< 1 Samuel 23 >

1 Now it was reported to David, “Look, the Philistines are fighting against Keilah and looting the threshing floors.”
Folk melde til David: «Filistarane held på og strider mot Ke’ila, og dei herjar treskjestaderne.»
2 So David inquired of the LORD, “Should I go and attack these Philistines?” And the LORD said to David, “Go and attack the Philistines and save Keilah.”
Då spurde David Herren: «Skal eg draga av stad og slå desse filistarar?» Herren svara David: «Ja, drag av stad, slå filistarane og fria ut Ke’ila!»
3 But David’s men said to him, “Look, we are afraid here in Judah; how much more if we go to Keilah against the armies of the Philistines?”
Men folki åt David sagde med honom: «Me er alt fyrr rædde um oss her i Juda. Kor skal det då ganga når me fer til Ke’ila mot filistarfylkingi?»
4 Once again, David inquired of the LORD, and the LORD answered him: “Go at once to Keilah, for I will deliver the Philistines into your hand.”
Då spurde David Herren andre gongen, og Herren svara honom: «Ris upp! drag ned til Ke’ila! Eg gjev filistarane i di hand.»
5 Then David and his men went to Keilah, fought against the Philistines, and carried off their livestock, striking them with a mighty blow. So David saved the people of Keilah.
So for David med kararne sine til Ke’ila og stridde mot filistarane, førde burt buskapen deira, og gjorde stort mannefald millom deim. Soleis fria David folket i Ke’ila.
6 (Now Abiathar son of Ahimelech had brought the ephod with him when he fled to David at Keilah.)
Då Abjatar Ahimeleksson rømde til David i Ke’ila, hadde han med seg messehakelen.
7 When Saul was told that David had gone to Keilah, he said, “God has delivered him into my hand, for he has trapped himself by entering a town with gates and bars.”
Saul fekk vita at David var komen til Ke’ila. Då sagde Saul: «Gud hev gjeve honom i mi magt, sidan han hev stengt seg inne i ein by med portar og slåer.»
8 Then Saul summoned all his troops to go to war at Keilah and besiege David and his men.
So baud Saul ut alt folket til strid. Dei skulde draga ned til Ke’ila og kringsetja David og folket hans.
9 When David learned that Saul was plotting evil against him, he said to Abiathar the priest, “Bring the ephod.”
Då no David fekk vita at Saul lagde meinråder mot honom, sagde han til presten Abjatar: «Ber hit messehakelen!»
10 And David said, “O LORD, God of Israel, Your servant has heard that Saul intends to come to Keilah and destroy the city on my account.
Og David sagde: «Herre, Israels Gud! Tenaren din hev spurt for sant at Saul tenkjer å koma til Ke’ila og øyda byen for mi skuld.
11 Will the citizens of Keilah surrender me into his hand? Will Saul come down, as Your servant has heard? O LORD, God of Israel, please tell Your servant.” “He will,” said the LORD.
Vil då Ke’ila-buarne gjeva meg i hans hand? Kjem Saul hit, som tenaren din hev spurt? Herre, Israels Gud! Lat tenaren din få vissa for det!» Herren svara: «Ja, han kjem hit.»
12 So David asked, “Will the citizens of Keilah surrender me and my men into the hand of Saul?” “They will,” said the LORD.
David spurde endå ein gong: «Vil Ke’ila-buarne gjeva meg og kararne mine i Sauls hender?» Herren svara: «Ja, dei vil det.»
13 Then David and his men, about six hundred strong, set out and departed from Keilah, moving from place to place. When Saul was told that David had escaped from Keilah, he declined to go forth.
Då reis David upp med kararne sine, um lag seks hundrad mann, og drog ut frå Ke’ila, og ferdast kvar helst det høvde. Då Saul fekk melding at David var rømd frå Ke’ila, let han vera å draga ut.
14 And David stayed in the wilderness strongholds and in the hill country of the Wilderness of Ziph. Day after day Saul searched for him, but God would not deliver David into his hand.
So heldt David seg i øydemarki i fjellborgerne, og heldt seg millom fjelli i øydemarki Zif. Saul leita etter honom allstødt. Men Gud gav honom ikkje hans hand.
15 While David was in Horesh in the Wilderness of Ziph, he saw that Saul had come out to take his life.
Medan David var i Hores i øydemarki Zif, såg han at Saul hadde fare ut og vilde drepa honom.
16 And Saul’s son Jonathan came to David in Horesh and strengthened his hand in God,
Jonatan Saulsson for av stad og gjekk til David i Hores, og styrkte modet hans i Gud.
17 saying, “Do not be afraid, for my father Saul will never lay a hand on you. And you will be king over Israel, and I will be your second-in-command. Even my father Saul knows this is true.”
Han sagde til honom: «Ver hugheil! handi hans Saul, far min, skal ikkje nå deg. Du skal verta konge yver Israel, og eg skal vera den andre etter deg. Det skyner ogso Saul, far min.»
18 So the two of them made a covenant before the LORD. And David remained in Horesh, while Jonathan went home.
So gjorde dei båe ei pakt for Herren. Og David heldt seg i Hores. Men Jonatan for heim att.
19 Then the Ziphites came up to Saul at Gibeah and said, “Is not David hiding among us in the strongholds at Horesh, on the hill of Hachilah south of Jeshimon?
Nokre Zif-folk drog upp til Saul i Gibea og sagde: «David held seg løynd hjå oss, i fjellborgerne i Hores, på Hakilahøgdi, sunnanfor øydemarki.
20 Now, O king, come down whenever your soul desires, and we will be responsible for delivering him into your hand.”
Tekkjest det deg å draga ned no, konge, so gjer det! Vår sak vert det då å gjeva honom i kongens hand.»
21 “May you be blessed by the LORD,” replied Saul, “for you have had compassion on me.
Då sagde Saul: «Velsigna av Herren vere de, at de tykkjer synd i meg.
22 Please go and prepare further. Investigate and watch carefully where he goes and who has seen him there, for I am told that he is extremely cunning.
Far no heim, og få endå meir vissa! finn ut og sjå etter kva stad han ferdast, og kven det er som ser honom der! For dei hev sagt meg at han er ein ful fant.
23 Observe and find out all the places where he hides. Then come back to me with certainty, and I will go with you. If he is in the land, I will search him out among all the clans of Judah.”
Finn ut og få greida på alle løynstader, der han kann løyna seg! Kom so att til meg, når det hev fenge vissa! so vil eg draga med dykk. Finst han i landet, skal eg vita å leita honom upp, um eg so skal leita millom alle Juda-ætterne.»
24 So they set out and went to Ziph ahead of Saul. Now David and his men were in the Wilderness of Maon in the Arabah south of Jeshimon,
So tok dei ut og gjekk til Zif fyre Saul. David og kararne hans var i øydemarki Maon, på heidi sunnanfor øydemarki.
25 and Saul and his men went to seek him. When David was told about it, he went down to the rock and stayed in the Wilderness of Maon. And when Saul heard of this, he pursued David there.
Då no Saul drog av stad med folki sine på leit etter David, fekk David høyra gjete det, og drog då ned på ein hamar, og heldt seg i øydemarki Maon. Då Saul frette det, sette han etter David inn i øydemarki Maon.
26 Saul was proceeding along one side of the mountain, and David and his men along the other side. Even though David was hurrying to get away, Saul and his men were closing in on David and his men to capture them.
Saul gjekk på den eine fjellsida, og David og kararne hans på hi. Nett som no David gjekk i angest og vilde sleppa frå Saul, og Saul og folki hans freista ringa David og kararne hans og fanga deim,
27 Then a messenger came to Saul, saying, “Come quickly, for the Philistines have raided the land!”
so kom det bod til Saul: «Skunda deg og kom! filistarane hev falle inn i landet.»
28 So Saul broke off his pursuit of David and went to meet the Philistines. That is why that place is called Sela-hammahlekoth.
So heldt Saul upp med å forfølja David, og drog mot filistarane. Derav fekk den staden namnet Sela-Hammahlekot.
29 And David went up from there and lived in the strongholds of En-gedi.
David drog upp derifrå, og heldt seg so i fjellborgerne i En-Gedi.

< 1 Samuel 23 >