< Psalms 136 >
1 Give thanks to the LORD, for He is good.
Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn.
2 Give thanks to the God of gods.
Prisa Guden yver gudar, for æveleg varer hans miskunn.
3 Give thanks to the Lord of lords.
Prisa Herren yver herrar, for æveleg varer hans miskunn.
4 He alone does great wonders.
Han, den einaste som gjer store under, for æveleg varer hans miskunn.
5 By His insight He made the heavens.
Han som gjorde himmelen med vit, for æveleg varer hans miskunn.
6 He spread out the earth upon the waters.
Han som strakte jordi yver vatni, for æveleg varer hans miskunn.
7 He made the great lights—
Han som gjorde dei store ljos, for æveleg varer hans miskunn,
8 the sun to rule the day,
soli til å råda yver dagen, for æveleg varer hans miskunn,
9 the moon and stars to govern the night.
månen og stjernorne til å råda yver natti, for æveleg varer hans miskunn.
10 He struck down the firstborn of Egypt
Han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for æveleg varer hans miskunn,
11 and brought Israel out from among them
og førde Israel ut frå deim, for æveleg varer hans miskunn,
12 with a mighty hand and an outstretched arm.
med sterk hand og strak arm, for æveleg varer hans miskunn.
13 He divided the Red Sea in two
Han som skar i sund Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn,
14 and led Israel through the midst,
og førde Israel midt igjenom, for æveleg varer hans miskunn,
15 but swept Pharaoh and his army into the Red Sea.
og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn.
16 He led His people through the wilderness.
Han som førde sitt folk i øydemarki, for æveleg varer hans miskunn.
17 He struck down great kings
Han som felte store kongar, for æveleg varer hans miskunn,
18 and slaughtered mighty kings—
og som slo herlege kongar i hel, for æveleg varer hans miskunn,
19 Sihon king of the Amorites
Sihon, amoritarkongen, for æveleg varer hans miskunn,
20 and Og king of Bashan—
og kongen yver Basan, Og, for æveleg varer hans miskunn,
21 and He gave their land as an inheritance,
og gav deira land til arv, for æveleg varer hans miskunn,
22 a heritage to His servant Israel.
til arv for sin tenar Israel, for æveleg varer hans miskunn.
23 He remembered us in our low estate
Han som kom oss i hug i vår stakarsdom, for æveleg varer hans miskunn,
24 and freed us from our enemies.
og reiv oss ut or fiendevald, for æveleg varer hans miskunn.
25 He gives food to every creature.
Han som gjev alt som liver brød, for æveleg varer hans miskunn.
26 Give thanks to the God of heaven!
Prisa Gud i himmelen, for æveleg varer hans miskunn!