< Habakkuk 3 >

1 A prayer of Habakkuk the prophet upon Shigionoth.
Ei bøn av profeten Habakuk. Etter Sjigjonot.
2 O LORD, I have heard thy speech, [and] was afraid: O LORD, revive thy work in the midst of the years, in the midst of the years make known; in wrath remember mercy.
Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att i desse åri! Kunngjer det i desse åri! Midt i harm kom miskunn i hug!
3 God came from Teman, and the Holy One from mount Paran. (Selah) His glory covered the heavens, and the earth was full of his praise.
Gud kjem frå Teman, og den Heilage frå Paranfjellet. (Sela) Hans herlegdom tekkjer himmelen, og jordi er full av hans pris.
4 And [his] brightness was as the light; he had horns [coming] out of his hand: and there [was] the hiding of his power.
Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng frå hans sida; der løyner seg hans magt.
5 Before him went the pestilence, and burning coals went forth at his feet.
Fyre honom gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar.
6 He stood, and measured the earth: he beheld, and drove asunder the nations; and the everlasting mountains were scattered, the perpetual hills did bow: his ways [are] everlasting.
Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom.
7 I saw the tents of Cushan in affliction: [and] the curtains of the land of Midian did tremble.
Kusans tjeldbuder ser eg i vande, tjeldi i Midjanslandet skjelv.
8 Was the LORD displeased against the rivers? [was] thine anger against the rivers? [was] thy wrath against the sea, that thou didst ride upon thine horses [and] thy chariots of salvation?
Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine?
9 Thy bow was made quite naked, [according] to the oaths of the tribes, [even thy] word. (Selah) Thou didst cleave the earth with rivers.
Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. (Sela) Til elvar kløyver du jordi.
10 The mountains saw thee, [and] they trembled: the overflowing of the water passed by: the deep uttered his voice, [and] lifted up his hands on high.
Fjelli ser deg og skjelv, støyteregn sturtar ned, djupet dyn og styn, det lyfter henderne mot høgheim.
11 The sun [and] moon stood still in their habitation: at the light of thine arrows they went, [and] at the shining of thy glittering spear.
Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot.
12 Thou didst march through the land in indignation, thou didst thresh the heathen in anger.
I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trøder du folk under fot.
13 Thou wentest forth for the salvation of thy people, [even] for salvation with thine anointed; thou woundedst the head out of the house of the wicked, by discovering the foundation unto the neck. (Selah)
Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. (Sela)
14 Thou didst strike through with his staves the head of his villages: they came out as a whirlwind to scatter me: their rejoicing [was] as to devour the poor secretly.
Med hans eigne spjot sting du gjenom hovudet på hovdingarne hans som stormar fram, vil spreida meg, som gleder seg som det galdt i løynd å eta ein arming upp.
15 Thou didst walk through the sea with thine horses, [through] the heap of great waters.
Du fer yver havet med hestarne dine, det velduge brusande vatnet.
16 When I heard, my belly trembled; my lips quivered at the voice: rottenness entered into my bones, and I trembled in myself, that I might rest in the day of trouble: when he cometh up unto the people, he will invade them with his troops.
Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket.
17 Although the fig tree shall not blossom, neither [shall] fruit [be] in the vines; the labour of the olive shall fail, and the fields shall yield no meat; the flock shall be cut off from the fold, and [there shall be] no herd in the stalls:
For fiketreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast. Og markene ber ikkje mat; sauerne kverv or kvii, og det finst ikkje fe i fjøset.
18 Yet I will rejoice in the LORD, I will joy in the God of my salvation.
Men eg vil frygda meg i Herren, vil gleda meg i Gud som frelser meg.
19 The LORD God [is] my strength, and he will make my feet like hinds’ [feet], and he will make me to walk upon mine high places. To the chief singer on my stringed instruments.
Herren, Herren er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengleik.

< Habakkuk 3 >