< 1 Mosebog 24 >
1 Abraham var blevet gammel og til Års, og HERREN havde velsignet ham i alle Måder.
Abraham var gamall og langt uti åri. Men Herren hadde velsigna honom i eitt og alt.
2 Da sagde Abraham til sin Træl, sit Hus's ældste, som stod for hele hans Ejendom: "Læg din Hånd under min Lænd,
Og Abraham sagde med tenaren sin, han som var den eldste i huset og rådde yver alt det han åtte: «Kjære deg, legg handi di i fanget mitt,
3 så jeg kan tage dig i Ed ved HERREN, Himmelens og Jordens Gud, at du ikke vil tage min Søn en Hustru af Kana'anæernes Døtre. blandt hvem jeg bor,
so vil eg taka ein eid av deg ved Herren, som er Gud i himmelen og Gud på jordi, at du ikkje skal lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med;
4 men drage til mit Land og min Hjemstavn og tage min Søn Isak en Hustru derfra!"
men til heimlandet mitt og til mitt eige folk skal du fara og festa ei kona åt Isak, son min.»
5 Da sagde Trællen: "Men hvis nu Pigen ikke vil følge mig her til Landet, skal jeg så bringe din Søn tilbage til det Land, du vandrede ud fra?"
Då sagde tenaren med honom: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg hit til dette landet, skal eg då taka son din attende til det landet som du er komen ifrå?»
6 Abraham svarede: "Vogt dig vel for at bringe min Søn tilbage dertil!
Og Abraham svara: «Vara deg, so du ikkje fer dit att med son min!
7 HERREN, Himmelens Gud, som tog mig bort fra min Faders Hus og min Hjemstavns Land, som talede til mig og tilsvor mig, at han vil give mit Afkom dette Land, han vil sende sin Engel foran dig, så du kan tage min Søn en Hustru derfra;
Herren, Gud i himmelen, som tok meg ut or farshuset mitt og fødesheimen min, og som tala til meg, og svor meg til og sagde: «Di ætt vil eg gjeva dette landet» - han skal senda sin engel fyre deg, so du der finn ei kona åt son min.
8 men hvis Pigen ikke vil følge dig, så er du løst fra Eden til mig; men i intet Tilfælde må du bringe min Søn tilbage dertil!"
Men vil ikkje ho fylgja deg, so skal du vera løyst ifrå eiden, berre far ikkje dit att med son min!»
9 Da lagde Trællen sin Hånd under sin Herre Abrahams Lænd og svor ham Eden.
Då lagde tenaren handi si i fanget åt Abraham, husbonden sin, og svor honom eiden på dette.
10 Derpå tog Trællen ti af sin Herres Kameler og alle Hånde kostbare Gaver fra sin Herre og gav sig på Vej til Nakors By i Aram Naharajim.
So tok tenaren ti kamelar, av deim som husbonden hans åtte, og for av garde, og med seg hadde han alle slag gilde ting, som høyrde husbonden hans til; og han tok ut, og for til Mesopotamia, til byen hans Nahor.
11 Uden for Byen lod han Kamelerne knæle ved Brønden ved Aftenstid, ved den Tid Kvinderne går ud for at hente Vand;
Og han let kamelarne leggja seg ned utanfor byen, innmed vatsbrunnen; det var i kveldingi, det bilet då kvendi plar koma ut og henta vatn.
12 og han bad således: "HERRE. du min Herre Abrahams Gud, lad det lykkes for mig i dag og vis Miskundhed mod min Herre Abraham!
Og han sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min, å, lat det laga seg godt for meg i dag, og gjer vel imot Abraham, husbonden min!
13 Se, jeg stiller mig her ved Vandkilden, nu Bymændenes Døtre går ud for at hente Vand;
Sjå, no stend eg her innmed vatskjelda, medan døtterne åt bymennerne kjem ut etter vatn.
14 og siger jeg nu til en Pige: Hæld din Krukke og giv mig at drikke! og siger så hun: Drik kun, og jeg vil også give dine Kameler at drikke! lad det da være hende, du har udset til din Tjener Isak; således vil jeg kunne kende, at du har vist Miskundhed mod min Herre!"
Lat det då vera so, at den møyi som eg segjer dette med: «Kjære væne, halla på krukka di, og lat meg få drikka!» og som svarar: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka!» - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du vil gjera vel mot husbonden min!»
15 Knap var han færdig med at bede, se, da kom Rebekka, en Datter af Betuel, der var en Søn af Abrahams Broder Nakors Hustru Milka, gående med Krukken på Skulderen,
Og sjå: fyrr han hadde tala til endes, bar det so til at Rebekka, dotter hans Betuel, son åt Milka og Nahor, bror hans Abraham, kom ut, med krukka si på oksli.
16 en såre smuk Kvinde, Jomfru, endnu ikke kendt af nogen Mand. Hun steg ned til Kilden, fyldte sin Krukke og steg op igen.
Det var ei ovvæn gjenta, ei ungmøy, som ingen kar hadde vore nær. Ho gjekk ned til kjelda, og fyllte krukka si, og kom upp att.
17 Da ilede Trællen hen til hende og sagde: "Giv mig lidt Vand at drikke af din Krukke!"
Då sprang tenaren imot henne og sagde: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di!»
18 Hun svarede: "Drik, Herre!" og løftede straks Krukken ned på sin Hånd og lod ham drikke;
Og ho sagde: «Drikk, gode herre!» og ho skunda seg og tok krukka si ned i handi og gav honom drikka.
19 og da hun havde slukket hans Tørst, sagde hun: "Jeg vil også øse Vand til dine Kameler, til de har slukket deres Tørst."
Og då han hadde drukke seg utyrst, sagde ho: «No skal eg henta vatn åt kamelarne dine og, til dei fær nøgdi si.»
20 Så skyndte hun sig hen og tømte Krukken i Truget og løb tilbage til Brønden for at øse, og således øste hun til alle hans Kameler.
So nøytte ho seg og tømde krukka i troi, og sprang so burt til brunnen att etter vatn, og ho brynnte alle kamelarne hans.
21 Imidlertid stod Manden og så tavs på hende for at få at vide, om HERREN havde ladet hans Rejse lykkes eller ej;
Og mannen stirde på henne og tagde; han vilde sjå, um Herren let ferdi hans lukkast, eller ikkje.
22 og da Kamelernes Tørst var slukket, tog han en gylden Næsering, der vejede en halv Sekel, og to Armbånd, der vejede ti Guldsekel, og satte dem på hendes Arme;
Då so kamelarne hadde drukke, tok mannen fram ein gullring, som vog ein halvt lodd, og tvo gullband, som ho skulde hava kring armarne; dei vog ti lodd.
23 og han sagde til hende: "Sig mig, hvis Datter du er! Er der Plads til os i din Faders Hus for Natten?"
Og han sagde: «Kven er du dotter åt? Kjære deg, seg meg det! Hev far din rom til å hysa oss i natt?»
24 Hun svarede: "Jeg er Datter af Betuel, som Milka fødte Nakor;"
Og ho svara: «Eg er dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka.
25 og videre sagde hun: "Der er rigeligt både af Strå og Foder hos os og Plads til at overnatte "
Me hev fullt upp både av halm og for, » sagde ho til honom, «og husrom for dykk hev me og.»
26 Da bøjede Manden sig og tilbad HERREN,
Då lagde mannen seg på kne, og takka Herren og sagde:
27 idet han sagde: "Lovet være HERREN, min Herre Abrahams Gud. som ikke har unddraget min Herre sin Miskundhed og Trofasthed! HERREN har ført mig på Vejen til min Herres Broders Hus."
«Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min! Han hev ikkje gløymt sin nåde og truskap mot husbonden min. Herren hev leidt meg rette vegen fram til brorfolket åt husbonden min!»
28 Pigen løb imidlertid hjem og fortalte alt dette i sin Moders Hus.
Men møyi sprang heim til mor si og fortalde alt dette.
29 Men Rebekka havde en Broder ved Navn Laban; han løb ud til Manden ved Kilden;
Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Og Laban sprang ut til kjelda, til mannen:
30 og da han så Næseringen og Armbåndene på sin Søsters Arme og hørte sin Søster Rebekka fortælle, hvad Manden havde sagt til hende, gik han ud til Manden, som stod med sine Kameler ved Kilden;
då han fekk sjå ringen og gullbandi som syster hans hadde kring armarne, og då han høyrde Rebekka, syster hans, sagde: «Det og det sagde mannen med meg, » so gjekk han og vilde finna mannen, og sjå: der stod han hjå kamelarne attmed kjelda.
31 og han sagde: "Kom, du HERRENs velsignede, hvorfor står du herude? Jeg har ryddet op i Huset og gjort Plads til Kamelerne."
Då sagde han: «Kom inn, du som Herren hev velsigna so rikleg! Kvi stend du her ute? Og eg hev skipa i huset og stelt til rom åt kamelarne!»
32 Så kom Manden hen til Huset og tog Seletøjet af Kamelerne, og Laban bragte Strå og Foder til dem og Vand til Fodtvæt for Manden og hans Ledsagere.
So gjekk mannen inn i huset, og klyvja av kamelarne; og hin kom med halm og for åt kamelarne, og med vatn åt honom og deim som var med honom, til å två føterne i.
33 Men da der blev sat Mad for ham, sagde han: "Jeg vil intet nyde, før jeg har røgtet mit Ærinde!" De svarede: "Sig frem!"
Og dei sette fram mat åt honom; men han sagde: «Eg vil ikkje eta fyrr eg hev bore upp målemnet mitt.» «Seg fram!» sagde hin.
34 Så sagde han: "Jeg er Abrahams Træl.
Då sagde han: «Eg er tenaren hans Abraham.
35 HERREN har velsignet min Herre i rigt Mål, så han er blevet en velstående Mand, og givet ham Småkvæg og Hornkvæg, Sølv og Guld, Trælle og Trælkvinder, Kameler og Æsler
Herren hev storleg velsigna husbonden min, so han hev vorte rik; han hev gjeve honom sauer og naut, og sylv og gull, og drengjer og gjentor, og kamelar og asen.
36 og Sara, min Herres Hustru, har født ham en Søn i hans Alderdom, og ham har han givet alt, hvad han ejer.
Og Sara, kona åt husbonden min, åtte ein son på sine gamle dagar; honom hev han gjeve alt det han eig.
37 Og nu har min Herre taget mig i Ed og sagt: Du må ikke tage min Søn en Hustru blandt Kana'anæernes Døtre, i hvis Land jeg bor;
Og husbonden min tok ein eid av meg og sagde: «Du skal ikkje lata son min gifta seg med nokor av døtterne åt Kana’ans-folket, som eg bur i lag med.
38 Men du skal drage til min Faders Hus og min Slægt og tage min Søn en Hustru derfra!
Men til farshuset mitt skal du fara, og til mi eigi ætt, og festa ei kona åt son min.»
39 Og da jeg sagde til min Herre: Men hvis nu Pigen ikke vil følge med mig?
Då sagde eg til husbonden min: «Men um no ikkje ho vil fylgja meg?»
40 svarede han: HERREN, for hvis Åsyn jeg har vandret, vil sende sin Engel med dig og lade din Rejse lykkes, så du kan tage min Søn en Hustru af min Slægt og min Faders Hus;
Og han sagde med meg: «For Herrens åsyn hev eg ferdast; han skal senda sin engel med deg og lata ferdi di lukkast, so du finn ei kona åt son min av mi eigi ætt og i farshuset mitt.
41 i modsat Fald er du løst fra Eden til mig; kommer du til min Slægt, og de ikke vil give dig hende, er du løst fra Eden til mig!
Då skal du vera løyst ifrå eiden, når du kjem til mi eigi ætt; og vil dei ikkje gjeva deg henne, so er du og løyst ifrå eiden.»
42 Da jeg nu i Dag kom til Kilden, bad jeg således: HERRE, du min Herre Abrahams Gud! Vilde du dog lade den Rejse lykkes, som jeg nu har for!
So kom eg då i dag til kjelda, og eg sagde: «Herre, du som er Gud åt Abraham, husbonden min! Å vilde du lata ferdi mi lukkast for meg!
43 Se, jeg stiller mig her ved Kilden, og siger jeg nu til den Pige, der kommer for at øse Vand: Giv mig lidt Vand at drikke af din Krukke!
Sjå no stend eg her innmed vatskjelda; lat det då vera so: når det kjem ei møy ut etter vatn, og eg segjer med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka litt vatn av krukka di, »
44 og svarer så hun: Drik selv, og jeg vil også øse Vand til dine Kameler! lad hende da være den Kvinde, HERREN har udset til min Herres Søn!
og ho då segjer med meg: «Drikk du, og til kamelarne dine skal eg og henta vatn, » so er ho det vivet som Herren hev etla åt son til husbonden min.»
45 Og knap var jeg færdig med at tale således ved mig selv, se, da kom Rebekka med sin Krukke på Skulderen og steg ned til Kilden og øste Vand, og da jeg sagde til hende: Giv mig noget at drikke!
Fyrr eg fekk sagt alt det eg hadde på hjarta, sjå, då kom Rebekka ut, med krukka si på oksli, og ho gjekk ned til kjelda og auste upp vatn. Og eg sagde med henne: «Kjære væne, lat meg få drikka!»
46 løftede hun straks sin Krukke ned og sagde: Drik kun, og jeg vil også give dine Kameler at drikke! Så drak jeg, og hun gav også Kamelerne at drikke.
Då skunda ho seg og tok krukka si ned av oksli, og sagde: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka.» So drakk eg, og kamelarne gav ho og vatn.
47 Da spurgte jeg hende: Hvis Datter er du? Og hun sagde: Jeg er Datter af Betuel, Nakors og Milkas Søn! Så satte jeg Ringen i hendes Næse og Armbåndene på hendes Arme;
Og eg spurde henne: «Kven er du dotter åt?» «Dotter hans Betuel, son åt Nahor og Milka, » sagde ho. Då sette eg ringen i nosi hennar, og gullbandi på armarne hennar.
48 og jeg bøjede mig og tilbad HERREN, og jeg lovede HERREN, min Herre Abrahams Gud, som havde ført mig den rigtige Vej, så jeg: kunde tage min Herres Broderdatter til hans Søn!
Og eg lagde meg på kne og takka Herren, og eg lova Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, for di han hadde styrt meg på rette vegen til å finna brordotter åt husbonden min for son hans.
49 Hvis I nu vil vise min Herre Godhed og Troskab, så sig mig det, og hvis ikke, så sig mig det. for at jeg kan have noget at rette mig efter!"
Vil de no vera snilde og trugne mot husbonden min, so seg meg det, og vil de ikkje, so seg meg det, so eg kann venda meg på ei onnor leid!»
50 Da sagde Laban og Betuel:"Denne Sag kommer fra HERREN, vi kan hverken gøre fra eller til!
Då svara Laban og Betuel og sagde: «Dette kjem frå Herren! Me kann ingen ting segja deg, korkje vondt eller godt.
51 Der står Rebekka foran dig, tag hende og drag bort, at hun kan: blive din Herres Søns Hustru, således som HERREN har sagt!"
Sjå her hev du Rebekka! Tak henne og far heim att, og lat son åt husbonden din få henne til kona, som Herren hev sagt.»
52 Da Abrahams Træl hørte deres Ord, kastede han sig til Jorden for HERREN.
Då tenaren hans Abraham høyrde dei ordi, lagde han seg å gruve og takka Herren.
53 Derpå fremtog Trællen Sølv og Guldsmykker og Klæder og gav Rebekka dem, og til hendes Broder og Moder uddelte han Gaver.
Og tenaren tok fram sylvty og gullty og væne klæde og gav Rebekka, og mor hennar og bror hennar gav han og gode gåvor.
54 Så spiste og drak han og hans Ledsagere og overnattede der. Da, de var stået op næste Morgen. sagde han: "Lad mig nu fare til. min Herre!"
So åt dei og drakk, han og dei mennerne som var med honom, og dei var der um natti. Men då dei reis upp um morgonen, sagde han: «Lat meg få fara heim att til husbonden min!»
55 Men Rebekkas Broder og Moder svarede: "Lad dog Pigen blive hos os i nogen Tid, en halv Snes Dage eller så, siden kan du drage bort"
Då sagde bror hennar og mor hennar: «Lat møyi få drygja eit bil hjå oss, ei åtte ti dagar; sidan kann du fara!»
56 Da sagde han til dem: "Ophold mig ikke, nu HERREN har ladet min Rejse lykkes; lad mig fare! Jeg vil drage til min Herre!"
Men han sagde med deim: «Heft meg ikkje, no Herren hev late ferdi mi lukkast! Lat meg få taka i vegen og fara heim att til husbonden min!»
57 De svarede; "Lad os kalde på. Pigen og spørge hende selv!"
Då sagde dei: «Me skal ropa på møyi og spyrja henne sjølv!»
58 Og de kaldte på Rebekka og; spurgte hende: "Vil du drage med denne Mand?" Hun svarede: "Ja. jeg vil!"
So ropa dei på Rebekka og sagde med henne: «Vil du fara med denne mannen?» «Ja, det vil eg, » sagde ho.
59 Da tog de Afsked med deres, Søster Rebekka og hendes Amme og med Abrahams Træl og hans Ledsagere;
So bad dei vel fara med Rebekka, syster si, og fostermor hennar, og med tenaren hans Abraham og mennerne hans.
60 og de velsignede Rebekka og sagde: "Måtte du, vor Søster, blive til ti Tusind Tusinder, og måtte dit Afkom indtage dine Fjenders Porte!"
Og dei velsigna Rebekka og sagde med henne: «Du syster vår, måtte du verta til tusund gonger titusund. Og måtte ætti di borgern’ ifrå sine uvener taka!»
61 Så brød Rebekka og hendes Piger op, og de satte sig på Kamelerne og fulgte med Manden; og Trællen tog Rebekka og drog bort.
Og Rebekka og møyarne hennar ferda seg til, og steig på kamelarne, og fylgde mannen. Og tenaren tok Rebekka med seg og for av garde.
62 Isak var imidlertid draget til Ørkenen ved Be'erlahajro'i, og han boede i Sydlandet.
Isak var nyst heimkomen: han hadde vore burt til «Kjelda åt den som liver, og ser meg»; for han budde i Sudlandet.
63 Da han engang ved Aftenstid var gået ud på Marken for at bede, så han op og fik Øje på nogle Kameler, der nærmede sig.
Og Isak gjekk ute på marki og lengta, medan det for til å kvelda. Og då han såg upp og skoda kring seg, sjå, då kom der kamelar.
64 Men da Rebekka så op og fik Øje på Isak, lod hun sig glide ned af Kamelen
Og Rebekka såg upp, og gådde Isak. Då sprang ho ned av kamelen,
65 og spurgte Trællen: "Hvem er den Mand der, som kommer os i Møde på Marken?" Trællen svarede: "Det er min Herre!" Da tog hun sit Slør og tilhyllede sig.
og sagde til tenaren: «Kven er denne mannen som kjem imot oss på marki?» «Det er husbonden min, » sagde tenaren. Då tok ho sløret og hadde attfor andlitet.
66 Men Trællen fortalte Isak alt, hvad han havde udrettet.
So fortalde tenaren Isak alt det han hadde gjort.
67 Da førte Isak Rebekka ind i sin Moder Saras Telt og tog hende til Hustru; og han fik hende kær. Således blev Isak trøstet efter sin Moder.
Og Isak leidde henne inn i den tjeldbudi som Sara, mor hans, hadde havt, og tok Rebekka heim til seg, og ho vart kona hans, og han heldt henne kjær. So fekk Isak trøyst i sorgi yver mor si.