då med deim: So segjer Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, og kongarne som sit på Davids kongsstol, og prestarne og profetarne og alle som bur i Jerusalem, so dei vert drukne.
14 I will dash them one against another, even the fathers and the sons together, says YHWH. I will not pity, nor spare, nor have compassion, that I should not destroy them."'"
Og eg vil krasa deim, kvar mot annan, både federne og borni, alle saman, segjer Herren. Eg vil ikkje spara og ikkje miskunna, og ikkje tykkja synd i deim, men tyna deim.
15 "Hear, and give ear; do not be proud; for YHWH has spoken.
Høyr og gjev gaum! Ver ikkje ovmodige! for Herren talar.
16 Give glory to YHWH your God, before he causes darkness, and before your feet stumble on the dark mountains, and, while you look for light, he turns it into the shadow of death, and makes it gross darkness.
Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.
17 But if you will not hear it, my soul shall weep in secret for your pride; and my eye shall weep bitterly, and run down with tears, because YHWH's flock is taken captive."
Men vil de ikkje høyra på det, då lyt mi sjæl syrgja i løynd yver slikt eit ovmod, og mitt auga må gråta so tårorne trillar, av di Herrens hjord vert burtførd.
18 "Say to the king and to the queen mother, 'Take a lowly seat, for your glorious crowns have come down from your heads.
Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.
19 The cities toward the Negev are shut, and there is no one to open them: Judah is carried away into exile, all of it; it is wholly carried away into exile.'"
Byarne i Sudlandet er stengde, og ingen opnar deim. Alt Juda er ført burt i utlægd, ført burt til siste mannen.
20 "Lift up your eyes, and see those who come from the north: where is the flock that was given you, your beautiful flock?
Lat upp augo dykkar og sjå kor dei kjem nordanfrå! Kvar er no hjordi som du hadde fenge, dei væne sauerne dine?
21 What will you say, when he shall set over you as head those whom you have yourself taught to be friends to you? Shall not sorrows take hold of you, as of a woman in travail?
Kva vil du segja, når han set til hovdingar yver deg deim som du sjølv hev vant på deg og havt til vener? Skulde du ikkje få flagor, som ei kvinna fær føderider?
22 If you say in your heart, 'Why are these things come on me?' for the greatness of your iniquity are your skirts uncovered, and your heels suffer violence.
Og um du då segjer i ditt hjarta: «Kvi lyt eg taka imot dette?» - for di store misgjerning er din kjolefald lyft upp, dine hælar nækte med vald.
23 Can the Ethiopian change his skin, or the leopard his spots? Then may you also do good, who are accustomed to do evil.
Kann ein blåmann skifta si hud eller ein pantar sine flekkjer? Då skulde de og kunna gjera det gode, de som hev vanst til å gjera vondt.
24 'therefore I will scatter them, as the stubble that passes away, by the wind of the wilderness.
So vil eg då spreida deim liksom halm som fyk for vind utor øydemarki.
25 This is your lot, the portion measured to you from me,' says YHWH; 'because you have forgotten me, and trusted in falsehood.
Dette er luten din, den deilen eg hev etla åt deg, segjer Herren, av di du hev gløymt meg og lit på lygn.
26 therefore I will also uncover your skirts on your face, and your shame shall appear.
So vil då eg og lyfta upp din kjolefald yver ditt andlit, so di skam vert synberr.
27 I have seen your abominations, even your adulteries, and your neighing, the lewdness of your prostitution, on the hills in the field. Woe to you, Jerusalem. You will not be made clean; how long shall it yet be?'"
Hordomen din og kneggjingi di, den skamlause ulivnaden din uppå haugar på marki, all skjemdarferdi di hev eg set. Usæle Jerusalem! Kor lenge kjem det ikkje endå til å vara fyrr du vert rein!

< Jeremiah 13 >