< Første Kongebog 8 >
1 Derpå kaldte Salomo Israels Ældste og alle Stammernes Overhoveder, Israeliternes Fædrenehuses Øverster, sammen hos sig i Jerusalem for at føre HERRENs Pagts Ark op fra Davidsbyen, det er Zion.
Då stemnde Salomo saman styresmennerne i Israel, alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til kongen i Jerusalem; dei skulde henta Herrens sambandskista upp frå Davidsbyen, det er Sion.
2 Så samledes alle Israels Mænd hos Kong Salomo på Højtiden i Etanim Måned, det er den syvende Måned.
Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kong Salomo i helgi i månaden etanim, det er sjuande månaden.
3 Og alle Israels Ældste kom, og Præsterne bar Arken.
Då no alle styresmennerne i Israel kom, tok prestarne upp kista
4 Og de bragte HERRENs Ark op tillige med Åbenbaringsteltet og alle de hellige Ting, der var i Teltet; Præsterne og Leviterne bragte dem op.
og bar Herrens kista og møtetjeldet dit upp saman med alle dei heilaggognerne som var i tjeldet; det var prestarne og levitarne som bar deim upp.
5 Og Kong Salomo tillige med hele Israels Menighed, som havde givet Møde hos ham foran Arken, ofrede Småkvæg og Hornkvæg, så meget, at det ikke var til at tælle eller overse.
Og kong Salomo stod framfor sambandskista i lag med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom. Og dei ofra småfe og storfe i uteljande og ureknande mengd.
6 Så førte Præsterne HERRENs Pagts Ark ind på dens Plads i Templets Inderhal, det Allerhelligste, og stillede den under Kerubernes Vinger;
Prestarne flutte sambandskista inn i koren, i det høgheilage, inn under vengjerne av kerubane, der ho skulde vera.
7 thi Keruberne udbredte deres Vinger over Pladsen, hvor Arken stod, og således dannede Keruberne et Dække over Arken og dens Bærestænger.
For kerubarne breidde ut vengjerne yver den staden der kista stod, so at kerubarne tekte yver både kista og stengerne hennar.
8 Stængerne var så lange, at Enderne af dem kunde ses fra det Hellige foran Inderhallen, men de kunde ikke ses længere ude; og de er der den Dag i Dag.
Stengerne var so lange at ein kunne vel sjå endarne av deim ifrå det heilage framfyre koren, men ikkje lenger ute. Og der vart dei verande til denne dag.
9 Der var ikke andet i Arken end de to Stentavler, Moses havde lagt ned i den på Horeb, Tavlerne med den Pagt, HERREN havde sluttet med Israeliterne, da de drog bort fra Ægypten.
Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo steintavlorne som Moses hadde lagt i henne der ved Horeb den gongen Herren gjorde samband med Israels-borni, då dei drog ut or Egyptarland.
10 Da Præsterne derpå gik ud af Helligdommen, fyldte Skyen HERRENs Hus,
Då no prestarne gjekk ut or heilagdomen, fyllte skyi Herrens hus,
11 så at Præsterne af Skyen hindredes i at stå og udføre deres Tjeneste; thi HERRENs Herlighed fyldte HERRENs Hus.
so prestarne for skyi skuld kunde ikkje standa og gjera tenesta, etter di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.
12 Ved den Lejlighed sang Salomo: HERREN satte Solen på Himlen, men selv, har han sagt, vil han bo i Mulmet.
Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma.
13 Nu har jeg bygget dig et Hus til Bolig, et Sted, du for evigt kan dvæle. Det står jo optegnet i Sangenes Bog.
No hev eg bygt eit hus til bustad åt deg, ein stad der du kann dvelja æveleg.»
14 Derpå vendte Kongen sig om og velsignede hele Israels Forsamling, der imens stod op;
So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.
15 og han sagde: "Lovet være HERREN, Israels Gud, hvis Hånd har fuldført, hvad hans Mund talede til min Fader David, dengang han sagde:
Han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud! Med handi si hev han halde det som han med munnen sin lova David, far min, då han sagde:
16 Fra den Dag jeg førte mit Folk Israel ud af Ægypten, har jeg ikke udvalgt nogen By i nogen af Israels Stammer for der at bygge et Hus til Bolig for mit Navn; men Jerusalem udvalgte jeg til Bolig for mit Navn, og David udvalgte jeg til at herske over mit Folk Israel.
«Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.»
17 Og min Fader David fik i Sinde at bygge HERRENs, Israels Guds, Navn et Hus;
Og David, far min, sette seg nok fyre å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
18 men HERREN sagde til min Fader David: At du har i Sinde at bygge mit Navn et Hus, er ret af dig;
Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev sett deg fyre å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i at du hev fenge sovorne i tankarne.
19 dog skal du ikke bygge det Hus, men din Søn, der udgår af din Lænd; skal bygge mit Navn det Hus.
Men byggja dette huset skal ikkje du; son din, som gjeng ut av dine lender, skal byggja huset for namnet mitt.»
20 Nu har HERREN opfyldt det Ord, han talede, og jeg er trådt i min Fader Davids Sted og sidder på Israels Trone, som HERREN sagde, og jeg har bygget HERRENs, Israels Guds, Navn Huset;
Og Herren hev sett i verk ordet sitt; eg er komen upp i romet etter David, far min, og eg hev sett meg i Israels kongsstol, soleis som Herren lova, og eg hev bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
21 og jeg har der beredt en Plads til Arken med den Pagt, HERREN sluttede med vore Fædre, da han førte dem bort fra Ægypten."
Og der hev eg reidt til eit rom for kista som Herrens samband er i, det som han gjorde med federne våre, den gongen han leidde deim ut or Egyptarland.»
22 Derpå trådte Salomo frem foran HERRENs Alter lige over for hele Israels Forsamling, udbredte sine Hænder mod Himmelen
So stelte Salomo seg fram for Herrens altar rett imot heile Israels-lyden, rette ut henderne sine imot himmelen
23 og sagde: "HERRE Israels Gud, der er ingen Gud som du i Himmelen oventil og på Jorden nedentil, du, som holder fast ved din Pagt og din Miskundhed mod dine Tjenere, når de af hele deres Hjerte vandrer for dit Åsyn,
og sagde: «Herre, Israels Gud! Ingen gud er deg lik, i himmelen der uppe eller på jordi her nede, du som held uppe sambandet og nåden mot tenarane dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta,
24 du, som har holdt, hvad du lovede din Tjener, min Fader David, og i Dag opfyldt med din Hånd, hvad du talede med din Mund.
du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullført med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag.
25 Så hold da nu, HERRE, Israels Gud, hvad du lovede din Tjener, min Fader David, da du sagde: En Efterfølger skal aldrig fattes dig til at sidde på Israels Trone for mit Åsyn, når kun dine Sønner vil tage Vare på deres Vej og vandre for mit Åsyn, som du har gjort.
So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vaktar sin veg so dei ferdast for mi åsyn soleis som du hev gjort det.»
26 Så lad nu, HERRE, Israels Gud, det Ord opfyldes, som du tilsagde din Tjener, min Fader David!
Å, Israels Gud, lat det sannast det ordet som du tala til tenaren din, David, far min!
27 Men kan Gud da virkelig bo på Jorden? Nej visselig, Himlene, ja Himlenes Himle kan ikke rumme dig, langt mindre dette Hus, som jeg har bygget!
Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
28 Men vend dig til din Tjeners Bøn og Begæring, HERRE min Gud, så du hører det Råb og den Bøn, din Tjener i Dag opsender for dit Åsyn;
Men vend deg likevel til bøni åt tenaren din og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn i dag,
29 lad dine Øjne være åbne over dette Hus både Nat og Dag, over det Sted, hvor du har sagt, dit Navn skal bo, så du hører den Bøn, din Tjener opsender, vendt mod dette Sted!
og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
30 Og hør den Bøn, din Tjener og dit Folk Israel opsender, vendt mod dette Sted; du høre den der, hvor du bor, i Himmelen, du høre og tilgive!
Ja, høyr på den påkalling som tenaren din, og Israel, folket ditt, vender mot denne staden; høyr det på den staden du bur i himmelen! Og når du høyrer, so må du tilgjeva.
31 Når nogen synder imod sin Næste, og man afkræver ham Ed og lader ham sværge, og han kommer og aflægger Ed foran dit Alter i dette Hus,
Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han so kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,
32 så høre du det i Himmelen og gøre det og dømme dine Tjenere imellem, så du kender den skyldige skyldig og lader hans Gerning komme over hans Hoved og frikender den uskyldige og gør med ham efter hans Uskyld!
so må du høyra det i himmelen, og setja i verk og døma imillom tenarane dine, med di du segjer den skuldig som saka er og let honom lida for si åtferd, men frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.
33 Når dit Folk Israel tvinges til at fly for en Fjende, fordi de synder imod dig, og de så omvender sig til dig og bekender dit Navn og opsender Bønner og Begæringer til dig i dette Hus,
Når Israel, folket ditt, lid usiger mot fienden, for di dei syndar imot deg, men dei so vender um att til deg og vedkjennest ditt namn og bed og tiggar deg um nåde i dette huset,
34 så høre du det i Himmelen og tilgive dit Folk Israels Synd og føre dem tilbage til det Land, du gav deres Fædre!
so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet du hev gjeve federne deira!
35 Når Himmelen lukkes, så Regnen udebliver, fordi de synder imod dig, og de så beder, vendt mod dette Sted, og bekender dit Navn og omvender sig fra deres Synd, fordi du revser dem,
Når himmelen let seg att, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg mot denne staden med bøn, og dei vedkjennest namnet ditt og vender um ifrå syndi si, av di du audmjuker deim,
36 så høre du det i Himmelen og tilgive din Tjeners og dit Folk Israels Synd, ja du vise dem den gode Vej, de skal vandre, og lade det regne i dit Land, som du gav dit Folk i Eje!
so må du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på; og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
37 Når der kommer Hungersnød i Landet, når der kommer Pest, når der kommer Kornbrand og Rust, Græshopper og Ædere, når Fjenden belejrer Folket i en af dets Byer, når alskens Plage og Sot indtræffer -
Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engsprettor og åmor, eller fienden trengjer folket i det landet der det hev byarne deira, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er -
38 enhver Bøn, enhver Begæring, hvem den end kommer fra i hele dit Folk Israel, når de føler sig truffet i deres Samvittighed og udbreder Hænderne mod dette Hus,
kvar gong det då stig upp ei bøn eller ei audmjuk påkalling frå eit menneskje i heile folket ditt, Israel, som kjenner sitt hjarte-mein og rettar ut henderne sine mot dette huset,
39 den høre du i Himmelen, der, hvor du bor, og tilgive og gøre det, idet du gengælder enhver hans Færd, fordi du kender hans Hjerte, thi du alene kender alle Menneskebørnenes Hjerter,
so må du høyra det i himmelen der du bur, og du må tilgjeva og setja i verk og gjeva kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner hjarta hjå alle folk -
40 for at de må frygte dig, al den Tid de lever på den Jord, du gav vore Fædre.
so dei må ottast deg all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre.
41 Selv den fremmede, der ikke hører til dit Folk Israel, men kommer fra et fjernt Land for dit Navns Skyld, -
Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for namnet ditt skuld
42 thi man vil høre om dit store Navn, din stærke Hånd og din udstrakte Arm - når han kommer og beder, vendt mod dette Hus,
- for dei og kjem til å få høyra um ditt store namn, um di sterke hand og um din strake arm - når han kjem og vender bønerne sine mot dette huset,
43 da høre du det i Himmelen, der, hvor du bor, og da gøre du efter alt, hvad den fremmede råber til dig om, for at alle Jordens Folkeslag må lære dit Navn at kende og frygte dig ligesom dit Folk Israel og erkende, at dit Navn er nævnet over dette Hus, som jeg har bygget.
so må du høyra i himmelen der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.
44 Når dit Folk drager i Krig mod sin Fjende, hvor du end sender dem hen, og de beder til HERREN, vendt mod den By, du har udvalgt, og det Hus, jeg har bygget dit Navn,
Når folket ditt fer ut i herferd mot fienden sin på den vegen du sender deim, og dei so bed til Herren med andlitet mot denne byen du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
45 så høre du i Himmelen deres Bøn og Begæring og skaffe dem deres Ret!
so må du i himmelen høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin.
46 Når de synder imod dig thi der er intet Menneske, som ikke synder - og du vredes på dem og giver dem i Fjendens Magt, og Sejrherrerne fører dem fangne til Fjendens Land, det være sig fjernt eller nær,
Når dei syndar imot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til fiendeland langt av leid eller nær ved,
47 og de så går i sig selv i det Land, de er bortført til, og omvender sig og råber til dig i Sejrherrernes Land og siger: Vi har syndet, handlet ilde og været ugudelige!
og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege, »
48 når de omvender sig til dig af hele deres Hjerte og af hele deres Sjæl i deres Fjenders Land, som de bortførtes til, og de beder til dig, vendt mod deres Land, som du gav deres fædre, mod den By, du har udvalgt, og det Hus, jeg har bygget dit Navn
og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl der i fiendeland hjå deim som hev ført deim i trældom, og bed til deg med andlitet imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut og det huset som eg hev bygt åt namnet ditt,
49 så høre du i Himmelen, der, hvor du bor, deres Bøn og Begæring og skaffe dem deres Ret,
so må du i himmelen, der du bur, høyra bøni og påkallingi deira og hjelpa deim til retten sin,
50 og du tilgive dit Folk, hvad de syndede imod dig, alle de Overtrædelser, hvori de gjorde sig skyldige imod dig, og lade dem finde Barmhjertighed hos Sejrherrerne, så de forbarmer sig over dem;
og tilgjeva folket ditt det dei hev synda imot deg og all den misgjerd dei hev gjort i mot deg, og lata deim finna miskunn hjå deim som held deim i band, so dei gjer sælebot på deim;
51 de er jo dit Folk og din Ejendom, som du førte ud af Ægypten, af Smelteovnen.
for dei er ditt folk og din arv, som du leidde ut or Egyptarland, midt ut or jarnomnen.
52 Lad dine Øjne være åbne for din Tjeners og dit Folk Israels Begæring, så du hører dem, hver Gang de råber til dig.
Ja, gjev augo dine må vera opne for påkallingi åt tenaren din og folket ditt, Israel, so du høyrer på deim so tidt som dei ropar til deg.
53 Thi du har udskilt dem fra alle Jordens Folkeslag til at være din Ejendom, som du lovede ved din Tjener Moses, da du førte vore Fædre bort fra Ægypten, Herre, HERRE!"
For du hev skilt deim ut ifrå alle folk på jordi, so dei skal vera din arv soleis som du hev tala gjenom Moses, tenaren din, då du leidde federne våre ut or Egyptarland, Herre, Herre!»
54 Da Salomo var færdig med hele denne Bøn og Begæring til HERREN rejste han sig fra Pladsen foran HERRENs Alter, hvor han havde ligget på Knæ med Hænderne udbredt mod Himmelen.
Og då Salomo hadde enda heile denne bøn og audmjuke påkalling til Herren, reis han upp frå Herrens altar, der han hadde lege på kne med henderne utbreidde imot himmelen.
55 Derpå trådte han frem og velsignede med høj Røst hele Israels Forsamling, idet han sagde:
Og han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sagde:
56 "Lovet være HERREN, der har givet sit Folk Israel Hvile, ganske som han talede, uden at et eneste Ord er faldet til Jorden af alle de herlige Forjættelser, han udtalte ved sin Tjener Moses.
«Lova vere Herren, som hev gjeve folket sitt, Israel, ro, plent som han hev sagt! Ikkje eitt ord hev vorte um inkje av alt det gode han hev lova ved Moses, tenaren sin.
57 HERREN vor Gud være med os, som han var med vore Fædre, han forlade og forstøde os ikke,
Måtte Herren, vår Gud, vera med oss, som han hev vore med federne våre, og ikkje venda seg frå oss eller støyta oss burt,
58 at vort Hjerte må drages til ham, så vi vandrer på alle hans Veje og holder hans Bud, Anordninger og Lovbud, som han pålagde vøre Fædre!
men bøygja hjarta vårt til seg, so me gjeng på alle hans vegar og held hans bod og fyreskrifter og rettar, som han gav federne våre.
59 Måtte disse Bønner, som jeg har opsendt for HERRENs Åsyn, være nærværende for HERREN vor Gud både Nat og Dag, så han skaffer sin Tjener og sit Folk Israel Ret efter hver Dags Behov,
Og måtte desse ordi mine, som eg audmjukt hev bede for Herrens åsyn, vera nærverande for Herren, vår Gud, både dag og natt, so han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira etter som det trengst kvar dag,
60 for at alle Jordens Folk må kende, at HERREN og ingen anden er Gud.
so at alle folk på jordi må skyna at Herren er Gud og ingen annan.
61 Og måtte eders Hjerte være helt med HERREN vor Gud, så I følger hans Anordninger og holder hans Bud som i Dag!"
Og de må gjeva dykk til Herren, vår Gud, med heile dykkar hjarta, so de ferdast i hans fyreskrifter og held hans bod som de gjer i dag.»
62 Kongen ofrede nu sammen med hele Israel Slagtofre for HERRENs Åsyn.
Og kongen og heile Israel med honom ofra slagtoffer for Herrens åsyn.
63 Til de Takofre, Salomo ofrede til HERREN, tog han 22 000 Stykker Hornkvæg og 12 000 Stykker Småkvæg. Således indviede Kongen og alle Israeliterne HERRNs Hus.
Til det takkofferet som Salomo ytte Herren, tok han tvo og tjuge tusund stykke storfe og eit hundrad og tjuge tusund stykke småfe. Soleis vigde kongen og heile Israels-lyden Herrens hus.
64 Samme Dag helligede Kongen den mellemste Del af Forgården foran HERRENs Hus, thi der måtte han ofre Brændofrene, Afgrødeofrene og Fedtstykkerne af Takofrene, da Kobberalteret foran HERRENs Åsyn var for lille til at rumme Ofrene.
Same dagen helga Salomo den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus; for der ofra han brennoffer, grjonoffer og feittstykke av takkofferet, etter di koparaltaret, som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma brennofferet og grjonofferet og feittstykki av takkofferi.
65 Samtidig fejrede Salomo i syv Dage Højtiden for HERREN vor Guds Åsyn sammen med hele Israel, en vældig Forsamling (lige fra Egnen ved Hamat og til Ægyptens Bæk).
På den tid høgtida Salomo helgi saman med heile Israel - ein stor møtelyd like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken - framfor Herren, vår Gud, i sju dagar og endå i sju dagar, fjortan dagar i alt.
66 Ottendedagen lod han Folket gå, og de velsignede Kongen og drog hver til sit, glade og vel til Mode over al den Godhed, HERREN havde vist sin Tjener David og sit Folk Israel.
Den åttande dagen let han folket fara, og dei bad velliva med kongen og tok heim kvar til seg, glade og velnøgde for alt det gode som Herren hadde gjort imot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.