< 1 Mosebog 29 >
1 Derpå fortsatte Jakob sin Vandring og drog til Østens Børns Land.
So tok Jakob i vegen att, og gjekk til han kom til Austmannalandet.
2 Da fik han Øje på en Brønd på Marken og tre Hjorde af Småkvæg, der var lejrede ved den. Ved den Brønd vandede man Hjordene; og over Hullet lå der en stor Sten,
Og då han skoda kring seg, såg han ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen, var stor.
3 som man først væltede bort, når alle Hjordene var samlede, for siden, når Dyrene var vandet, at vælte den på Plads igen.
Og når alle buflokkarne hadde samla seg der, velte dei steinen av brunnen, og vatna feet, og so lagde dei steinen på staden sin att, yver brunnen.
4 Jakob spurgte dem: "Hvor er I fra, Brødre?" De svarede: "Fra Karan!"
Og Jakob spurde deim: «Kvar er de frå, brørne mine?» Då sagde dei: «Me er frå Kharan.»
5 Da spurgte han dem: "Kender I Laban, Nakors Søn?" De svarede: "Ja, ham kender vi godt."
So spurde Jakob: «Kjenner de Laban, son åt Nahor?» Og dei svara: «Ja, me kjenner honom.»
6 Han spurgte da: "Går det ham vel? De svarede: "Ja, det går ham vel; se, hans Datter Rakel kommer netop med Hjorden derhenne!"
«Liver han vel?» spurte Jakob. «Ja, det gjer han, » sagde dei, «og sjå der kjem Rakel, dotter hans, med sauerne.»
7 Da sagde han: "Det er jo endnu højlys Dag og for tidligt at drive Kvæget sammen; vand Dyrene og før dem ud på Græsgangene!"
Då sagde han: «Sjå, soli stend endå høgt; det er ikkje tidi å sanka buskapen endå. Lat sauerne få drikka, og gakk av og gjæt att!»
8 Men de svarede: "Det kan vi ikke, før alle Hyrderne er samlede; først når de vælter Stenen fra Brøndhullet, kan vi vande Dyrene."
«Det kann me ikkje, fyrr alle buflokkarne hev kome i hop, » sagde dei. «Då velter me steinen av brunnen, og vatnar feet.»
9 Medens han således stod og talte med dem, var Rakel kommet derhen med sin Faders Hjord, som hun vogtede;
Medan han stod og tala med deim, kom Rakel med buskapen åt far sin; for det var ho som gjætte.
10 og så snart Jakob så sin Morbroder Labans Datter Rakel og hans Hjord, gik han hen og væltede Stenen fra Brøndhullet og vandede sin Morbroder Labans Hjord.
Og då Jakob såg Rakel, dotter åt Laban, morbror sin, og såg buskapen hans, so gjekk han innåt, og velte steinen av brunnen, og vatna feet åt Laban, morbror sin.
11 Så kyssede han Rakel og brast i Gråd;
Og Jakob kysste Rakel, og gråten tok honom.
12 og han fortalte hende; at han var hendes Faders Frænde, en Søn af Rebekka: Da skyndte hun sig hjem til sin Fader og fortalte ham det"
Og Jakob sagde det med Rakel at han var skyld far hennar, og at han var son åt Rebekka. Då sprang ho heim, og sagde det med far sin.
13 og så snart Laban hørte om sin Søstersøn Jakob, løb han ham i Møde, omfavnede og kyssede ham og førte ham hjem til sit Hus. Så fortalte Jakob ham alt, hvad der var sket;
Med same Laban fekk høyra um Jakob, systerson sin, sprang han imot honom, og slo armarne kring honom, og kysste honom mange gonger, og bad honom med seg heim. So fortalde han Laban alt det som hendt hadde.
14 og Laban sagde: "Ja, du er mit Kød og Blod!" Han blev nu hos ham en Månedstid.
Og Laban sagde med honom: «Ja menn er me same folket!» So var han hjå honom ein månads tid.
15 Så sagde Laban til Jakob: "Skulde du tjene mig for intet fordi du er min Frænde? Sig mig. hvad du vil have i Løn!"
Då sagde Laban med Jakob: «Skulde du tena hjå meg for inkje, for di um du er systerson min? Seg ifrå kva du vil hava i løn!»
16 Nu havde Laban to Døtre; den ældste hed Lea, den yngste Rakel;
No hadde Laban tvo døtter; den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.
17 Leas Øjne var matte, men Rakel havde en dejlig Skikkelse og så dejlig ud,
Og Lea var daudøygd, men Rakel var både velvaksi og væn.
18 og Jakob elskede Rakel; derfor sagde han: "Jeg vil tjene dig syv År for din yngste Datter Rakel."
Og Jakob hadde huglagt Rakel, og sagde: «Eg skal tena hjå deg i sju år, fær eg Rakel, den yngste dotteri di.»
19 Laban svarede: "Jeg giver hende hellere til dig end til en fremmed; bliv kun hos mig!"
Og Laban svara: «Det er betre eg gjev deg henne, enn at eg gjev henne til ein framand mann. Ver du hjå meg!»
20 Så tjente Jakob syv År for Rakel; og de syntes ham kun nogle få Dage, fordi han elskede hende.
So tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åri tykte han var som nokre få dagar, av di han var so sæl utav henne.
21 Derefter sagde Jakob til Laban: "Giv mig min Hustru, nu min Tjenestetid er ude, at jeg kan gå ind til hende!"
Sidan sagde Jakob med Laban: «Lat meg no få kona mi! for tidi mi er ute, og eg vil taka henne heim til meg.»
22 Så indbød Laban alle Mændene på Stedet til Gæstebud.
Då bad Laban i hop alt folket der i grendi, og gjorde eit gjestebod.
23 Men da Aftenen kom, tog han sin, Datter Lea og bragte hende til ham, og han gik ind til hende.
Og um kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde henne inn til honom, og han sov hjå henne.
24 Og Laban gav sin Datter Lea sin Trælkvinde Zilpa til Trælkvinde.
Og Laban let henne få Zilpa, tenestgjenta si: ho skulde tena hjå Lea, dotter hans, no.
25 Da det nu om Morgenen viste sig at være Lea, sagde Jakob til Laban: "Hvad er det, du har gjort imod mig? Er det ikke for Rakel, jeg, har tjent hos dig? Hvorfor har, du bedraget mig?"
Men um morgonen - sjå, då var det Lea! Då sagde han til Laban: «Kvi hev du fare soleis åt imot meg! Var det ikkje for Rakel eg tente! Kvi hev du svike meg?»
26 Laban svarede: "Det er ikke Skik og Brug her til Lands at give den yngste bort før den ældste;
«Me hev ikkje det for vis her i landet, » svara Laban, «å gifta burt den som yngre er fyre den som er eldre.
27 men lad nu Bryllupsugen gå til Ende, så vil, jeg også give dig hende, imod at du bliver i min Tjeneste syv År til."
Ver no hjå denne til brudlaupsvika er ute, so skal me gjeva deg den andre og, er so at du vil tena hjå meg i sju år til.»
28 Det gik Jakob ind på, og da Bryllupsugen var til Ende, gav Laban ham sin Datter Rakel til Hustru.
Og Jakob gjorde so, og var hjå henne til brudlaupsdagarne var ende. Då gav Laban honom Rakel, dotter si, til kona.
29 Og Laban gav sin Datter Rakel sin Trælkvinde Bilha til Trælkvinde.
Og han let Rakel, dotter si, få Bilha, tenestgjenta si: no skulde ho tena hjå henne.
30 Så gik Jakob også ind til Rakel, og han elskede Rakel højere end Lea. Derpå blev han i Labans Tjeneste syv År til.
Og Jakob tok Rakel og heim til seg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han endå sju år til hjå Laban.
31 Da HERREN så, at Lea blev tilsidesat, åbnede han hendes Moderliv, medens Rakel var ufrugtbar.
Då Herren såg at Lea var vanvyrd, let han henne få born, men Rakel fekk ingi.
32 Så blev Lea frugtsommelig og fødte en Søn, som hun gav Navnet Ruben; thi hun sagde: "HERREN har set til min Ulykke; nu vil min Mand elske mig!"
Og Lea vart med barn, og åtte ein son, og kalla honom Ruben. «Herren hev set kor vondt eg hev det, » sagde ho, «no kjem mannen min til å halda av meg.»
33 Siden blev hun frugtsommelig igen og fødte en Søn; og hun sagde: "HERREN hørte, at jeg var tilsidesat, så gav han mig også ham!" Derfor gav hun ham Navnet Simeon.
Og ho vart med barn ein gong til, og åtte ein son, og sagde: «Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor gav han meg denne og.» So kalla ho honom Simeon.
34 Siden blev hun frugtsommelig igen og fødte en Søn; og hun sagde: "Nu må da endelig min Mand bolde sig til mig, da jeg har født ham tre Sønner." Derfor gav hun ham Navnet Levi.
Og ho vart med barn endå ein gong, og åtte ein son, og sagde: «No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg.» Difor kalla dei honom Levi.
35 Siden blev hun frugtsommelig igen og fødte en Søn; og hun sagde:"Nu vil jeg prise HERREN!" Derfor gav hun ham Navnet Juda. Så fik hun ikke flere Børn.
Og ho vart med barn fjorde gongen, og åtte ein son, og sagde: «No vil eg lova Herren.» Difor kalla ho honom Juda. So fekk ho ikkje fleire born då.